Youtubar Arman Surizehi: – Porno er noko nesten alle ser på

Organisasjonen Sex og politikk vil lære unge forskjellen mellom sex og porno. Med seg på laget har dei påverkar Arman Surizehi, som tek temaet opp med folk på gata.

Peder Skjelten
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ein skulle halde på lenge, det skulle vere stort, raskt og hardt. Det er nokre som likar det slik, men eg har skjønt at det ikkje er slik den normale sexen er.

Youtubar Arman Surizehi (27) fortel om inntrykket han fekk av porno då han var yngre. Ingen fortalte han om forskjellen mellom sex og porno. Lenge trudde han det han såg på 10-20 sekunds klipp han lasta ned frå LimeWire var slik sex skulle vere.

Dei siste tiåra opplever fleire unge i Noreg høge krav og forventningar som spelar inn på psyken. Mykje av det er knytt til kropp, identitet og seksualitet.

Organisasjonen Sex og politikk tilbyr no kampanjepakken #forventningsfri til undervisarar, hjelpesjukepleiarar og skuleleiarar for å gjennomføre synlege og engasjerande kampanjar  ved skulane.

Porno på gata

Ein del av årets kampanjeveke tek føre seg forventningar knytt til sex, med påverknaden frå pornografi.

I samband med kampanjeveka har Sex og politikk, saman med skodespelar og influensar Arman Surizehi, laga ein video.

– Porno er noko nesten alle ser på. Sjølv om det ikkje er farleg må ein seie frå til dei yngre om at det er eit skilje mellom dei to, seier Surizehi på telefon til Framtida.

På Youtube har Surizehi kanalen The Arman Show, der han blant anna intervjuer folk på gata om forskjellige tema.

Videoen med Sex og politikk er laga på same måten:

Surizehi meinar det var ein god tilnærming til temaet.

– Eg synest det er eit bra tema å ta opp av Sex og politikk, og ein smart måte å gjere det på. I staden for å berre ha kampanjar på skular har dei i år òg tatt det på sosiale medium og Youtube, der dei yngre brukar tida si.

Pornofiksert

Hanne Kro Sørborg er sexolog og Veke 6-superbrukar. Ho var med i videoen til Surizehi som fagleg ekspert.

Ho fortel at pornobruken blant unge har forandra seg med internett, og er bekymra over korleis pornografi kan påverke sjåarane. No håpar ho å lære unge om skilnaden mellom pornografi og sex.

– Fleire ungdomar har sett mykje pornografi utan å ha kyssa eller halde nokon i handa. Dei får eit pornofiksert bilete av seksualitet før dei har opplevd dei vanlege tilnærmingane, seier Kro Sørborg på telefonen til Framtida.

Hanne Kro Sørborg er sexolog og Veke 6-superbrukar. Foto: Petter Sandel

Ho beskriv porno som ei verkelegheitsflukt, ei oppleving av å svinne inn og bli borte, medan sex er det motsette, å få kontakt med eit anna menneske.

– Eg syntest dei svara bra for seg. Dei var medvitne på at pornografi kan prege sex og hadde fine tankar rundt skilnadar mellom pornografi og sex, seier sexologen.

Må ta porno og sex på alvor

Kro Sørborg seier det er viktig å snakke om sex og pornografi, då det har blitt lett tilgjengeleg for alle nordmenn. Ho seier òg det har blitt vanleg med valdsbruk i mainstream pornografi, som kan ha stor skadeeffekt på unge sitt syn på sex.

– Porno og sex må vi ta på alvor. Det er ein del av den verda unge møter. Vi må vere der og snakke om kva dei ser, seier Kro Sørborg.

Ho trur ikkje at det å nekte unge å sjå pornografi er ein god strategi, men meiner god oppdraging i skilnadar mellom sex og pornografi er som trafikkopplæring.

– Vi let ikkje born sjå racerfilmar som trafikkopplæring. Frå barndomen lærer vi dei å vere i trafikken, sjølv om dei ikkje skal køyre bil på fleire år. Vi gjer dei tilvande i å vere i trafikken. Når dei er gamle nok kan dei ta ein prøve for å få sertifikatet og køyre bil.

Les også: – Når vaksne pratar alvor om sex, så pratar dei til jentene

Inti Chavez Perez er aktuell med boka Respekt – en sexbok for gutter. Foto: Bente Kjøllesdal

Sex og politikk

Sex og Politikk er ein ideell, frivillig og partipolitisk uavhengig organisasjon

Organisasjonen jobbar for å styrke og informere om seksuell og reproduktiv helse og rettigheiter

Sidan 2011 har organisasjonen tilbydd gratis seksualitetsundervisningsmateriale i veke 6

Tilbodet er tilgjengeleg både i og utanfor skular i heile landet

Veke 6 er det mest brukte seksualitetsundervisningsmateriallet i Noreg