Yrket mitt: Odd-Helge (20) er automatikar

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 26.05.2020 13:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg høyrer av og til at folk trur automatikarar er ein slags elektrikar. Det stemmer ikkje heilt. Ein del av yrket mitt er elektrisk og kan vere litt av det same som ein elektrikar gjer, men automasjon er så mykje meir enn det, fortel Odd-Helge Oksavik Juva på e-post til Framtida.no. 

Den 20 år gamle automatikaren frå Vigra jobbar til dagleg offshore på oljeplattformen Brage i bedrifa Wintershall Dea. Det er same staden der han òg hadde læretida si fram til han tidlegare i år tok fagbrev og vart fagarbeidar. 

Juva fortel at yrket rommar mange ulike disiplinar:

– Vi jobbar nesten med alt mogeleg rart, som pneumatikk, hydraulikk, mekanikk, instrumentering, reguleringsteknikk, logikk og til og med litt røyrlegging!

På denne oljeplattforma har Odd-Helge Juva arbeidskvardagen sin. Foto: Privat

Meir og meir automasjon

Odd-Helge Oksavik Juva visste tidleg at han ville gå eit teknisk fag, og valde elektro-linja då han skulle ta fatt på vidaregåande skule. 

– Akkurat elektro valde eg nok litt fordi min far er utdanna elektrikar og automatikar og eg syntest det høyrtest spennande ut, fortel han. 

Samstundes tykte han automasjon var mest interessant av dei ulike elektrofaga.

– Eg likte at eg blei litt utfordra i faget. Automasjon virka også som eit sikkert valg, for automatisering vil vi sjå meir og meir av i tida framover. 

– Førebudde utdanninga deg på yrket? 

– Skulen la eit godt grunnlag, men det var sjølvsagt nokre ting eg ikkje lærte på skulen som eg fekk lære gjennom læretida i bedrift. For eksempel instrumentrøyrlegging, som også er ein del av automatikaryrket dersom ein jobbar i prosessindustrien.

– Svarte det til forventningane? 

– Så absolutt! Eg hadde høyrd at automasjon var både spennande og variert, noko som viste seg å stemme på ein prikk.

Arbeisdag på 12 timar

20-åringen fortel at arbeidskvardagen som automatikar varierer veldig etter kor ein jobbar. Sjølv er han automatikar innan drift og vedlikehald på ei oljeplattform i Nordsjøen, og arbeider difor turnus. Han er på jobb i to veker og har fri i fire veker.

 Når eg er på jobb har eg 12-timars arbeidsdagar, og ein arbeidsdag kan vere svært ulik frå dag til dag, forklarar Juva.

– Ein dag kan eg utføre rutinemessige kontrollar av viktig utstyr på plattforma, som for eksempel test av brann-og gassvarsling eller trykktesting av transmitterar. Neste dag kan det plutseleg komme eit produksjonsutfall og vi må droppe alt vi har i hendene for å finne feilen. 

Det beste med jobben innan automasjon er varierte arbeidsdagar, fortel Odd-Helge Juva. Foto: Privat

Den varierte arbeidsdagen er noko av det Odd-Helge Juva set aller mest pris på med jobben sin, sjølv om han medgjev at det kanskje høyrest ut som ein klisjé. 

Spanande utstyr og tekniske løysingar er òg noko av det som gjer jobben så interessant, fortel 20-åringen.

– Eg må også seie at eg likar godt å jobbe turnus då dette gir meg ein del fritid heime til å drive med hobbyar og andre engasjement eg har.

– Kva er det mest utfordrande?

– Eg jobbar på ei relativt lita plattform, og vi er difor berre to personar på automasjonsavdelinga. Det gjer at vi driv med veldig mykje forskjellig, som kan vere utfordrande til tider. Det er vanskeleg å verte veldig god på noko når ein må kunne «litt om alt».

Eit yrke som har kome for å bli

– Kven passar yrket for? 

– Eg vil anbefale yrket til deg som har litt teknisk innsikt. Det er ein fordel om du likar å skru og mekke og kan sjå samanhengen mellom idé og ferdig produkt. Det skadar heller ikkje om du er nysgjerrig og kanskje litt oppfinnsam.

– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben? 

 Køyr på! Automasjon er eit breitt yrke som gir deg moglegheiter til mange spanande jobbar. Det kan for eksempel vere ein jobb som eg har innan olje- og prosessindustrien, eller møbelindustrien eller andre bedrifter som bygger automatiserte maskinar. Det er også ei veldig sikker utdanning for framtida: automasjon er nok eit yrke som har kome for å bli!

Ei oppleving det er vanskeleg å gløyme

– Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?

Odd-Helge Juva har ei heilt grei utsikt på arbeid. Foto: Privat

– No har eg ikkje vore i arbeidslivet i meir enn snaue to år, så eg har ikkje så mange utrulege historier å fortelje endå, fortel Juva.

Men det er likevel ein ting 20-åringen frå Sunnmøre hugsar godt – den første helikopterturen til plattforma.

– Vi gjekk på rekke og rad i overlevingsdraktene til helikopteret som stod klart og venta på oss. Helikopteret tek av frå bakken, og det ristar og bråkar ganske mykje. Men så ser eg den fantastiske utsikta ut over Nordsjøen i strålande solskin, og det gjer lett opp for den knappe beinplassen for ein sunnmøring på 1,96.

– Den opplevinga gløymer eg ikkje med det første.

Frå venstre: Hamza Hussain (18) og Hanouk Tewelde (17) er uroa for om dei får læreplassar til hausten. Suleiman Mohammad (17) har på si side bestemt seg for påbygg, slik at han kan studere vidare.

Odd-Helge Oksavik Juva

Alder: 20 år

Frå: Vigra

Yrke: Automatikar

Utdanning: Automatisering