Dette er dei nominerte til Uprisen 2021

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dei fem nominerte bøkene er ulike i både skrivestil og tematikk, og dei vender seg til ulike lesarar. Her er det både spenning og humor, alvor og underhaldning.

Det seier prosjektansvarlig for Uprisen i Foreningen !les, Petra Helgesen, i ei pressemelding. Ho meiner årets nominasjonar viser stor breidde i norsk ungdomslitteratur.

Kandidatane til Uprisen 2021  er:

  • Arvingen (Halve kongeriket 1) av Anne Gunn Halvorsen og Randi Fuglehaug, Aschehoug 2020
  • Alene gjennom av Michael Stilson, Cappelen Damm 2020
  • Utbryterne av Nina Borge, Gyldendal 2020
  • Alexander den store av Peter F. Strassegger, Samlaget 2020
  • Hør her´a! av Gulraiz Sharif, Cappelen Damm 2020

Arvingen

Arvingen av Anne Gunn Halvorsen og Randi Fuglehaug har vore ein av dei store snakkisane innan norsk ungdomslitteratur, som forlaga skal ha slåst om å få gje ut. Boka er første del i serien Halve kongeriket, som handlar om 16 år gamle Lena som forelskar seg i ein fiktiv arveprins til den norske trona.

VGs meinte boka var ein kombinasjon av Gossip Girl, SKAM og Mette Marit si historie og trilla 5-ar på terningen.

Anne Gunn Halvorsen har allereie avslørt kven ho ser føre seg i hovudrolla om boka skulle verte filmatisert.

– Ugbad Musti! Debutalbumet hennar går på repeat her i sommar, og ho er lett landets kulaste tenåring. Perfekt i rolla som tøffe Lena i Arvingen, fortalde Halvorsen til Framtida.no i sommar.

Hør her´a!

Også Hør her´a! av Gulraiz Sharif har begeistra anmeldarane. Vår meldar kalla boka ein nytenkjande debut, som skil seg ut frå mengda.

Til Framtida.no avslørte debutanten kven han ser føre seg i hovudrolla som 15 år gamle Mahmoud Mahrof: Tony Revolori.

Bokdebutant Gulraiz Sharif jobbar til dagleg som lærar. Foto: Åsmund Holien Mo

Alexander den store

Alexander den store av Peter F. Strassegger er einaste nynorskutgjeving på årets liste.

Vår meldar meinte forfattaren skaut blink med sin første ungdomsroman. 

Til Framtida.no avslørte Strassegger at det måtte bli ein ungdom utan skodespelarerfaring, som skulle spelt hovudrolla om romanen vart filmatisert.

– Nett som Justin Pierce gjorde då han blei oppdaga på gata og fekk ein rolle i filmen Kids (1995) der han spelte ein ungdom som nærmast budde på gata, men var flink til å skate og glad i å rusa seg, forklarde han i bokspalta «I bokhylla».

Peter Strassegger (f. 1984) er fødd i Graz, Austerrike og bur på Bryne, der han jobbar som psykolog. I 2012 blei han tildelt Tarjei Vesaas’ debutantpris for romanen Stasia. Aleksander den store er hans første bok for ungdom. Foto: Studio Hjelm, Samlaget

Tidlegare fotballspelar Michael Stilson vann Uprisen for debutromanen Bare spille ball i 2019, og er no nominert på nytt med Alene gjennom.

Utbryterne er Nina Borge sin første roman, men allereie i mars kjem ho ut med ein ny ungdomsroman: Outlaster.

No skal sju juryklassar skal lesa dei nominerte bøkene og kåra vinnaren, som får Uprisen under Litteraturfestivalen på Lillehammer i slutten av mai.

Sigrid Agnethe Hansen (t.v) og Ann Helen Kolås Ingebrigtsen er to populære debutantar. Foto: Fabian Ubeda og Privat/Samlaget