«Sophie Elise AS må kunne forsvara reklamane og annonsane som vert presenterte»

Lea Mariero
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Reaksjonane har vore mange etter at det blei offentleggjort at Sophie Elise AS var ein av de tre nominerte kandidatane til årets Gullbarbie-pris.

Mellom anna har Sofie Steen Isachsen sjølv uttala at: «Jeg ble kjempelei meg da jeg fikk mailen om nominasjonen», og at: «i mye av det jeg gjør er jeg selvironisk. Jeg prøver å gjøre ting med ironi og distanse».

Bedrifta Sophie Elise AS

Tusenvis av ungdom har nominert Sophie Elise AS på bakgrunn av annonsering med fokus på kropp og seksualisering. Dette bør bedrifta ta på alvor.

Først og fremst vil vi understreka at det er bedrifta Sophie Elise AS som er nominert.

Kva Isachsen vel å publisera av innhald som ikkje er annonsar er ikkje det vesentlege i denne samanhengen, sidan dette ikkje er bakgrunnen for at Sophie Elise AS er nominert til Gullbarbie.

Isachsen er ei utruleg dyktig businesskvinne, som også kjempar for mange viktige saker. Likevel er Sophie Elise AS ei millionbedrift som mellom anna tener pengar på å selja produkt til følgjarane sine. For å selje desse produkta har bedrifta lagt ut reklameinnhald som i stor grad har spelt på unødvendig seksualisering og kropp.

«Årets business»

For å forsvara den utstrekte bruken av seksualisert reklame og promotering av eit uoppnåeleg skjønnheitsideal uttala Isachsen til Nettavisen at mesteparten av inntektene ikkje kjem frå desse annonsane, men frå boksal.

Om bedrifta si største inntekt kjem frå boksal eller annonsering er eigentleg ikkje relevant.

Innhaldet og dei skadelege innlegga vert produserte i stor skala, og dukkar jamleg opp i feeden til barn og unge uansett kor mykje eller lite inntekter det gir samanlikna med andre aktivitetar i bedrifta.

Sjølv om Isachsen har rett i at ho er 26 år gamal, er ho også dagleg leiar i selskapet Sophie Elise AS

 

Isachsen sitt svar til VG på at ho var nominert var mellom anna at: «jeg er en 26 år gammel jente som prøver å finne min vei i livet».

Sjølv om Isachsen har rett i at ho er 26 år gamal, er ho også dagleg leiar i selskapet Sophie Elise AS, kåra til Norges mektigaste mediekvinne og har vunne prisen «Årets business».

Ein kan ikkje velje når ein er privatperson og når ein er bedrift etter når det passar seg. Sophie Elise AS må kunne forsvara reklamane og annonsane som vert presenterte på bedrifta sine kontoar.

Kynisk salsstrategi

Mykje av annonseinnhaldet som vert posta på Instagram-brukaren er svært problematisk. I dagens samfunn blir vi presentert for ei verkelegheit om at vi ikkje er bra nok som vi er, men om vi berre brukar DENNE rabattkoden, så kan vi kome nærare idealet.

Å kombinere reklamar og annonsar, som er pengar som går rett til Sophie Elise AS, med seksualisering og kropp kan forsterka dette inntrykket betydeleg. Vi er difor svært skeptiske til det vi meiner er eit overdrive fokus på kropp og seksualitet i reklamane lagt ut på @sophieelise.

Det er ein målretta og kynisk strategi for å selje unge jenter skjønnheitsprodukt

Når bilete av ei halvnaken Isachsen i seksualiserte posisjonar dukkar opp i feeden, medan det blir reklamert for skjønnheitsproduktet Glöd og korleis det gjer nettopp DEG lukkelegare, så handlar det ikkje om Isachsen sin personlege seksualitet.

Det sel også resten av biletet som ein idé om korleis du kan bli ein penare versjon av deg sjølv. Desse bileta er ikkje tilfeldig valde – det er ein målretta og kynisk strategi for å selje unge jenter skjønnheitsprodukt. Isachsen sjølv verkar blind for korleis desse reklamane og annonsane bidreg til å normalisera det same skjønnheitsidealet som dominerer kvardagen til mange barn og unge.

Tek sterk avstand frå personangrep

Vi har også invitert Isachsen, som er dagleg leiar i Sophie Elise AS, til eit møte for å diskutera korleis bedrifta kan bli betre på å ikkje ha reklame og annonsar som spelar på kropp og seksualisering. Bedrifta har ikkje svart på førespurnaden.

Likevel ønskjer Press – Redd Barna Ungdom å understreka at vi ønskjer ein sivilisert debatt. Vi tek sterk avstand frå personangrep og hets Isachsen opplever. Debatten skal ikkje handle om Isachsen som person, og vi ber alle støttespelarar av Gullbarbie-prisen bidra til å halde denne debatten til det det skal handle om; nemleg reklame- og mediebransjens ansvar.

Sjå Sophie Elise Isachsen ta tak i kritikken om kroppspress i slutten av videoen (22.58):


Har du noko på hjarta? Send inn til: tips @ framtida.no!