Rekordmange strauk på sjukepleiareksamen
Før jul hadde sjukepleiarstudentane i landet nasjonal deleksamen i «Anatomi, fysiologi og biokjemi». No viser det seg at rekordmange strauk på eksamen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Nettavisa Khrono ved Oslomet har fått tal frå seks av tolv institusjonar. Desse seks institusjonane har om lag 60 prosent av dei studentane som har teke eksamen.
Tala viser så langt ein gjennomsnittleg strykprosent på 29 prosent, noko som er ein auke på 9,3 prosentpoeng samanlikna med resultata for eit år sidan.
Ved UiT – Noregs arktiske universitet – er strykprosenten heile 33 prosent. Ved Høgskulen på Vestlandet er han 29 prosent. For fem av seks institusjonar aukar strykprosenten, for enkelte med 10 prosentpoeng, eller meir.
Fleire reaksjonar på vanskeleg heimeeksamen
Normalt ville eksamen i faget gått som ein skuleeksamen. Men på grunn av koronapandemien måtte alle studentar ta eksamen som ein heimeeksamen.
Etter at eksamen var gjennomført var det fleire studentar som reagerte på at han var vanskeleg, at dei ikkje hadde vorte førebudde på den typen spørsmål dei fekk og at dei hadde svært dårleg tid.
- Lurer du på korleis kvardagen er som sjukepleiar? – Sjølv om ein til tider føler ein står og stanger hovudet i veggen, trur eg at eg har den mest meiningsfulle jobben, fortel Ragnhild (24)