Polen samanliknar seksualundervisning med pedofili

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 18.10.2019 14:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Onsdag var tusenvis av demonstrantar samla i Warszawa og fleire andre polske byar for å demonstrere mot eit nytt lovforslag som sidestiller seksualundervisning med pedofili, melder NTB.

«Stopp pedofili»

Om forslaget går igjennom kan dei som driv med seksualundervisning i skulen risikera inntil tre års fengsel for å «promotera eller godkjenna seksuell aktivitet for mindreårige».

Forslaget som tek sikte på å verna «barn og ungdom mot seksuell forringing» er utarbeidd av ein komité med namnet «Stopp pedofili».

Under emneknaggane #JesieńŚredniowiecza og  har Twitter-brukarar delt videoar av protestane og sine eine reaksjonar

Ein Twitter-brukar fortel at ho lærte at ein kunne døy av aids-epidemien, men ikkje korleis ein kunne unngå hiv-smitte og at det utvikla seg:

Ein annan deler dette hjartesukket:

Andre igjen nyttar humor:

Konservativt parti vil skjerpa straffa

Medan demonstrantane var samla stemte dei folkevalde frå det konservative regjeringspartiet PiS for å jobba vidare med lovforslaget.

Søndag vann partiet, ein marginal siger i parlamentsvalet. Framgangen kan ifølgje Deutche Welle delvis skuldast partiet sine konservative haldningar knytt til homofili og seksualundervisning.

Lova om seksualundervisning var blant dei første på agendaen til partiet, som går inn for å skjerpa straffa til inntil fem års fengsel.

Leiaren av det konservative partiet PiS, Jaroslaw Kaczynski, og resten av parlamentet stemte onsdag 16. oktober for å gå vidare med forslaget som skal gjera det straffbart med fengsel å «promotera seksuell aktivitet for mindreårige». Foto: AP/Czarek Sokolowski)

PiS-politikar: – Overtolking

Den nyvalde PiS-politikaren Marcin Ociepa meiner frykta for at undervisarar kan ende opp i fengsel skuldast ei overtolking av forslaget.

– Dette seier berre at det ikkje er lov å oppmode ein person yngre enn 15 til å ha sex eller utføre andre seksuelle aktivitetar, seier Ocepia, ifølgje Deutsche Welle, til radiokanalen TOK FM.

Meiner du noko om dette eller andre tema? Send oss eit meiningsinnlegg på tips(a)framtida.no!

Les også: Ungdomspartia vil ha gratis prevensjon: – Vaksne forstår ikkje kva sex er for unge i dag

Illustrasjonsfoto: Colourbox.com