Sophie Elise: – Finare å lesa at Trump er galen på nynorsk enn bokmål

Sophie Elise elskar nynorsk, men sjølv om Harstad-dialekta er ein viktig del av imaget hennar merkar ho at ho har byrja å prata litt «finare».

NPK – Heidi Molstad Andresen
Publisert

– Eg ana ikkje at prisen eksisterte, det må eg jo berre flautt innrømma, så eg såg heller ikkje den komma. Men, då eg fekk e-posten frå Mållaget var det utruleg hyggjeleg, og ikkje heilt sjokkerande. Eg har fått ein del tilbakemeldingar frå dei som brenn for nynorsk, om at dei er takksame for korleis eg fremjar skriftspråket.

I april dukka leiar i Noregs Mållag Peder Lofnes Hauge opp på døra til Sophie Elise med Målblomen.

Ein klok klem

Sophie Elise Isachsen, best kjent som influensar om mote og skjønnheit og omdiskuterte plastiske operasjonar, har også lenge hatt sin eigen bokklubb på sosiale medium.

Då ho i november tilrådde nynorskboka Odelsskam av Maria Lavik og avslutta innlegget med «Jeg elsker å lese på nynorsk», gjekk det ikkje lang tid før det tikka inn ein invitasjon til Dagsrevyen.

Hjå rikskringkastaren slo Isachsen fast at «Nynorsk er som ein klem frå nokon som er klok og varm», før det vart klippa over til sjefen i Samlaget, som konstaterte at salet av Lavik-boka vart seksdobla frå ei veke til den neste etter tilrådinga frå Harstad-jenta.

Bokhandlarar og fleire forlag melde om same Sophie Elise-effekt på andre nynorskbøker ho hadde tilrådd.

– Forløpet er at eg gong på gong har fremja nynorsk litteratur på dei sosiale media mine og oppmoda følgjarane mine til å lesa bøker på nynorsk, fortel influensaren i ein e-post til Nynorsk pressekontor.

– Om eg berre hadde lagt ut ein enkel story med «jeg elsker å lese nynorsk», hadde eg nok ikkje fått han, skriv ho.

Betre skriftleg

For ja, me måtte intervjue ho på e-post. Då me fyra av ein førespurnad til manageren og bad om eit intervju, var det rett nok utan særlege forhåpningar i det heile.

Svaret om at ho var interessert kom overraskande kjapt, og derifrå stod det berre att å lande ei avtale direkte med hovudpersonen.

Isachsen var visstnok så travel at ho ikkje kunne møtast fysisk. Ikkje ville ho la seg intervjue på telefon heller, skulle det vise seg.

Nei, Sophie Elise Isachsen ville helst ha spørsmåla på e-post. Ifølgje seg sjølv er ho «ein distre introvert» og «svarar mykje betre skriftleg».

Slikt gjer ikkje det beste inntrykket på ein journalist, eg må vedgå det. Det er ofte politikarar som vil ha spørsmåla på e-post, slik at dei kan velje vekk spørsmåla dei ikkje likar og vri seg unna oppfølgingsspørsmål. Etter endå eit forsøk på ein telefonprat var eg like langt og sende motvillig av garde ei liste med spørsmål. Svara på alle utfordringar tikka inn nøyaktig 38 minutt seinare.

Hatar å snakka i telefonen

– Kva er det med skriving som gjer at du føretrekker å skrive framfor å snakke? Handlar det om kontroll over korleis du presenterer deg sjølv? Tryggleik? Står du fram annleis/betre/smartare skriftleg enn munnleg? ville eg vite.

 Det handlar mest om at eg hatar å snakka i telefonen. Og eg svarar jo på e-posten din med éin gong, så det er ikkje for å tenkja meg fram til klokare svar. Men eg kunne heller ikkje ha opna meg opp om min eigen skrivestil, utan å faktisk skriva det, svara ho.

– Er det viktig for deg å skriva godt?

– Det er absolutt viktig for meg å skriva godt når eg skriv bøker, men ikkje når eg skriv denne e-posten. Eg finpussar ikkje så mykje, eg skriv rett frå levra samtidig som eg får ein «feeling» undervegs av korleis eg vil byggje det opp, forklarar ho.

– Ein veldig standard «formel» i mine eigne bøker er at eg startar med ei setning, som kjem igjen midt i, og som det òg er naturleg å avslutta med. Det er også ein måte å halda meg sjølv fast i forma på det eg skriv og vita kvar eg skal. Eg elskar når eg kjenner at eg får det til – at teksten eg har skrive er bra, fordi han så tydeleg er meg. Eg skreiv noko i går, eit kapittel eg kalla «med øynene lukket», og der går setninga «en, to, tre – åpne øynene» att fleire gonger i teksten. Setninga er både meint bokstaveleg og som ein metafor. Teksten handlar om noko så overflatisk som å sjå mot sola når ein tek ein selfie, men samtidig om å halda auga attlatne for eigne destruktive tankar. Då eg hadde formulert setninga, tenkte eg «yes, dette er meg».

Flautt og mørkt

Det var under ein tentamen på ungdomsskulen Isachsen oppdaga at ho skreiv betre enn ho prata, fortel ho. Ikkje berre fordi ho enda med å få 6 på stilen, men fordi ho undervegs kjente på ei slik skriveglede at ho svara på alle dei fem alternative oppgåvene i staden for ei, som var kravet. Det var første gongen ho leika seg med form.

– Eg sit aldri med ei fundering på «dette må få meg til å verka kul». Det eg likar med tekst, er at eg kan visa fram det flauaste og mørkaste i meg, utan at det verkar «farleg», fordi eg kan skriva det på ein fin måte. Sjå for deg til dømes Vigdis Hjort fortelja det ho har skrive om, men kjapt og munnleg. Ein hadde kanskje tenkt, kva feilar det deg? Same gjeld Trude Marstein. Begge to er kvinner som skriv om ting som kvinner typisk ikkje skal snakka om. Men, dei skriv det, og det er nydeleg. Eg vil vera som dei.

– Kva var det siste du høyrde eller las der du tenkte: «Dette var godt språk»?

– Nora Eide har skrive ei bok som heiter God mor der ho skildrar korleis ho sit i leilegheita si, midt på dagen, og prøver å amma barnet sitt som berre gret, medan ho tenkjer: «Ser noen dette? Er det ingen som skal se dette? Bør ikke noen se dette?». Eg elskar desperasjonen i dei spørsmåla der, og kor reelt det er, og kor enkelt det er skrive. Eg elska også Erik Eikehaug – Alle elsker Kari, der han skriv «det er strengt tatt ingen jenter som elsker kjærestene sine, det er enklere å elske dem».

Agnes Ravatn er ein favoritt hjå Sophie Elise. Skjermbilete Instagram

Nærare, kanskje?

– Kva er det med nynorsken som gjer at du elskar han, då? Kjenner du til dømes att di eiga dialekt i nynorsken, eller ser du på nynorsk som eit meir framand, men poetisk mål?

– Ja, sei det. Det er kanskje noko med dei nynorske forfattarane eg har lese. Det er ofte litt sarkastiske bøker. Eg synest språket får ein heilt annan «schwung», og mange av dei beste bøkene eg har lese, er jo nettopp på nynorsk. Det kjennest kanskje nærare? Meir personleg? Agnes Ravatn, til dømes. Hadde ho vore like kul om ho skreiv på bokmål? Eg er faktisk ikkje sikker; ho hadde kanskje verka påtatt?

– Mange nynorskingar er minst like opptekne av at nynorsk er eit kvardagsspråk. Funkar nynorsk i skjønnheits- og motebransjen, til dømes?

– Ja, absolutt. Sjølvsagt gjer han det. No har eg ikkje sett så mykje nynorsk i «motebransjen», men eg les berre nyheiter på NRK, som har ein miks av nynorsk og bokmål, utan at det er noko eg tenkjer over. Og no som eg må tenkja over det, liker eg nok betre å lesa nyheiter på nynorsk òg. Det er finare å lesa at Trump er galen på nynorsk enn på bokmål.

– Kva for nynorskord har du tru på som ein god hashtag på sosiale medium?

– Gud, eg har ikkje tru på nokon hashtag!

– Hæ, er hæsjtags ut? Kva skjedde?!?

– Det kan godt henda hashtag er in, eller ut, eg anar ikkje. Eg kunne ikkje gitt meir faen. Når ein må spekulera i kva som blir det neste eller kva som er in og ut, så er ein allereie ut. Ergo, eg er in.

Sjølvhjelp på engelsk

Slik ho hugsar ungdomsåra, gjekk det alltid eit kollektivt sukk igjennom klasserommet då dei skulle ha nynorsk. Men det kan også vera eit forvridd minne, påpeikar ho – og at det var kollektive sukk same kva som stod på timeplanen. Sjølv likte ho alle faga der dei fekk lesa, skriva eller snakka om tekst. Difor hamna også nynorsk høgt opp på lista.

Trass i at ho alltid har lese mykje, også nynorsk, har bokstabelen på nattbordet likevel tidvis vore mest prega av livet som rosabloggar og influensar. Omsett engelsk populærlitteratur og sjølvhjelpsbøker kjem sjeldnare ut på nynorsk av ein grunn, meiner ho:

– Omsetjing frå engelsk til nynorsk kling litt feil for meg. Nynorsk skal vera noko nært. Så i periodar der eg har lese engelsk og sjølvhjelp, har eg ikkje lese nynorsk. Men så plutseleg hamna eg inn i den eine nynorske forfattaren etter den andre, att.

Framsnakkinga av nynorskbøker er på ingen måte meint som eit innlegg i språkdebatten, understrekar Sophie Elise Isachsen. Ho er rett og slett berre litteraturinteressert, til liks med dei mange tusen følgjarane av bokklubben hennar «Litt Sophie». Dei set stor pris på boktilrådingane uansett kva for målform boka er på. Mange av følgjarane skriv òg nynorsk sjølv.

– Det er generelt aldri noko negativt når eg tilrår bøker. Folk elskar det!

Ei nordnorsk forbanning

Isachsen har fått langt meir tyn for måten ho sjølv pratar på. Somme meiner Harstad-dialekten får influensaren til å høyrest sur og bitchy ut.

Det er ho faktisk udelt samd i:

– Dei har jo rett, nordnorsk kan fort høyrast ganske monotont ut, og eg er nok ei av dei som snakkar ekstra «flatt» av natur. Eg kan seia «det er dritfint» og det høyrest heilt likt ut i toneleie som om eg skulle ha sagt «eg hatar det». Folk må faktisk berre høyra på kva eg seier, ikkje måten eg seier det på. Men dialekten er absolutt ein del av meg, og i forlenging av det, ein del av «imaget» mitt. Det er noko folk knyter til meg, og det gjer eg jo sjølv òg.

Ho vedgår samstundes at kommunikasjon er vanskeleg uansett form. Om ein slit med å formulere seg munnleg, er slett ikkje alltid milelange tekstmeldingar eit klokt alternativ.

– Språk i menneskelege relasjonar handlar jo om meir enn berre kva ein seier, men også om korleis ein seier det – som jo nettopp er forbanninga mi – og kven ein seier det til, kva historie du har med den du seier det til og bagasjen deira der og då. Å kommunisera er noko drit om ein overtenkjer.

– Alt i ein videoblogg frå 2011 demonstrerte du språkøyre og at du lett kunne ha bytt til Oslo-dialekt. Var det eit tidspunkt der du seriøst vurderte det?

– Nei, men eg har – utan å leggja merke til det – byrja å snakke litt «finare». I Harstad prata eg mykje breiare. Det hadde kjendest veldig kunstig, og ikkje minst kleint, om eg skulle ha lagt om. I Oslo er det jo så mange dialektar. Om eg hadde levd for 50 år sidan hadde kanskje svaret vore eit anna, men no er det jo veldig akseptert å vera nordnorsk i hovudstaden.

Kjedlegare parodi med Oslo-vest dialekt

– Korleis ville du ha vore om du snakka Oslo vest-dialekt?

– Då hadde eg vore litt kjedelegare som «karakter» i alle fall. Ikkje like enkel å laga parodi og seriar om.

– Kva tenkjer du om at eg no kjem til omsette alle svara dine frå bokmål til nynorsk?

– Det er jo koseleg. Kanskje det gir svara mine nettopp den nemnde «schwungen» ..?