Undersøking blant unge: Éin av seks opplevde vald eller overgrep då Noreg stengde
Mange ungdommar rapporterer at dei opplevde vald og overgrep då skulane stengde i mars, ifølgje ein ny forskingsrapport.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Særleg barn og unge i låginntektsfamiliar og funksjonshemma vart ramma av vald og overgrep i denne perioden, melder VG.
Volden skjer heime
3.575 ungdommar i alderen 13–16 år deltok i den digitale undersøkinga, som vart utført av Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress.
Éin av seks sa dei opplevde vald eller overgrep dei to månadene nedstenginga varte. Valden skjedde i all hovudsak heime, ifølgje undersøkinga.
For første gong
– Halvparten av dei som opplyste at dei hadde opplevd seksuelle overgrep på nett, sa dei opplevde det for første gong under nedstenginga i vår, opplyser forskar Gertrud Sofie Hafstad.
Det er Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) som har bestilt rapporten.
– Rapporten underbyggjer det Bufdir har åtvara mot gjennom heile koronaperioden. Krisa rammar dei som i utgangspunktet har eit hjelpebehov ekstra hardt, seier direktør Mari Trommald til VG.