«Gjennom sin bruk av one size fremmar Brandy Melville eit svært einsidig skjønnheitsideal»

Lea Mariero
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Fleire gongar har vi kunne sjå nyheitsartiklar om lange køar utanfor Brandy Melville i Bogstadveien, og om ventetider for å kome inn i butikken på fleire timar.

Det er dermed ingen tvil om at klesmerket har blitt populært blant unge jenter, trass i at det altså berre finnast éin fysisk butikk i Noreg. Men med denne populariteten følgjer det også eit stort ansvar.

«One size fit all»

Med jamne mellomrom dukkar det også opp lesarinnlegg rundt kontroversane med Brandy Melville. Klesmerket tilbyr nemlig berre éin storleik, og kallar den one size. I fleire butikkar har ein kunne sjå skilt med «one size fits most», medan merket i nokre av lappane i kleda dristar seg til å skrive «one size fit all». Ikkje eingang Brandy Melville er einig i eige premiss.

Det er problematisk når eit så populært klesmerke blant ei ung målgruppe, stengjer store grupper ute.

Brandy Melville bidreg gjennom dette til ein idé om at det finnast berre éin idealkropp – ein perfekt måte ein kan sjå ut. Dette er ei vidareføring av det same skjønnheitsidealet som går igjen frå andre reklame- og medieaktørar.

Marknadsføring på Instagram

Brandy Melville driv ikkje tradisjonell marknadsføring, men dei når likevel effektivt ut til barn og unge.

Dei kan skilte med heile 770.000 følgjarar på sin Instagram for Europa, og ei rekkje partnarskap. Hashtaggen #brandymelville på TikTok har på si side 1,3 milliardar visningar.

Brandy Melville veit akkurat korleis ein best skal nå ut til ei ung målgruppe

Det er tydeleg at Brandy Melville veit akkurat korleis ein best skal nå ut til ei ung målgruppe. Og det er kanskje ikkje så merkeleg, med tanke på at Brandy Melville har ei referansegruppe beståande av unge jenter frå alderen 15 til rundt midten av 20-åra, for å sikre at dei held seg trendy.

Svarar ikkje på kritikk

Om ein tar eit Google-søk på Brandy Melville i eit forsøk på å finne ut kva dei svarar når dei mottek kritikk, kan ein raskt skjøne at ein ikkje kjem til å finne noko resultat.

Brandy Melville har nemleg framleis til gode å svare på kritikk. Når ein har blitt så store innan klesbransjen, er det på tide å ta ansvar for den negative påverknaden ein har på barn og unge si psykiske helse.

Trass i at det er eit italiensk merke, har Brandy Melville gjennom mange år vore mest populært i USA.

I ein årleg rapport frå Piper Sandler om korleis amerikanske tenåringar brukar pengar, var Brandy Melville blant tenåringsjenter sine favorittar i 2020. Dette har også gått igjen i mange år tidlegare.

Dei siste åra har Brandy Melville vekse seg større også i Europa, noko som er tydeleg også utanfor vår eigen butikk i Noreg.

Ingen variasjon i kroppsform eller etnisitet

Gjennom sin bruk av one size på alle klede fremmar Brandy Melville eit svært einsidig skjønnheitsideal gjennomgående på både Instagram og nettside. Det er ikkje variasjon i verken kroppsform eller etnisitet.

Brandy Melville er eit populært merke blant unge jenter, og det er derfor problematisk at dei bidreg til ideen om at det finnast éin idealkropp.


Leiar i Press – Redd Barna Ungdom, Lea Mariero, meiner dgleg leiar i Sophie Elise AS, Sophie Elise Isachsen, bør kunne svara på kritikken om unødig kroppsfokus og seksualisert reklame. Foto: Press, Andrea Rygg Nøttveit