Quiz: Er du ein sexpert?

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ta kvissen nederst i saka!

Sex og Politikk sparka måndag 4. februar i gong Uke 6 – ei veke fullspekka med sexsnakk. I 2018 nytta førti prosent av alle grunnskular i landet seksualundervisningsmalen deira, og målet er å nå ut til endå fleire i år.

Undervisningmateriellet kan brukast på alle klassetrinn og har i år hovudtema «positiv seksualitet». Seksualundervisninga skal ikkje berre vere skremselspropaganda med snakk om kjønnsjukdommar og uønskte graviditetar, men også arena der ein skal snakke om den gode og mangfaldige seksualiteten.

Les også: – Altfor mange trur sex handlar om å stikke noko inn i nokon, men det er så breitt. Det handlar om grenser, forelsking og blikk.

Veit ungdomspolitikarane nok om vulva?

Ungdomspartia til noverande regjeringsparti var alle representert i «Så du trur du er ein sexpert». Frå venstre Edel-Marie Haukland, 2. nestleiar frå KRFU, Malin Svinland frå Unge Venstre og Andreas Oftefal i Høyres studenter. Herman Fåne frå FpU var også tilstades. Foto: Ida Johanne Aadland

Det er brei einigheit blant ungdomspartia om at norske elevar må få betre seksualundervisning, men har dei eigentleg peiling sjølv?

For å sjekke vart ungdomspolitikarane invitert til kvissen «Så du trur du er sexpert?». Kvissen hadde tre rundar: «forspelet», «akten» og «klimaks».

Til slutt kunne leiar i Oslo AUF, Tuva Livsdatter Øverås, skilte seg med den gjeve tittelen «Sexperten» blant ungdomspolitikarane.

Øverås er sjølv nøgd med undervisninga ho fekk då ho gjekk på skulen, men seier det desverre var ein tilfeldighet.

– Det er synd at det skal vere så tilfeldig og at det er opp til kvar lærar kor god seksualundervisning elevane får. Seksualitet er noko ein har med seg heile livet, så god undervisning er veldig viktig.

– Kva er omgrepet ein brukar om dei av oss som identifiserer seg som det kjønnet ein vart fødd med? spør Sol Stenslie frå SNU (Seksualpolitisk nettverk for Ungdom). – Cis! svarar Tuva Livsdatter Øverås frå AUF, dagens sexpert. Foto: Ida Johanne Aadland

Det var mange rette, men også ein del feil svar frå ungdomspolitikarane. Er du noko betre? Prøv deg på kvissen! 

Resultat:  

Vurdering:  

Fleire spørsmål finn du på kampanjesidene til Uke 6!