Tidlegare fotballspelar Michael Stilson fekk Uprisen
Michael Stilson fekk prisen for debutromanen Bare spille ball.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– For meg er dette heilt enormt. Eg er veldig glad for at folk som ikkje likar fotball, også har likt å lese denne boka, sa Michael Stilson ifølgje ei pressemelding då han tok imot Uprisen.
Prisen vart delt ut torsdag 23. mai på Litteraturfestivalen i Lillehammer.
Michael Stilson frå Trondheim er tidlegare profesjonell fotballspelar og utdanna lærar. Han har vore på juniorlaget til Rosenorg Ballklubb og seinare spelt for Mjøndalen IF og Ranheim Fotball. I tillegg har han figurert i NRK-serien Stilson på benken og hatt ei lita rolle i NRK-serien Heimebane.
For debutboka «Bare spille ball» har han allerie fått Trollkrittet 2018.
Les også intervjuet med Årets bokmeldar Silje Duus (15): – Eg ber mamma kjøpe bøkene som har fått terningkast 1 og 2 i VG
Spanande og uforutsigbar
Sidan januar i år har sju ungdomsskuleklassar lese og diskutert dei fem nominerte bøkene. I tillegg til Michael Stilson sin debutroman var desse nominerte:
- Sabotør av John S. Jamtli
- Slepp meg av Kathrine Nedrejord
- Den tolvte spelaren av Tor Arve Røssland
- Til ungdommen av Linn Skåber og med illustrasjonar av Lisa Aisato.
Juryen rosar vinnarboka Bare spille ball for å vere spanande og uføreseieleg. Sjølv om boka handlar mykje om fotball meiner juryen at handlinga like godt kunne vore lagt til eit anna miljø. I tillegg til fotball handlar boka om prestasjonspress, kaotisk familieliv, vennskap, forelsking og det å ha høge forventningar til seg sjølv.
Treng du fleire boktips? Her kan du boltre deg.
Fem forskjellige nominerte
Sidan 2007 har ungdom kvart år kåra si favorittbok. Uprisen vert arrangert av Foreningen !les i samarbeid Norsk Litteraturfestival på Lillehammer og Den kulturelle skolesekken.
Arbeidet med kåringa av Uprisen 2019 starta i august 2018. Rundt 900 ungdommar har engasjert seg.
– I år var det fem veldig forskjellige bøker som var nominerte. Alle bøkene skapte engasjement. Klassane var usamde, men etter ein lang og god diskusjon på storjurymøtet klarte vi til slutt å bli samde om ein vinnar, heiter det i grunngivinga til juryen.