12 viktige resultat etter USA-valet

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjølv om den endelege vinnaren av presidentvalet ikkje enno er klart, var det også mykje anna som vart stemt over på valdagen 3. november.

Nye kongressmedlem og nye lover er også blitt avgjort. Her er nokre av dei:

1. Første svarte kongresskvinne frå Missouri

Black Lives Matter-aktivist og demokrat Cori Bush er den første svarte kvinna i kongressen frå Missouri. Foto: Wikipedia

Black Lives Matter-aktivist og demokrat, Cori Bush (44), vann i Missouri og vert med det historisk som den første svarte kvinna i kongressen frå denne staten.

– Det er fantastisk, men også trist. Det er 2020 og eg er den første kvinna i distriktet og den første svarte kongresskvinna nokonsinne frå denne staten, sa ho til St. Louis Public Radio.

Politikaren som også er sjukepleiar og pastor, fekk 84 prosent av stemmene i det 1. kongressdistriktet i staten.

Også urfolk i USA gjorde det historisk bra i dette valet. 13 kandidatar stod på vallistene, og seks av desse vann sine kampar. Det betyr at det neste Representantanes hus i USA, vil ha rekordmange urfolk-medlem.

2. Squaden består

The Squad. F.v. Demokratane Rashida Tlaib, Ayanna Pressley, Alexandria Ocasio-Cortez og Ilhan Omar. (Foto: United States Congress, U.S. House Office of Photography)

Demokratanae Alexandria Ocasio-Cortez (New York), Ilhan Omar (Minnesota), Rashida Tlaib (Michigan) og Ayanna Pressley (Massachusetts) vert kalla «The Squad» og vann alle sine attval. Dei blir dimed sitjande i kongressen.

I tillegg til å dytte det demokratiske partiet i ein meir progressiv retning, har dei også jamleg vore målskive for angrep frå ytre-høgre med drapstruslar og kvinnehat. Sjølv president Donald Trump angreip dei under ein presidentdebatt i valkampen og har også gått etter dei tidlegare.

3. Yngste i kongressen

Republikanske Madison Cawthorn (25) vert yngstemann i kongressen. Foto: Presse

Generasjon Z har for første gong fått ein kongressmedlem, når republikanar Madison Cawthorn (25), trass i anklagar om seksuelle overgrep og rasisme, vart valt inn i Kongressen.

Han er vald inn frå Nord-Carolina, der han vann over demokraten Moe Davis på 62 år.

Aldersgrensa for å kunne vere folkevald i Representantanes hus er 25 år, ifølgje grunnlova. I dag er det demokrat Alexandria Ocasio-Cortez (31) som er yngst i Kongressen. Den yngste senatoren er republikanar Josh Hawley (40).

Dagens kongress er likevel blant dei eldste nokon sinne.

(Han reknar seg sjølv som Gen Z, men ifølgje vår guide er han to år for gamal og eigentleg ein millennial)

4. Første ikkje-binære statlege lovgivar

Demokrat Mauree Turner (27) blir den første ikkje-binære statelege lovgivaren i USA etter at hen vart stemt inn i Oklahomas statshus. Foto: Presse/Maureturner.com

Demokrat Mauree Turner (27) blir den første ikkje-binære statelege lovgivaren i USA, etter hen vart stemt inn i Oklahomas statshus. Turner bruker pronomena «they» og «she».

Turner vert også den første muslimske representanten for Oklahoma.

– Me kjempar ikkje lenger for å få sitje ved bordet. Me skapar eit heilt nytt bord, der alle får sitje, sa hen til Huffpost før valet.

Hen er strafferettsreformaktivist i American Civil Liberties Union (ACLU) og leia arbeidet med prosjektet: Campaign for Smart Justice før hen stilte til val. Ein av dei viktigaste politiske sakene til Turner er ein strafferettsreform i staten som har ein av dei høgaste fengslingstala i landet.

5. Første transperson som delstatssenator

Delstatssenator i Delaware Sarah McBride (30) vert transpersonen med det høgaste politiske tillitsvervet i USA. Foto: Presse

Demokrat Sarah McBride (30) vann kampen om eit sete i Delaware statssenat, og vert med det den første transpersonen vald til eit statleg senat i USA, og den transpersonen med det høgaste politiske tillitsvervet.

– Eg har heile livet følt at denne kvelden var så ubegripeleg at det virka heilt umogleg, sa ho til BuzzFeed News.

Kansas: Stephanie Byers vart den første ikkje-kvite, opne transpersonen vald inn i ei delstatforsamling i landet og den første folkevalde, opne transpersonen i Kansas.

Vermont: Taylor Small vann i Vermont Statehouse som den første folkevalde, opne transpersonen i staten.

6. Første opent skeive, svarte kongressmedlem

Demokratane Ritchie Torres (t.v) og Mondaire Jones er dei første opent skeive, svarte mennene som vart vald inn i Kongressen.. Foto: Presse

Demokratane Ritchie Torres og Mondaire Jones vart historiske i natt, då dei vart dei første opent skeive, svarte mennene som vart vald inn i Kongressen.

New York-arane er berre den andre og tredje ikkje-kvite mennene som skal tene i Kongressen. Den første var Mark Takano.

7. Fleire skeive for første gong

26 opent skeive kandidatar stod på vallistene til kongressen før valet i år, fleire enn nokon gong tidlegare. I dag er det ni skeive representantar i Representantanes hus og Senatet.

Demokrat Michele Rayner-Goolsby blir den første opne skeive kvinna i Florida sitt Representantanes hus. Foto: Presse

New York og Florida: DemokratenJabari Brisport vann kampen om eit sete i New York sitt statlege senat, og vart med den den første ikkje-kvite, opent skeive vald inn i delstatsforsamlinga. Saman med nyvalde demokraten Shevrin Jones i Florida, er han ein av kun to opent skeive, svarte menn med plass i delstatsforsamlingar i USA.

Florida: Demokraten Michele Rayner-Goolsby blir den første opne skeive kvinna i Florida sitt Representantanes hus. I tillegg vart Shevrin Jones vald inn i statssenatet.

Colorado: Demokraten David Ortiz vann valet og vert med den den første biseksuelle kandidaten valt inn i delstatsforsamlinga til Colorado. Krigsveteranen er også den første rullestolbrukaren vald inn her.

Det er kun 42 ikkje-kvite, opent skeive lovgivarar rundt om i  landet. På valdagen var det heile 60 som stod på valsetlane, 31 av dei heilt nye som kandidatar.

8. Første QAnon-representant i Kongressen

Republikanske Marjorie Taylor Greene støttar konspirasjonsteorien QAnon. Foto: AP Photo/Brynn Anderson

Marjorie Taylor Greene er den første QAnon-tilhengaren som har fått mandat i Kongressen.

QAnon er ei konspirasjonsteori-rørsle, som mellom anna meiner verda er styrt av djeveldyrkande barneovergriparar, ser på Donald Trump som ein messias-figur, og bidreg til å spreie feilinformasjon om koronaviruset.

9. Avkriminalisering av narkotika

Oregon, New Jersey, Arizona, Montana, Sør-Dakota, Mississippi og Washington D.C. har avkriminalisert narkotika til eige bruk i ulik grad. Illustrasjonsfoto: by Thought Catalog/Unsplash

I fleire statar vart det fleirtal for å avkriminalisere narkotika til eige bruk i ulik grad.

Orgeon vart den første staten som avkriminaliserer heroin, kokain og metamfetamin og psilocybin (sopp). Marihuana var allereie lovleg. Aldersgrensa er 21 år.

Marihuana vart stemt over i fleire andre statar og blir no lovleg i New Jersey, Arizona og Montana og Sør-Dakota, i tillegg til Mississippi der det no blir lovleg med marihuana til medisinsk bruk.

I Washington D.C. vert det også lovleg med psykedeliske stoff.

Det er 11 andre statar, i tillegg til District of Columbia i Washington D.C., har allerie gjort personleg bruk av marihuana lovleg.

10. Minstelønna opp til 15 dollar i timen

Florida tek sikte på å heve minstelønna gradvis til 15 dollar i 2026. Illustrasjonsfoto: NeONBRAND / Unsplash

I Florida stemte dei for å legge til eit tillegg til grunnlova, for å heve minstelønna til 15 dollar i timen i 2026. Lønna blir då løfta frå 8,56 dollar i dag, til 10 dollar i september 2021 og så auka med ein dollar for kvar september fram til 2026.

Dette vil auke løna til omlag 2,5 millionar arbeidstakarar i staten.

Dei blir den åttande staten som har ei minstelønn på 15 dollar, og Florida blir den første staten i sør til å gjere dette.

11. Abort-lover

Louisiana stemte for strengare abortlover, medan Colorado ikkje gjorde det. Illustrasjonsfoto: Bill Oxford / Unsplash

I Louisiana fekk dei to anti-abort demokratane John Bel Edwards og Katrina Jackson viljen sin, då eit tillegg vart lagt til i stats-grunnlova:

«Ingenting i denne grunnlova skal tolkast for å sikra eller verne om ein rett til abort, eller kreve finansiering av abort».

I Colorado stemte befolkinga ned Proposition 115, som ville ha gjort abort etter 22 veker ulovleg. Forslaget hadde unntak dersom det ville redde livet til den gravide, men ikkje i tilfelle med valdtekt og incest. Legar som likevel ville utført abort etter veke 22 ville kunne bli straffa med ei bot på omlag 47.000 norske kroner. Forslaget vart stemt ned av 60 prosent.

12. Nytt flagg

Dette er det nye statsflagget i Mississippi.

Ein variant av dette flagget har vore statsflagget i Mississippi sidan 1894.

I Mississippi stemte velgjarane for eit nytt flagg med raude, gule og blå striper, ein magnolia-blom og orda: In God We Trust.

Det tidlegare flagget, frå 1894, inneheldt eit Konføderalkamp-kross, og vart avvikla av dei folkevalde i juni.

Bonus: Kanye West

Kanye West ga seg i kampen om president-vervet i dette valet, men har hinta om at han vil prøve igjen.

Kanye West stemte på Kanye West. Foto: David Shankbone/Wikipedia

Han stod likevel på president-vallistene i 12 statar og fekk fleire tusen stemmer i alle ifølgje dei foreløpige oppteljingane.

Tysdag annonserte han at han stemte for seg sjølv, då han for første gong stemte i eit presidentval.

– Gud er god. I dag stemmer eg for første gong i livet på presidenten i USA, og det er på nokon eg stolar på: meg, skreiv han på Twitter.

Oppdatering: Etter saka vart skrive og publisert vart det klart at Nevada vert den første staten til å fjerne eit inaktivt forbod mot likekjønna ekteskap (2002) frå si grunnlov. Det sikrar likekjønna ekteskap i staten, uavhengig av eventuelle nasjonale endringar frå Høgsterett.

Denne dama og Trump er usamde om korleis ein skal handsama dei rekordmange førehandsstemmene.
Foto: David J. Phillip, AP