I bokhylla: Anne Gunn Halvorsen ville gitt Musti hovudrolla i Arvingen

Helene Hovden Hareide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Skam» i kongelig variant, skriv bokmeldaren i VG om ungdomsromanen Arvingen, som kom ut i juni.

Boka, som Anne Gunn Halvorsen har skrive saman med Randi Fuglehaug, er den fyrste i Halve Kongeriket-serien om 17 år gamle Lena, som kjem i klasse med dei kongelege tvillingane kronprins Karl Johan og prinsesse Margrethe. Ho forelskar seg sjølvsagt i kronprinsen – og han i henne – men ho har ein løyndom som kan bli skjebnesvanger viss den blir avslørt …

Anne Gunn Halvorsen (t.v.) og Randi Fuglehaug er forfattarar av Halve kongeriket-serien, som norske forlag kniva om å få rettane til.

Vi tok ein prat med forfattaren, som røpte nokre av sine eigne løyndommar på lesefronten.

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

Men du ser ikke syk ut av Ragnhild Holmås. Eg elskar personleg sakprosa, og denne er både viktig, medrivande og lettlesen. Viktig melding til folk som deler ut Bragepris: Sjå denne!

Kva bøker les du helst?

Eg endar stort sett opp med samtidsromanar om norsk middelklasse. Her blir det skrive veldig mykje bra og morosamt, men det har også gjort at eg er overtydd om at eg kjem til å bli forlatt og skilt etter fylte førti. Det er jo gjerne det som skjer i desse bøkene.

Så eg sparar pengar, og nyt kvart sekund medan eg framleis er lukkeleg og godt gift! Takk til bøkene for dette!

Kor les du?

Under amming og på sengekanten. Eg er superstreng og har mobilen i ein annan etasje enn soverommet. Det sikrar både søvnen og lesetid.

Eg grin aldri av bøker, men The Handmaids Tale av Margaret Atwood var tøff mot eit mødrehjarte, fortel Anne Gunn Halvorsen.

Kva bok vart lesen til deg som liten?

Mor mi er bibliotekar, så det var mykje bøker i hus. Heile katalogen til Anne Cath. Vestly vart lesen høgt for meg, og eg (dvs mamma) sendte også på eit tidspunkt fanbrev til henne.

Me fekk svar, fleire handskrivne sider kor ho redegjorde for både det eine og det andre. Eg har brevet framleis, det er så imponerande og rørande. Me var jo berre nokre heilt random lesarar!

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

Napoli-kvartetten til Elena Ferrante! Eg skulle ønske eg hadde klart å fange vennskapet si kraft slik ho gjer. Det er venene, ikkje mennene, som formar kvinneliv!

Eg skulle gjerne også hatt pengane og mystikken dei bøkene har generert. For ein draum!

Kva meiner du gjer ei bok god?

At ho gjev innsikt og/eller flukt!

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

Tove Ditlevsens jeg-karakter i Barndom, første bok i den fantastiske trilogien Barndom, Ungdom og Gift.

I Barndom er hovudpersonen både flau og lågt nede i hierarkiet, samstundes som ho er svært innbilsk og har eit slags merkeleg overmot. Det er svært gjenkjenneleg.

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

Francine Pascal! Kvinna som stod bak dei 180 bøkene i serien om dei glamorøse tenåringane på Sweet Valley High. Bøkene har seld over 150 millioner eksemplarer, og ho har hatt ghost writers til å skrive dei alle saman. Tell me how to become you, skal eg spørje.

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Heidi Linde.

Boka di vert film – kven spelar hovudrolla?

Ugbad Musti! Debutalbumet hennar går på repeat her i sommar, og ho er lett landets kulaste tenåring. Perfekt i rolla som tøffe Lena i Arvingen.

https://www.youtube.com/watch?v=4_kW6R7rTNU

Anne Gunn Halvorsen

Alder: 35

Frå: Vikedal, bur i Oslo

Utdanning: Journalistikk og litteraturvitskap, frå henholdvis Oslo Met og Uio

Yrke: Journalist og forfattar

Kor mykje les du sjølv?  Kanskje … 30 bøker i året?