Kvar går grensa på Internett? Digital seksualitet har både fordelar og fallgruver

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mathilde Eriksen er ungdomsskuleansvarleg i Elevorganisasjonen i Troms og Finnmark. Foto: Privat

– Ungdomsskuleelevar er mykje på internett frå før av. Med digital undervisning har det blitt mykje meir. No er dei i snitt over sju timar på nett dagleg. Det som før skjedde ansikt til ansikt, skjer no på internett. Difor er det viktig at ein lærer grensesetting på internett.

Det seier Mathilde Eriksen (19) frå Nordreisa på telefon til Framtida.no.

Ho går VG3 studieførebuande på Nord-Troms vidaregående skole og er ungdomsskuleansvarleg for Elevorganisasjonen i Troms og Finnmark.

Digital seksualitet

I år er tiande året Sex og Politikk tilbyr undervisningsopplegget Veke 6, som er tilpassa elevar frå 1.-10. klasse.

Årets tema er knytt til koronapandemien, og har fått tittel «Trivsel i pandemien» og emneknaggen #DIGseksualitet. Opplegget er delt inn i tre delar der 1.-4. klasse fokuserer på «Nærleik og empati i avstandens tid», 5.-7. klasse på «Pubertet på vent!» og 8.-10. klasse på digital seksualitet.

Mathilde Eriksen gler seg over at seksualundervisningsopplegget fokuserer på digital seksualitet og fløring på nett.

– Dei grensene me har i verkelegheita vert litt meir tydelege og me veit kva som er greitt og ikkje. Men når ein til dømes sender snappar og flørtar, kor går då grensa når ein synest noko er ekkelt? spør 19-åringen.

Ho har inntrykk av at skulane har teke føre seg korleis snakka på nett med folk ein ikkje kjenner, men ikkje korleis ein flørtar på avstand og utviklar eit internettforhold.

Forhold på internett

19-åringen frå Troms peikar på at folk møtest og blir kjent over ulike plattformar som TikTok, chattetenester, Instagram og Snapchat.

– Det har fått større fokus og er nok større enn det ein trur. Lenge var det gamingmiljøa som spela med vener dei aldri møtte i verkelegheita, men no er det blitt vanleg og det er kome for å bli, seier Eriksen.

Ho synest det er mange positive sider ved utviklinga, som at ein raskt kjem i kontakt med folk ein elles aldri ville møtt. Men ho er òg klar over fallgruvene.

– Du kan jo ende opp med å chatte med nokon du ikkje veit kven er og avtala å møtest, så viser det seg at dei ikkje er den dei gjev seg ut for å vere. Folk kan vere falske på internett.

Ibrahim Mursal er utdanna ingeniør og har jobba som filmskapar, noko han òg tek med seg i jobben i Sex og Politikk. Foto: Privat

Empati i pandemiens tid

Kampanjeleiar for Veke 6 i Sex og Politikk, Ibrahim Mursal (31), meiner det er viktig å læra dei yngste om empati med tanke på den nye kvardagen.

– Fysisk kontakt er viktig for utviklinga til små barn, og plutseleg får dei beskjeden om at andre er farlege. Det påverkar empatiforståinga deira og bidreg til mistenkeleggjering av andre.

Både Mursal og ungdomsambassadørane frå Elevorganisasjonen fryktar at seksualundervisninga kan verte nedprioritert under koronapandemien.

– Det er faktisk no dei treng det mest. Seksualundervisning handlar ikkje berre om sex, å tre på eit kondom og kjønnsjukdommar. Det handlar om følelsar, identitet og det å forstå deg sjølv, seier Mursal.

Samtykke og respekt, framfor porno

Kampanjeleiaren meiner god seksualundervisning handlar om å forstå samtykke, og få verkty til å ta gode val for seg sjølv og andre.

– Det er viktig å hugse at ungdom er i ein utforskingsfase, difor må ein ikkje moralisere eller stigmatisere. Ein må gje dei verkty for å ta gode og fornuftige val sjølv, med samtykke frå begge personar, respekt for grensene og forståing for kva som er lov og ikkje, understrekar Mursal.

Han har inntrykk av at mange som til dømes sender vidare nakenbilete, ikkje har nok kunnskap om konsekvensane og at det faktisk er ulovleg.

31-åringen sjølv hadde ikkje seksualundervisning på skulen, noko han ikkje unnar nokon andre.

– Eg måtte finne ut av ting sjølv på internett, blant anna via porno, diverre. Det gjev meg motivasjon, for eg vil ikkje at andre skal måtte gå gjennom dei same usikre, kleine situasjonane, fordi dei ikkje fått tid til å reflekterte sjølv på førehand.

Ronja Larsen (19) frå Stange i Innlandet er sentralstyremedlem i Elevorganisasjonen. Foto: Elevorganisasjonen

Fnising og pubertet på vent

Sentralstyremedlem i Elevorganisasjonen Ronja Larsen (19) hugsar veldig godt første gong ho hadde seksualundervisning på barneskulen.

– Alle sat og fnisa veldig mykje. Eg kan ikkje hugse at me lærte så mykje, me hadde ein lærar som syntest det var veldig kleint å snakke om.

Ho meiner det er viktig at seksualundervisninga ikkje berre fokuserer på det negative, men løftar det positive.

– Me må snakke om valdtekt og å respektere kvarandre sine grenser, men me må òg snakke om det å vere glad i nokon og vise det, seier Larsen.

Personleg brenn ho litt ekstra for elevane på mellomtrinnet som har fått livet sett på vent, midt i puberteten.

– Sjølv om verda stoppar litt opp no og dei sit heime, utviklar kroppen seg og puberteten vert ikkje sett på vent. Dei sit åleine og går gjennom alt det som skjer i kroppen, utan nokon å prate med.

Leiar i Elevorganisasjonen Rogaland, Sondre Undheim Lokøy (18). Foto: Ida Pollestad Brunes

Lite seksualundervisning på vgs

Sondre Undheim Lokøy (18) går òg siste året på vidaregåande og synest seksualundervisninga er altfor dårleg på vidaregåande.

– Me har så og seie ingenting i nokon fag. Me har nokre fagdagar om seksualitet og psykisk helse, som er veldig bra, men eg skulle ynskja det kom meir inn i den tverrfaglege undervisninga, seier 18-åringen.

Han peikar på at mange framleis lurer på kven dei er på vidaregåande, og at det difor er viktig å ha god undervisning om identitet og seksualitet. Det håpar Lokøy dei nye læreplanane med fokus på folkehelse og livsmeistring kan bidra til å betra.

– På generell basis så er det viktig å visa at det er så mykje meir enn prevensjon og kjønnsjukdommar. Ein burde læra meir om sex mellom likekjønna, ulike måtar å identifisere seg på, grensesetting, kva som er greitt for meg og andre, samt respekt for andre, seier 18-åringen, som meiner dette er ein nøkkel til betre folkehelse og trivsel.

Følelsar, uansett kjønn og identitet

Han har inntrykk av at jentene tidlegare har fått gå meir inn i følelsane i kjønnsdelt seksualundervisning, medan det ofte vert meir fokus på det kroppslege for gutane.

– Det er viktig å gå grundig inn i det og læra om grensesetting, det å kunne snakka ope om følelsar, uansett kva kjønn ein er og korleis ein definerer seg, understrekar Lokøy.

Han er oppteken av at ein under pandemien må læra både om grensesetting, men òg inkludering på nett.

– Det er viktig å inkludera folk på sosiale medium og invitera dei med i gruppa. Me må halda rundt kvarandre og ta vare på kvarandre.


Karoline Skarstein (28). Foto: Renate Wiik