Nynorskromanar for unge var blant dei mest lånte i Oslo

Sinne og Ser du dette? er begge på topp ti-listene til Deichman i 2020.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Deichman bibliotek i Oslo er Noregs største folkebibliotek og har publisert listene over dei mest lånte bøkene i 2020. På lista over debutantbøker for barn og unge kjem to nynorske romanar frå Samlaget.

Ser du dette? av Sigrid Agnethe Hansen er den femte mest utlånte debuten for barn og unge. Romanen handlar om spreiing av nakenbilete.

– Eg trur dette med biletspreiing på nett er mykje større enn det vi som vaksne og foreldre klarar å forstå, sa 30-åringen til Framtida.no i samband med debuten.

Framtida sin bokmeldar meinte boka handlar om eit viktig tema, men at karakterane i boka ikkje verkar ferdig utvikla.

Her er dei mest lånte bøkene for vaksne, barn og unge på Deichman bibliotek i 2020:

Debutantbøker for barn og unge

  1. Hør her’a! av Gulraiz Sharif
  2. The pirates are coming! av John Condon
  3. Alma Freng og solfangerne av Ida Tufte Michelsen
  4. Dette blir mellom oss av Alexander Kielland Krag
  5. Ser du dette? av Sigrid Agnethe Hansen
  6. Den hvite hestens hemmelighet av Maren Ørstavik
  7. Hvit av Silje Hansen Flemmen
  8. Sinne av Ann Helen Kolås Ingebrigtsen
  9. Mabel and the mountain av Kim Hillyard
  10. Prompeboka: et leksikon om fjerter av Stine Dreyer

Også Sinne av Ann Helen Kolås Ingebrigtsen handlar om alvorlege tema. Vår bokmeldar Elise Solvåg anbefala alle å lese boka – og førebu seg på å grine litt.

Norsklærar Ann Helen Kolås Ingebrigtsen romandebuterer med «Sinne» om 15 år gamle Synne. Foto: Privat, Samlaget

Skjønnlitteratur for unge

  1. Hør her’a! av Gulraiz Sharif
  2. En ballade om sangfugler og slanger av Suzanne Collins
  3. På vei mot toppen av Angie Thomas
  4. Hva vil folk si av Iram Haq
  5. Dette er ikke oss av Neda Alaei
  6. Alt skal brenne av Sofia Nordin
  7. Dette blir mellom oss av Alexander Kielland Krag
  8. Skitten snø av Mahmona Khan
  9. Enkebyen: de bortførte av Thomas Enger
  10. Arvingen av Anne Gunn Halvorsen

Vår bokmeldar meinte den mest leste ungdomsboka Hør her´a! er ein nytenkjande debut, som skil seg ut frå mengda.

Sjekk òg ut bokhylla til stjerneskotet Gulraiz Sharif, som elskar Dostojevskij.

Foto; Åsmund Holien Mo/Cappelen Dam , Vasily Perov / Offentleg eigedom

Debutantbøker for vaksne

  1. Krypdyrmemoarer av Silje Osnes Ulstein
  2. My dark Vanessa av Kate Elizabeth Russell
  3. En sånn rød amerikansk scooter av Molly Øxnevad
  4. Globus av Sarah Smith Ogunbona
  5. Alle fugler små av Hanne Gellein
  6. Such a fun age av Kiley Reid
  7. Felt av Vilde Fastvold
  8. Jeg har fotografert deg mens du sover av Alicia Thi Nguyen Ryberg
  9. Kroppen er en morder av Kitty Byng
  10. Når jeg drikker av Martin Svedman

Molly Øxnevad (23) frå Stavanger vert spådd ei lys framtid etter debutromanen «En sånn rød amerikansk scooter». Foto: Gyldendal

Skjønnlitteratur for vaksne

  1. Full spredning av Nina Lykke
  2. Tante Ulrikkes vei av Zeshan Shakar
  3. Den tause pasienten av Alex Michaelides
  4. Terapeuten av Helene Flood
  5. Voksne mennesker av Marie Grønborg Aubert
  6. Byens spor. III. Skyggeboken av Lars Saabye Christensen
  7. Jeg foreslår at vi våkner av Beate Grimsrud
  8. Vi er fem av Matias Faldbakken
  9. Gul bok : roman av Zeshan Shakar
  10. Dei sju dørene av Agnes Ravatn

Zeshan Shakar gjorde braksuksess med debuten «Tante Ulrikkes vei» (2017), som har vorte sett opp på teater og no skal filmatiserast. Her er han plassert framfor omslaget til andreboka «Gul bok». Foto: Julie Pike, Gyldendal