Magnus Rotevatn
Publisert
Oppdatert 15.05.2021 11:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Dette er rett og slett ei bok som er for god til å vere slutt etter berre 121 sider»

Peter F. Strassegger har tidlegare skrive fleire bøker for vaksne, og for romanen Stasia vann han Tarjei Vesaas’ debutantpris i 2012. I haust gav han ut sin første ungdomsbok, den heiter Aleksander den store og viser at han òg meistrar å skrive for yngre lesarar.

Frå Sør-Europa til Noreg

Hovudpersonen Aleksander flyttar til Noreg frå eit land i Sør-Europa. Men rett før han drar til Noreg har det skjedd noko forferdeleg i heimlandet, Aleksander vaknar opp i ei sjukehusseng og har vage minne om ein slåstkamp.

Aleksander er ein innbiten og introvert gut, og alt vert ikkje bra sjølv om han kjem til Noreg, Aleksander held fram med å lage bråk og skaffe seg uvenar. Skulen er eit ork, og han høyrer rykte om ein gut som heiter Torve som han må passe seg for.

For god til å slutte

Aleksander den store er ei spennande bok full av av cliffhangerar. Handlinga går fort fram – kanskje litt vel fort, eigentleg skulle eg ønskje at Strassegger oftare lot handlinga stoppa opp eller gå saktare slik at det vart meir tid til å blitt kjend med dei ulike karakterane og boka sitt univers. Dette er rett og slett ei bok som er for god til å vere slutt etter berre 121 sider.

Boka er prega av eit godt språk og gode skildringar. Bileta som Strassegger måler i hovudet på lesaren blandar vakkert norsk landskap saman med tøffe actionscenar. Handlinga i boka er først og fremst fortald gjennom Aleksander sin indre monolog, og me vert godt kjend me hans måte å tenkje på og korleis han ser på verda. Det er eigentleg ikkje plottet som er viktig i denne boka, men Aleksander som person, og Strassegger er ein dyktig portrettør.

Dette er rett og slett ei bok som er for god til å vere slutt etter berre 121 sider

Eg trur at mange ungdommar vil la seg fengje av Aleksander den store, òg dei som ikkje les så mange bøker. Bibliotek og skular bør kjøpe inn mange eksemplar av boka – dette kjem til å verte ein favoritt!


Fakta

  • Tittel: Aleksander den store
  • Forfattar: Peter F. Strassegger
  • Forlag: Samlaget
  • Sidetal: 121
  • Sjanger: Roman