«Skal vi svare på rasisme i kommentarfelta?»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Atter ein gong har vi ein debatt som ikkje burde vere ein debatt. Menneske ber om å bli behandla som menneske, og så er det nokon menneske som tenkjer at «retter for dei, er mindre retter for meg», og så blir dei sinte.

Dette skjer litt for ofte, og resultatet er mange, mange sinte kommentarfelt på Facebook.

Når Per (48) og tretti andre skriv at «utlendingar burde komme seg heim og ikkje forsøple landet» så tenkjer alle oppegåande folk at han er ein dust, og ingen gidd seie noko.

Men når Gerd (67), som lid av framandfrykt i hjernen, les dei tretti kommentarane så tenkjer ho at dette er standardholdninga i Norge. Alle skriv jo drit, og derfor er driten sann.

Eg har alltid blitt fortald at eg ikkje skal svare, fordi då søkk eg ned på deira nivå. «Å vinne ein diskusjon mot ein smart person er vanskeleg, men å vinne ein diskusjon mot ein idiot er umogleg.»  Dei som seier det har eit poeng, men eg er ikkje samd lenger.

 

Skjermdump frå Facebook.

Når ingen seier dei i mot, gir vi dei eit gratis ekkokammer å boltre seg i. Men kvifor er det så lett å reagere med stillheit kvar gong ein vitnar urett?

På barneskulen lærte vi at å sjå på mobbing var like ille som å være med på den. Dei som såg på var kanskje redde for å bli mobba sjølve, eller så var dei kanskje redde for å gjere situasjonen verre. Men når Per (48) har hengt Ali (18) på ein knagg, og skrik om hudfargen inn i øyra hans – heilt ærleg, kor mykje verre kan det bli?

Når ingen seier dei i mot, gir vi dei eit gratis ekkokammer å boltre seg i

Vi kan ikkje la dei ignorante få vere i fred, berre fordi det er ubehageleg å seie imot, eller fordi vi umogleg kan vinne ein debatt mot dei. Vi må seie dei imot!

Når politikarar diskuterer og debatterer så er det ikkje for å overtyde kvarandre. Det er for å overtyde dei som høyrer på. Vi kan ikkje fortsetje å la kommentarfelta vere eit ekkokammer for dårlege haldningar, fordi det er jo ikkje det fleirtalet meiner.

Svar på kommentarane med fakta, lenkjer, og lærdom. Eller berre sei at du ikkje er samd, og skru av varsla på innlegget etterpå.

 

Skjermdump frå Facebook

Ikkje sånn at Per (48) skal forstå, fordi han har ikkje lyst, men sånn at Gerd (67), Otto (56) og alle andre kan sjå at dette ikkje er standard-holdninga i verda.

Som det står på plakatane: Det er ikkje nok å ikkje vere rasist, du må vere anti-rasist.

Frå demonstrasjonen utanfor rådhuset i Los Angeles, 2. juni 2020. Foto: AP Photo/Richard Vogel

Lurer du på korleis du kan verte ein betre anti-rasist? Mariama (22) gjev deg tips til kva du kan sjå, høyre, lese og gjere!