Yrket mitt: Fedor (34) er rettsteiknar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg brukte å gjere det fire gongar årleg og dekte dei viktigaste rettssakene i Noreg, men i takt med at aviser har kutta bemanning har det vorte «once in a blue moon»-type oppdrag.

Illustratør Fedor Sapegin kjem frå Russland og den franske delen av Canada, men bur og jobbar som illustratør i Noreg. Han skriv på engelsk og svara er difor omsett til nynorsk av Framtida.no.

Marsipanklump gav viktig jobb

Det var tilfeldigheiter og talent som bringa han inn i norske rettssalar. For mange år sidan sat den no 34 år gamle illustratøren på ein julefest og fann det for godt å bruka ein klump marsipan til å lage skulpturar av.

– Til slutt vart marsipanklumpen ein byste av ein av gjestene som hadde skjegg og byrja å tiltrekka seg merksemd, skriv Sapegin i ein e-post til Framtida.no.

Ein av gjestene prikka han på skuldra og spurde om han også teikna. Sapegin svara ja og fekk tilbod om jobb med det same.

Det viste seg at kvinna jobba i Dagbladet og saka som kunstnaren hadde fått i oppdrag å dekka var mot 22. juli-terroristen.

Det første oppdraget Fedor Sapegin hadde i ein norsk rettssal var å teikna den omfattande 22. juli-rettssaka. Illustrasjon Fedor Sapegin

– Ei medativ tilstand

Noko av det som overraska illustratøren med jobben er kor fråkopla dei ofte langtekkelege rettssakene kan verke frå den ofte brutale kriminelle handlinga. Og i den ofte lumre og trykka stemninga er det fort at tankane byrjar å vandre.

– Det er som å få beskjed om å vere stille i ei kyrkje i timesvis. Fantasien din byrjar å vandre under stresset. Heldigvis elskar eg å sitje og teikne, så for meg er det nesten ei meditativ tilstand.

Sapegin har opplevd fleire bisarre ting i norske rettssalar, som han ikkje føler passar seg heilt å dela her. Men han kan avsløra kva som er sin favoritteikning gjennom karrieren som rettsteiknar:

– Definitivt denne fyren, som var eit monster: Ein barneovergripar frå Oslo. Teikninga vart aldri publisert og er anonym, men det vart ekstremt Goya-ish og er min favoritt den dag i dag.

Ein heilt vanleg dag

For Sapegin var det jobben som valde han, ikkje han som valde jobben.

– Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut?

– Du møter opp tidleg med veska med papir, blyantar og penslar (eller ein iPad, som er absolutt fantastisk for denne typen jobbar), minglar med kollegaar og stort set sit og teiknar til to eller tre om ettermiddagen og drikk massar av kaffi. Så sender du av garde arbeidet til den det er som betalar deg, saman med ein hyggjeleg faktura, forklarar Sapegin.

Etter middag er det gjerne tid for eit lite kveldsoppdrag i studio.

Illustratøren svarar eit «meh» til spørsmålet om utdanninga førebudde han til yrket.

– Eg meiner arbeidslivet er meir basert på personlege forhold og sin eigen yrkesetikk, seier Sapegin, som likevel har hatt professorar han har lært mykje av, men då gjerne utanfor skuleformatet.

Fedor Sapegin har dokumentert aktørane i nokre av dei mest profilerte rettssakene i media. Her frå Øygarden-rettssaka. Illustrasjon: Fedor Sapegin

Unngår rush-trafikk

34-åringen er ingen fan av rush-trafikk og meiner frilanslivet er den ultimate løysinga på det. Å styre si eiga arbeidstid og ta daglurar er noko han set stor pris på.

– Sjølv om ein kanskje må jobbe 38 timar i strekk no og då, ville eg aldri bytta dette livet for noko anna.

Han får nemleg ta del i dusinar av ulike verder, som krimteiknar, visuell konsulent for storfilmar, reklamefilmar og eigne prosjekt.

Men fridomen med å vere ein kunstnar har sin pris.

– Ingen sjef vil tvinge deg til å skrive ei bok eller starte på eit prosjekt berre du trur på. Difor treng du store mengder sjølvdisiplin for å overleve, forklarar Sapegin.

Han understrekar at det harde arbeidet ikkje alltid vil løna seg og at det er lurt å også trene, for å læra seg ein sjølvdisiplin som kan overførast til arbeidet.

Elskar storyboards

Draumen vidare er å få blest om si framtidige barnebok Gargantua, laga ei ny reisebok om overleving i historiens verste epokar og bevege seg mot filmmediet.

Ifølgje Sapegin er ei av dei mest utbreidde mytane om yrket at ein er fattig. Illustratørar og kunstnarar kan leve finansielt stabile liv, så lenge ein tek nokre frilansjobbar som er litt utanfor kunstnardraumen.

– Personleg har eg vekse inn i å elske desse jobbane, som storyboarding i reklame. Eller filmformat. Du får jobbe med regissørar og leike med leikebilar, sjå føre deg kule monster og biljakter, trekkje våpen, action og generelt lære om visuell dramaturgi frå det beste landet vårt kan tilby.

Beinhard jobbing

– Kven passar yrket for?

– Folk som har ein strekt yrkesmoral, ikkje har noko i mot å arbeide lange dagar åleine og mest av alt, som elskar teikning, bilete og fargar.

– Har du nokre tips til unge som siktar mot denne jobben?

– Ein kombinasjon av dine eigne prosjekt og sidejobbar er essensielt for å lukkast. Du treng å vera finansielt stabil i feltet ditt for å unngå den mordariske bortkastinga av tid og and, som kjem med ein keisam dagjobb.

Han tipsar om å vere klar til å ta jobbar på kort varsel, samt ringja og senda e-postar jamleg.

– Til slutt vil du ha luksusen til å seia nei til det du avskyr mest.

Søk Kulturrådet!

Det viktigaste rådet er å balansera frilansarbeid med eigne prosjekt.

– Sist, men ikkje minst, hald fram å søkja støtte frå Kulturrådet. Du vil sjeldan få det, men ikkje berre gjer det ei stor forskjell om du får det, det er også ein slags zen-prosess å oppsummere kvar du er i eit skriftleg dokument, skriv Sapeging, og legg til:

– Om du ikkje søkjer, får kanskje fiendane dine det, og då vil ein drittidé bli laga istadenfor din fantastiske idé.


Mia Landsem er etisk hackar hjå Orange Cyberdefense. Foto: Orange Cyberdefence