Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) deler bekymringa for ei psykisk helsekrise etter pandemien.
NPK-NTB
NPK-NTB

– Eg deler bekymringa for den utviklinga vi har sett, spesielt siste halvdel i 2020, sa Høie i spontanspørjetimen i Stortinget onsdag.

Han viste til ein auke i talet på tilvisingar av unge som er meir alvorleg psykisk sjuke enn tidlegare. Ifølgje Høie kan det godt tenkjast at dette er ein konsekvens av strenge smitteverntiltak.

– For dei aller fleste av oss er det tungt slik vi har levd no i eit år. Men for somme blir det så alvorleg at det òg utløyser alvorleg sjukdom. Og då er det viktig at dei får hjelp.

Lovar ikkje krisepakke

Nicholas Wilkinson. Foto: SV/Wikimedia Commons/ CC BY-SA 2.0

Høie vart utfordra av SVs stortingsrepresentant Nicholas Wilkinson, som ville ha svar på om regjeringa ville komme med ein eigen krisepakke for psykisk helsevern.

– Vi har ei psykisk helsekrise. I går, på NRK, høyrde vi frå vaksne som jobbar i Kors på halsen at fleire barn tenkjer på å ta sitt eige liv på grunn av pandemien og tiltaka. Mange er einsame og er psykisk sjuke, sa Wilkinson.

Høie kom ikkje med løfte om ein eigen krisepakke for psykisk helse, men påpeika at regjeringa allereie har auka løyvingane betydeleg til sjukehus, kommunar og frivillige.


F.v. Helsesista Tale Maria Krohn Engvik (Foto: Ingvild Eide Leirfall) og Line Toft, kommunikasjons- og innsamlingssjef i Mental Helse Ungdom (Foto: privat).

LES OGSÅ

ANNONSE