«No er det på høg tid å stille TikTok til ansvar»

Lea Mariero
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

TikTok har fjerna innhald frå framsida basert på kroppsform som ikkje følgjer idealet, funksjonsnedsetjingar og LHBT+innhald. TikTok bidreg på denne måten til å undertrykkje det som går utanfor norma.

Algoritmane fører til at det vert skapt ekkokammer for skadeleg innhald. TikTok tek verken ansvar for dette eller skadelege trendar som har teke av. Utover dette tillet appen reklame for appar og spel, der målet er å endre utsjånad og kropp.

Det er mange gode grunnar til at TikTok er ein av dei tre nominerte til årets Gullbarbie-pris.

2 milliardar nedlastingar

I 2020 var TikTok det sjette mest populære sosiale mediet i verda. I oktober 2020 oversteig TikTok over 2 milliardar nedlastingar globalt, medan appen har over 800 millionar aktive brukarar. Dette er dermed meir enn Reddit, Snapchat og Linkedin.

I tillegg vert TikTok brukt i meir enn 154 ulike land. 90 prosent av brukarane på TikTok seier dei brukar appen dagleg, og gjerne fleire gongar dagleg òg. Appen er særleg populær blant barn og unge.

TikTok er altså ei av dei største sosiale medieplattformene i verda, og dei er nøydde til å ta litt ansvar.

Skadelege trendar

Skadelege trendar som «What I eat in a day» spreier seg i rekordfart på plattforma. Andre døme er at du berre er tynn nok om du får øyrepluggar rundt midja, eller får på deg eit belte om du tek ei pute framfor kroppen. 

Dette er trendar som byggjer opp under idéen om at det er ein riktig måte sjå ut på, og at kroppen din må passe i desse trendane om du skal vere bra nok.

62 prosent av brukarane til TikTok er mellom 10 og 29 år, og 32 prosent er mellom 10 og 19 år, ifølgje Omnicore. Det er altså barn og unge som i stor grad utgjer brukarane, og desse har rett på særleg vern.

No er det på høg tid å stille TikTok til ansvar.

TikTok tillet òg reklame for appar og spel som har som mål å endre på kropp og utsjånad. Blant anna reklame for spel retta mot små barn, der du skal leike plastisk kirurg og endre utsjånad slik at ein vert «penare».

Det er ikkje gale å tene pengar på reklame, men det er gale å tene pengar på reklame som går på kostnad av barn og unge si psykiske helse, og det er nettopp det TikTok gjer. 

No er det på høg tid å stille TikTok til ansvar.

Eit sosialt medium som tener millionar på mellom anna skadeleg reklame retta mot barn og unge, og som fjernar innhald frå framsida basert på kroppsform som ikkje følgjer idealet, funksjonsnedsetjingar og LHBT+-innhald.

Skadelege trendar spreier seg i rekordfart og dei tek ikkje ansvar for det. Difor er TikTok nominert til Gullbarbie.


Har du noko på hjarta? Send inn til: tips @ framtida.no!