Samfunnsdebattant Nancy Herz (24) om hetsen: – Tidkrevjande, energikrevjande og tappande

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 29.03.2021 12:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Hets og trugslar kan ramme yngre meir enn dei veldig vaksne. Det er lettare å ta nokon som er unge. Hersketeknikkar som «du er ung» eller «du har berre lese ei bok» er noko unge opplever, seier Nancy Herz.

Då Framtida.no pratar med 24-åringen frå Haugesund er ho på veg til jobb. Ho har ein hektisk timeplan, og til dagleg bur og livnærer ho seg som forfattar, føredragshaldar og student i hovudstaden.

Til hausten får ho nok ei rolle – då skal ho leie Ungdommens ytringsfrihetsråd, som vert drive av Norsk PEN og Fritt Ord.

Saman skal inntil 15 unge vaksne frå heile landet møtast fire helgar og diskutere ytringsfridom. Kva utfordringar står unge meiningsberarar overfor, kven kjem til orde og kven vert utsette for hatefulleytringar og hersketekikkar?

Målet er at fleire unge skal nytte seg av ytringfridomen sin, og våge å bruke stemma si.

Herz meiner vi treng eit mangfald av stemmer – både dei som allereie brenn sterkt for ei sak og dei som tenkjer «eg kan ikkje nok» og vegrar seg for å uttale seg.

– Dersom ein ikkje brukar stemma si, så overlet ein heile samfunnsdebatten og politikken som følgjer, til dei få stemmene som ein kanskje er totalt ueinige med. Det er viktig å bidra slik at ein får ein brei, nyansert og samansett samfunnsdebatt og ytringsrom heller enn at det berre er noko få som vert høyrde.

Kvir seg på å ytre seg

Medietilsynet sin rapport Kritisk medieforståelse i den norske befolkningen (2019) syner at heile 76 prosent av unge aldri har debattert politikk og samfunn i media før.

Men Nancy Herz trur ikkje det kjem av at unge er uengasjerte, og viser til både skulestreikane og Black Lives Matter-demonstrasjonane som har spreidd seg over heile landet.

– Eg trur ungdom i dag er engasjerte i lokalsamfunnet sitt og meir bevisste på det som hender i verda. Men informasjonsflyten kan også opplevast som overveldande, seier ho.

Arkivbilete frå skulestreiken for klima fredag 30. august 2019. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Ho trur mange vegrar seg for å ta ordet i frykt for konsekvensane:

– Eg trur det handlar om at ein kvir seg for å oppleve hets og trugslar, fortel Herz.

24-åringen peikar på at sosiale medium kan føre til at fleire ytrar seg, men at det også vert vanskelegare å logge av:

– Det er lett å seie «ja ja, du kan skru av mobilen eller logge av sosiale medium», men det er ikkje så lett når du veit at med ein gong du skrur på att, så er det nokon som kallar deg ei hore, seier du fortener å verte valdteken eller å døy, seier Herz, og legg til:

– For når meininga di er komen ut, så kjennest det som om du står åleine.

Når meininga di er komen ut, så kjennest det som om du står åleine

Nancy Herz peikar på at hets, trugslar og sjikane rammar ulikt.

Ho viser til at endå ho sjølv opplever hets basert på kjønn, alder og etnisk bakgrunn, så kan andre unge verte utsette for meir hat enn ho, dersom dei til dømes er mørkere i huda enn ho, har ein annan kjønnsidentitet, ei anna seksuell orientering eller brukar eit religiøst hovudplagg.

Det betyr at unge frå desse gruppene ikkje torer delta fordi det kostar for mykje, forklarar Herz.

– Då er det viktig at vi som samfunn stiller opp. Det er eit demokratisk problem om det berre er nokre få priviligerte som ikkje opplever same hetsen som vågar å bruke stemma si.

– Ytringsfridom er ein treningssak

Ungdommens ytringsfrihetsråd er inspirert at Ytringsfridomkommisjonen som vart oppnemnd i år, og skal legge fram sin rapport mot slutten av 2021.

Kommisjonen skal granske ytringsfridomen si stilling i Noreg – både kva mogelegheiter enkeltindividet har til å ytre seg og korleis det offentlege rom har endra seg med den veldige digitaliseringa som har føregått sidan den første kommisjonen la fram sin rapport i 1999.

I Ungdommens ytringsfrihetsråd skal deltakarane diskutere utfordringar og mogelegheiter ungdom møter i dagens debattklima, og få grundig opplæring for å verte rusta for å delta i den offentlege debatten.

Ingeborg Kværne er fribykoordinator hjå Norsk PEN. Foto: Kine Jensen

– Dei skal få trening i å manøvrere i jungelen av stemmer, slik at dei i vidare engasjement ikkje er redde for å ytre seg, fortel Ingeborg Kværne.

Ho er nasjonal koordinator for det norske fribynettverket, og har ansvaret hjå Norsk PEN for det komande rådet.

– Ytringsfridom er ein treningssak. Usikkerhet kan føre til sjølvsensur, seier Kværne.

På sikt håpar både Fritt Ord og Norsk PEN at deltakarane også kan ta med lærdomane sine heim, og inspirere andre jamaldrande – anten det er i klassa eller vennekrinsen –  slik at også dei vågar ta ordet og bruke stemma si meir.

Då søknadsfristen gjekk ut hadde heile 119 søkjarar meldt si interesse og sendt inn ein søknad. Håpet er at ein skal famne om så mange som råd – uansett bakgrunn, kjønn, heimstad, legning eller erfaring:

– Det var nokon som skreiv at «eg har ikkje delteke i offentleg debatt enno, men eg skulle ynskje eg torde». Det er garantert mange som har mykje å bidra med, men som ikkje heilt veit korleis – og deira erfaringar er verdifulle, understrekar Kværne.

Skamlaus, men orkar ikkje alltid stå i stormen

Sjølv har Nancy Herz vore ein aktiv samfunnsdebattant heilt sidan ho i 2013 byrja skrive i lokalavisa og tre år seinare starta ein nasjonal debatt med Si;D-innlegget sitt om skamlause arabiske jenter.

Saman med Sofia Nesrine Srour og Amina Bile fekk 24-åringen både Skamløsprisen og Fritt Ords Honnør for å sprenge tabu og setje dagsorden.

Leo Ajkic og «dei skamløse jentene» Amina Bile, Nancy Herz og Sofia Srour mottok alle Fritt Ords Honnør i 2017.
Foto: Fritt Ord

Herz medgjev at ho i starten ikkje var så bevisst på at ho kunne oppleve stygge kommentarar berre fordi nokon var ueinige med ho, og at det var ein fjern tanke.

– Då eg nettopp hadde byrja å skrive vart eg oppteken av kommentarane, og gjekk inn for å lese dei. Men di meir eg engasjerte meg og skreiv, di meir fann eg ut at eg ikkje kan halde meg til alt. Eg må late att gardina for det som er hets.

Men ho forstår godt dei som vegrar seg for å ytre seg i dag, i frykt for å verte dregen inn i eit kommentarfelt forstyrra av personangrep i morgon.

– Det er ikkje berre-berre. Det er tidkrevjande, energikrevjande og tappande.

Herz innrømmer at ho framleis kan kvi seg for å skrive enkelte innlegg og gå inn i nokre debattar:

– Av og til har eg tenkt at «akkurat no har eg så mykje anna som føregår i livet mitt, at eg deikkje orkar ein shitstorm».

Artikkelen er ein del av ein artikkelserie om korleis demokratiet kan utvidast og utviklast vidare. Har demokratiet nådd toppen av utviklinga si no, eller kan det opnast for endå meir deltaking? Artikkelserien er støtta av Fritt Ord.

Tidlegare fylkesleiar i Rogaland AUF, Hamza Ali, opplevde at politiet tok saka hans på alvor då han som 16-åring anmeldte hatefulle ytringar i kjølvatnet av eit debattinnlegg. Foto: Andrea Nøttveit