Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 09.05.2021 18:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg skriv noko som har med andre verdskrig å gjera no, så det ligg litt ymse «morosam» kveldslektyre på nattbordet, kan ein seia, skriv forfattar Peter Strassegger i ein epost til Framtida.no.

Vanlegvis freistar han å lesa ei bok i veka, men i fjor prøvde han seg på hundre i løpet av året.

– Det klarte eg ikkje, men eg var ikkje så langt unna heller. No er eg glad for å ha prøvd, for då er det ikkje lenger så stress å lesa femti. Men i år ligg eg ikkje så godt an til det heller, så kanskje eg har lurt meg sjølv?

Då Peter Strassegger las Han Kang si bok om studentopprøret i Sør-Korea i 1980 som blei slått så brutalt ned på blei han både forvirra og trist og sint.– Boka skapte eit brutalt nærvær til det som hadde skjedd, og når eg no til dømes ser på videoar frå opprøra i Belarus kjenner eg på noko av det same.

Kva bøker les du helst?

Eg les ganske mykje norsk samtidslitteratur for å halda meg oppdatert, og litt tyskspråkleg litteratur for ikkje å gløyma morsmålet mitt, men eg er mest glad i å lesa bøker som handlar og tenkjer på ein heilt anna måte enn det eg er vand med. Og så har eg lenge hatt ein forkjærleik for litteratur frå sentral- og aust-europeiske område.

Kor les du?

På sofaen, i senga, i lenestolen, på veg til og frå jobb, men ikkje på do, der scrollar eg.

Kva bøker vart lesen til deg som liten?

Mor las mykje barnebøker for oss då me var små, men me var fem ungar og etterkvart må det ha vore mindre tid til det, for det eg kan hugsa best er at me høyrde på lydbøker på kassett, og då gjerne dei brutale eventyra av brørne Grimm.

Spesielt hugsar eg eitt om ein bror og ei søster som måtte rømma frå ei heks og inn i ein skog der broren blei forvandla til eit rådyr, og seinare fann heksa dei att og kokte søstera levande i eit badekar. Stakkars barn, dei fekk aldri fred.

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

Eg las ikkje så mykje i tenåra, eg var opprørsk og tenkte at eg var for tøff for den slags og ville heller høyra på gangster-rap frå USA.

Ein gong storesøstera mi fekk høyra ein av favorittsongane mine sa ho: «Den der handlar om Holocaust». Før hadde eg berre likt beatsa og høyrt på enkeltord utan å tenka meir over det. Så byrja eg å høyra nærmare etter på teksten. Det var Never Again av Wu Tang.

Eg var fjorten år og det var eitt av dei mest litterære augneblink i ungdomstida mi og hadde nok ein del å seia for korleis eg haldt meg til tekstar etter det.

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

For meg gjer det ikkje meining å seia at eg skulle ønskt eg hadde skrive ei bok av ein eller anna forfattar, til dømes Petersburgnoveller av Nikolaj Gogol. Då måtte eg jo ha levd i Russland på 1800-talet.

Men den boka eg verkeleg skulle ønske eg hadde skrive er den eg ikkje har fått til å skriva enno, det vil seia den boka eg kvar gong prøver å skriva når eg kjem i gang med eit nytt prosjekt, og som eg til no skuffa må innsjå at eg framleis ikkje har klart å skriva.

Kanskje det berre er ein illusjon, men den trengs den også.

Nikolaj Vasiljevitsj Gogol 1809-1852) var ein russisk-ukrainsk forfattar kjent for sine humoristiske og absurde innslag. Illustrasjon: Otto Friedrich Theodor von Möller

Kva meiner du gjer ei bok god?

Det er mange bøker som er gode på kvar sin måte, og det er ein eigen lesarferdigheit å klara å lesa seg fram til den særskilte kvaliteten i ei gitt bok.

Men ei verkeleg god bok bør rykka deg ut av kvardagen med si eiga kraft, utvida medvitet og verdssynet ditt, antyda eit lys der det har herska forvirring, vera sjokkerande annleis skrive enn noko anna du har lese før.

Ei god bok bør dessutan få deg til å hugsa leseaugneblinken – kor du var då du las boka, kva du åt, kva du lukta, kva du kjente – slik at leseaugneblinken brenn seg inn i minnet og blir ein del av deg. Ei slik bok kan få deg til å sitja igjen med ei uhyggeleg kjensle av alvor og tenka: «Kva var dette?!»

Det er langt mellom slike bøker, ja, men ein kjem ofte over avsnitt som kan gjera eit liknande inntrykk. Det held lenge det.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

Min namnebror, disippelen (eller er det apostelen) Peter då han sveik Jesus før hanen gol fordi han gjer etter for gruppepress.

Eg er oppvaksen i eit katolsk land og fekk ofte høyra den historia, og kanskje det er uttrykk for ein form for nominativ determinisme at eg sjølv til tider kan gje etter for gruppepress i situasjonar eg helst ønskjer å vera standhaftig og prinsipiell.

Heldigvis har det ikkje alltid like store konsekvensar som det hadde for disippelen Peter, og mange gonger kan ein jo faktisk retta opp i feilen i ettertid.

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

Helst ein levande, det er nok betre selskap i dei.

Dette biletet av Lev Tolstoj frå 1908 er det første fargefotoet teken i Russland. Peter Strassegger ville helst ete middag med ein levande forfattar, men ville lese Tolstoj på dødsleiet. Foto: Sergej Prokudin-Gorskij, Wikimedia Commons

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Då måtte eg ha levd eit svært einsformig liv som nokon hadde avgrensa gjennom tvang.

Med mindre det er snakk om å bli flytta til ei aude øy og ha all verdas tid til å lesa (då ville eg valt ein eller annan naturfilosof), er premissen i spørsmålet at livet ikkje kjem til å bli særleg langt, så ein kan også seia det på den måten: Kva vil eg lesa på dødsleiet mitt? Og då ville eg kanskje ha lest ei bok om å døy. Noko av Tolstoj?

Kva av bøkene dine vil du helst sjå filmatisert – og kven spelar hovudrolla?

Dersom ungdomsromanen min, Aleksander den store, blei filmatisert skulle ein ungdom utan særskilt skodespelarerfaring fått rolla, men han burde ha levd eit liv som likna hovudpersonen og spelt seg sjølv, nett som Justin Pierce gjorde då han blei oppdaga på gata og fekk ein rolle i filmen Kids (1995) der han spelte ein ungdom som nærmast budde på gata, men var flink til å skate og glad i å rusa seg.

Justin Pierce i rolla som Casper i The Kids frå 1995.


Forfattarane har ulike strategiar på portretta sine, og skilnadane mellom kjønna er store. Frå venstre: Heidi Furre, Jon Fosse og Vigdis Hjorth. Foto: Heidi Furre/Flamme, Tom A. Kolstad/Samlaget, Agnete Brun/Cappelen Damm.

Peter F. Strassegger

Alder: 36 år

Frå: Bryne

Utdanning: Embetseksamen i psykologi

Yrke: Forfattar og psykolog