Politikk og samfunn

«Klassisk «whataboutism» frå FrP og ikkje eit direkte argument i sidemålsdebatten»

Reell valfridom i skulen fordrar at ei god sidemålsopplæring gjev deg mogelegheit til å velje kva skriftspråk du skal bruke, skriv leiar i Norsk Målungdom.

Sebastian Vinsent Natvik
Leiar i Norsk Målungdom
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

På torsdag skal fleire tusen tredjeklassingar opp i eksamen i norsk sidemål. 

Elevane er i ferd med å få femte karakter på vitnemålet som er frå norskfaget.

Spyttar på den norske kulturarven

Framstegspartiets Ungdom er tydelege på at dei skal satse på den same «F**k nynorsk»-lina som ved førre valkamp.

Når FpU flaggar for valfritt sidemål viser dei at dei både vil dra kunnskapen ut av skulen, og spytte på den norske kulturarven dei påstår å vere så glade i. Ved tidlegare forsøk har valfritt sidemål vist seg å vere det same som null sidemål, elevar som valte sidemål kunne få tilbod om undervising i friminutt eller etter skuletid.

Tre karakterar i norsk

Så lenge me har karakterar i norsk skule, er det all grunn til å halde på tre karakterar i norsk standpunkt.

quote-left

Norsk er kulturforståing, kommunikasjon, danning, og identitetsutvikling

quote-right

Norsk er kulturforståing, kommunikasjon, danning, og identitetsutvikling. Som elev kan ein ha styrkjer eller veikskapar i munnleg framstillingsevne, kåseri, litteraturhistorie, skriftspråk og mykje meir.

Å redusere norskfaget til éin karakter vert det same som å slå saman matte og naturfag og kalle det for «realfag».

«Sidemål, gammalnorsk, og diktanalyse»

Det er eit faktum at nivået på lese- og skriveevner i norsk skule har gått ned dei siste åra.

Leiar i FrP Sylvi Listhaug meiner at det då er bortkasta tid å jobbe med «sidemål, gammalnorsk, og diktanalyse», men dette stemmer ikkje overeins med vitskapen.

Det er absolutt inga forsking som tyder på at du vert flinkare i språk om du berre konsentrerer deg om eitt.

Det den derimot viser er at jo fleire språk du lærer, dess betre vert du i språka du kan. Difor ser me at dei som skriv meir nynorsk, blir betre i bokmål enn dei som skriv mindre nynorsk.

Populisme

FrP sitt forslag om å skrote sidemålsordninga er populistisk og byggjer ikkje på empirisk fakta.

Dei vil byte ut delar av norskundervisninga med meir nyttige fag som privatøkonomi og har tidvis også fremma samisk som avløysar.

Heldigvis er det inga motsetning å skulle lære om både budsjettering, fornorskingsprosess og jamstillingsvedtak. Dette er altså klassisk whataboutism frå FrP og ikkje eit direkte argument i sidemålsdebatten. 

Reell valfridom

Dei som vil nynorsken til livs freistar gjerne med meir valfridom.

Dei meiner at folk flest kjem til å få betre haldningar til nynorsk ved å sleppe å møte språket utan å aktivt oppsøke det.

quote-left

Dette kan ein ikkje kalle eit reelt fritt språkval

quote-right

I dette tenkte scenarioet skal altså alle vere skjerma frå sidemålet sitt heile livet, til dei eventuelt plutseleg skulle få eit innfall om å setje seg inn i det.

Dette kan ein ikkje kalle eit reelt fritt språkval. Reell valfridom i skulen fordrar at ei god sidemålsopplæring gjev deg mogelegheit til å velje kva skriftspråk du skal bruke.

Anten du er nynorsk- eller bokmålsbrukar, så veit du nok ikkje kor du skal vere om ti år. Det kan hende at du kjem til å jobbe i statleg forvalting, bli mattelærar i Vinje kommune, eller bli norsklærar på Mortensrud. Dette er noko av det mest grunnleggjande FrP har misforstått.

Anstrengt forhold

Det anstrengde forholdet bokmålsbrukarar har til sidemålsfaget kjem ikkje av at nynorsk har ein ibuande eigenskap som gjer språket meir vanskeleg.

quote-left

Dagens sidemålsopplæring startar alt for seint

quote-right

Dagens sidemålsopplæring startar alt for seint og elevane møter nynorsken alt for sjeldan i kvardagen.

Dersom alle hadde fått inn nynorsken frå byrjinga av lese- og skiveopplæringa og fått høve til å lese tverrfaglege tekstar på nynorsk, hadde både haldningane og leseprøvene til elevane sett ganske annleis ut.   

Jamstelte språk

For 140 år sidan vedtok Stortinget at Noreg skal ha to likestilte skriftspråk.

Alle har rett til å møte språket sitt frå det offentlege og i kvardagen sin. Desse rettane kviler på språkforståinga til nynorsk- og bokmålsbrukarar.

Sidemålsordninga sørgjer for at du stiller like sterkt språkleg, uansett kor du kjem frå.

Ei svekking av sidemålet er ei svekking av heile norskfaget og ein dolk i ryggen på over 600 000 språkbrukarar.