Politikkansvarleg for BIs studentforening i Oslo, Constance Thuv, meiner Frp tek meir omsyn til studentane enn regjeringa under koronapandemien.
Constance Thuv
Constance Thuv

Astrid frå AUF gjekk hardt ut mot regjeringa i det ho omtalte som arrogant åtferd overfor norske studentar.

Då vil Høgres studentar med Andreas i front vinna nokre poeng og vera den partikaninen regjeringa vil ha. Problemet med det, Andreas, er at det er interessene til studentane du skal verna, ikkje forholdet til moderpartiet.

Ein dags varsel

AUF har rett. Det er arrogant av regjeringa, det er ikkje ei vinkling for å setja ei regjering dei ikkje er ein del av i dårleg lys.

Faktum her er at Erna Solberg forventar at ein dags varsel for studentane er nok.

Studentøkonomi var ikkje noko å skryta av før ein pandemi fullt av permisjonar kom, så det er ikkje sjølvsagt at den allereie kjøpte flybilletten ikkje skal brukast. Det er arrogant å tru.

Ikkje like rettar

7 av 10 studentar er avhengige av jobb ved sida av studiet. Det blir betalt skatt og blir bidradd til norsk økonomi på lik linje med andre.

Trass i dette har ikkje studentar like rettar, og fleire har tatt pause eller droppa ut av studia fordi dei ikkje får det til å gå rundt. Det tener ingen på.

Det har lite å seia at regjeringa har gjort mykje bra for studentane, når det er no det gjeld.

Krisepakken er essensen i det heile, der ein milliard skulle brukast til student-støtte men berre 400 millionar vart brukte. Korleis forsvarer du det, Andreas?

Når forslaget til den tredje krisepakken kom i 2020 vart han kraftig auka av stortinget med Frp i front.

Asheim seier at dei har jobba med ein krisepakke til studentane for våren 2021, eit år etter at stortinget vedtok ein milliard i støtte. Kvar den er, veit eg ikkje.

Frp, partiet til studentane?

Det er 2021, og sjølv om det kjem som ei overrasking på regjeringa så har vi det faktisk ikkje noko betre.

1. januar vart for mange ein ny permisjon før vi vart bedne om å forlenga juleferien nokre dagar seinare for å ikkje auka smitten.

Er det arrogant at vi føler oss gløymde? Nei, det er det ikkje.

Regjeringa har skuffa, men opposisjonen ser heldigvis alvoret i situasjonen og gir oss endeleg håp.

Frp meiner det er turen vår og ser den samfunnsøkonomiske verdien, derfor har dei no lagt ein ny studentmilliard på forhandlingsbordet til regjeringa som krav i det dei no lanserer milliardpakka til studentane. Takk Frp!

Fokuserer på arbeidsmarknaden

Andreas får tydeleg fram at Høgre og regjeringa passar på interessene i arbeidsmarknaden.

Det viktigaste for Høgres studentar er tydelegvis at vi skal ut i ein sunn arbeidsmarknad etter siste eksamen, men korleis ein kjem seg dit når ein må slutta i studiet er ikkje godt å seia.

Regjeringa har fått endå ei moglegheit til å visa om dei er regjeringa til studentane før valet i haust, tar de moglegheita?


Har du noko på hjarta? Send inn til tips @ framtida.no!


Fulltidsstudent Mina Edvardsen kunne fint ha kome seg til Universitetet i Stavanger, men taklar studiane mykje betre frå heimekontor. Foto: Privat
Oppdatert: tysdag 19. januar 2021 07.59

LES OGSÅ

ANNONSE