På grunn av allergiar måtte Kari Torsdotter Raudstein (30) skifte yrke frå hudpleiar. Kvardagen som UX-designar har vore over all forventning.
mm
Kari Torsdotter Raudstein

Alder: 30

Frå: Kvinnherad

Yrke: UX-designer i Karabin Sans

Utdanning: Master i informasjonsvitskap

LES FAKTALUKK FAKTA

– Det er kanskje ikkje så lett å forstå kva UX-design er. Nokre trur eg driv med teknologi, medan andre trur eg designar ting. Eg har også opplevd ei slags oppfatning om at ein sit og «gjer ting fint», forklarar Kari Torsdotter Raudstein i ein e-post til Framtida.

Ho jobbar som UX-designar, også kalla interaksjonsdesignar, i selskapet Karabin Sans AS.

Psykologi og digitale løysingar

UX er i denne samanhengen kort for user experience, og UX-design handlar om å betra opplevinga brukarane har av digitale produkt.

– Det ligg mykje psykologi og forsking bak korleis ein best kan lage gode produkt eller teneste, skriv 30-åringen.

Det finst både eittårige program i UX-design og treårig bachelor i interaksjonsdesign, men Raudstein har teke ei mastergrad i informasjonsvitskap ved Universitetet i Bergen.

Hausten 2019 fekk ho jobben i Karabin Sans via ein ho kjende til. Det var medan ho framleis skreiv mastergrad.

– Han bad meg sende cv og søknad ettersom han på det tidspunktet holdt på med å starte opp eit nytt designselskap. Her var eg gjennom nokre intervjurundar og fekk til slutt jobben som UX-designar.

Møter ulike bransjar

Men vegen dit var ikkje rett fram. Raudstein såg føre seg å jobba med menneske og utdanna seg difor først til hudterapeut, men på grunn av allergiar måtte ho finne fram til gamle interesser.

– Som liten var eg veldig glad i å teikne, og laga alltid ting eg til dømes ikkje hadde. Etter kvart vart eg også oppteken av data og syntes det var kjekt å lage heimesider.

– Svarte yrket til forventningane?

– Over all forventning! Er utruleg kor mykje forskjellig ein lærer seg, og ein får oppleve mange ulike bransjar som til dømes har behov for digitalisering eller som treng hjelp til å utvikle produkt og tenester.

Skjermdump frå ein forklaringsvideo Kari Torsdotter Raudstein har vore med å produsera for Digi Vestland.

Brukartesting, design og filmproduksjon

Ein vanleg arbeidsdag kan variera avhengig av kva type prosjekt ein held på med, men det kan til dømes innebera testing saman med brukarar, filmproduksjon, design eller koding av nettsider.

Kari Raudstein sin kollega kollega Herman Andreassen og Amanda som innleigd stemmeskodespelar. Foto: Privat

– Utdanninga var rett med tanke på det eg no jobbar med. Metodar, forsking, koding og anna lærte eg under studieløpet og får stadig bruk for det på arbeid. Einaste eg sakna frå studieløpet var fleire fag som gjekk djupare inn på prototyping og design, men det veit eg det er komme meir av no, forklarar Raudstein.

Lunsjmøte og videosamtalar

UX-designaren er ikkje i tvil om kva som er det beste med jobben:

– Folka må vere det beste. Det er veldig god støtte i dei flinke folka rundt meg, og eg kan alltid slå på tråden om det er noko eg lurer på. Eg får også jobbe i den retninga eg ønskjer, og føler meg sett.

I likskap med dei fleste andre har den største endringa i arbeidskvardagen under korona vore det sosiale.

– Me har brukt mykje videosamtalar før òg, og det er heilt klart effektivt. Men ein mister jo store delar av kroppspråket når ein sit inne i den vesle ruta, skriv ho, og held fram:

– Også dagleg kontakt med kollegaar er jo ikkje like «tilgjengeleg» som når ein sit ved sida av kvarandre på kontoret. Me prøver likevel å ha lunsjmøte saman, og så passar eg på å slå på tråden til kollegaar innimellom, dersom det lar seg gjere.

Kari Torsdotter Raudstein planlegg brukartest på mobile flater med kollega Ask Haukaas. Foto: Privat

Tidsklemma

Draumen vidare er å vere ein driven designar som folk er trygge på, og som kan vere kreativ og lage ting som kan vere verdifullt for andre.

Raudstein opplever stadig kjekke ting på jobb, men når kundar og samarbeidspartnarar er nøgde gjev det ho ekstra mykje.

– Kva er det mest utfordrande med yrket?

– Å få tida til å strekkje til. Som fersk i bransjen er det mykje eg har lyst å prøve eller lære meg, men det er ikkje alltid ein får tid til alt på ein gong.

Raudstein meiner yrket er så mangfaldig, at det kan passa for mange. Å vera løysingsorientert og flink til å samarbeide, meiner ho er kvalitetar som gjer ein god UX-designar.

– Dette, i tillegg til ein god dose kreativitet og at ein finn glede i å skape, då trur eg det kan vere match!

Tips på vegen

Hennar klåre råd til unge som siktar mot yrket er å kome seg gjennom dei vanskelege faga.

– Kanskje verkar dei ikkje relevante her og no, men for meg har dei vore med på å skape ei brei forståing av design- og IT-verda som er lukrativt hjå arbeidsgivarar.

Men det finnast òg snarvegar ein kan ta.

– Om ein ikkje siktar etter eit langt utdanningsløp er det nok lurt å øve seg på å bruke designverktøy, og gjerne ta eit kodekurs dersom ein er interessert i det. Det kan òg vere lurt å prate med folk som driv med det same, kanskje ser dei etter deg!


Det var tilfeldigheiter som gav illustratør Fedor Sapegin sitt første oppdrag som rettsteiknar. Illustrasjon Fedor Sapegin. Foto: Privat
Oppdatert: fredag 12. februar 2021 09.42
ANNONSE