Regjeringa opnar for fysisk undervisning for studentar i område med låg smitte

Regjeringa tilrår at universitet, høgskular og fagskular held fram med digital undervisning, men opnar for fysisk undervisning i område med låg smitte.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ei pressemelding måndag opplyser regjeringa at dei tilrår at universitet, høgskular og fagskular held fram med digital undervisning der det er mogleg, men at studentar i område med låg smitte bør få moglegheit til fysisk undervisning i mindre grupper minst éin gong i veka.

– No tyder tala på at smitten flatar ut og då prioriterer vi å opne litt opp for fysisk undervisning for studentane. Føresetnaden for tilrådinga er at det skjer i mindre grupper og at smittevernreglane blir følgde, seier forskings – og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

Universitet, høgskular og fagskular bør framleis unngå å gjennomføre større forelesingar.

– Fleire kan vende tilbake til campus

Det er studiestadene, saman med lokale helsestyresmakter, som skal vurdere kva og kor mange studentar som kan få fysisk undervisning. Institusjonane må òg sørgje for å leggje til rette for dei studentane som har behov for det.

– Vi må nok halde ut litt til før det blir heilt som normalt, men no kan i alle fall endå litt fleire vende tilbake til campus, seier Asheim.

Sidan smittesituasjonen framleis er uviss, er det førebels ikkje mogleg for Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet å vurdere om tiltaka som vart innførte 4. januar har hatt tilstrekkeleg effekt.

Derfor kan det bli nødvendig med innstrammingar igjen viss smittetala går i negativ retning.


For Mina Edvardsen er det vanskeleg å konsentrera seg i ein førelesningssal, men heimefrå går det mykje betre. Foto: Privat