«Regjeringa oppfører seg nærast arrogant overfor norske studentar»

Astrid Willa Eide Hoem

Astrid Willa Eide Hoem
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Det tok berre Høgre-regjeringa to dagar inn i det nye året før dei nok ein gang utset studentar for endå ein økonomisk smell.

Laurdag kveld før den store heimreisedagen kom meldinga om at Henrik Asheim ber studentane om å la vere å reise tilbake til studiestaden.

Vi i AUF reagerer på at regjeringa igjen sviktar studentane. Studentar har sidan starten av pandemien hatt stor økonomisk usikkerheit.

Mange har derfor vore tidleg ute med å bestille billettar i håp om å spare pengar i ei vanskeleg tid. Likevel kjem høgreregjeringa med denne beskjeden. Det vitnar om total mangel på forståing av studentar sin økonomiske situasjon.

Avhengige av deltidsjobb

Det har seg sånn at 7 av 10 studentar er avhengige av ein deltidsjobb, mykje fordi dei lever med leigeprisar på kanskje 8000 kroner i månaden og mange utgifter.

Fleire av venene mine som studerer sa allereie før pandemien at dei sleit med å få reknestykket til å gå opp. Når pandemien og retningslinjene allereie har fjerna lønninga til studentane er det enormt trist at dei også vil tape tusenvis i reiseutgifter.

7 av 10 studentar er avhengige av ein deltidsjobb

Regjeringa oppfører seg nærast arrogant overfor norske studentar og sviktar ein heil generasjon unge.

Høgre, KrF og Venstre har med støtte frå Frp konstant nedprioritert studentar gjennom heile pandemien. Som då landets studentar blei isolert i mars i tronge leilegheiter, utan jobb eller sosial støtte og blei tilbydde endå meir studielån for å kome gjennom «dugnaden» til høgreregjeringa. Eller det totale fråværet av hjelp eller støtteordningar under haustens nedstengingar.

Arrogant av regjeringa

Vår generasjon vil få færre moglegheiter enn generasjonane før oss. Det er enormt arrogant av regjeringa å tru at alle studentar kan klare seg med dårlegare økonomi enn vanleg.

Vi i AUF meiner då at det trengst eit ungdomsløft og ein ny generasjonskontrakt, som gir oss unge tru og håp for framtida og moglegheitene våre.

Ingen unge skal frykte for å stå på bar bakke utan arbeid eller utdanning. Vi treng ein generasjonskontrakt for framtida der dei som har mest bidreg mest, slik at også vår generasjon får moglegheit til gode liv.

Arbeidarpartiet har heile vegen vore klare på at dei ønskjer betre krisepakkar, fleire jobbar og meir føreseieleg økonomi.

Økonomi, busatd og psykisk helse

Derfor vil vi i AUF peike på tre område av ting dei vil forbetre for studentar.

Det første er å sikre ein betre studentøkonomi, ein meir rettferdig bustadmarknad for unge og ei auka satsing på studentar si psykiske helse. I tillegg til ein dyr bustadmarknad og lite økonomisk føreseielege forhold må studentar no leggje ut tusenvis i ekstra reisekostnadar.

Det trengst eit ungdomsløft og ein ny generasjonskontrakt

No treng vi at politikarane ikkje berre snakkar om studiestøtta, men faktisk aukar den slik at ein kan vere fulltidsstudent.

Så må vi sikre ein bustadmarknad som jobbar for studentar og ikkje imot dei.

Studentar har no vore innelåste i leilegheiter, ofte med dårleg standard og skyhøge leigeprisar. Derfor må vi byggje fleire studentbustadar og gjere det lettare for unge å kjøpe bustad – og ikkje minst vanskelegare for bustadhaiane å kjøpe fleire.

Vårt fellesskap kan så mykje betre enn dette, vårt fellesskap kan så utruleg mykje betre enn Høgre.

Studentar fortener så mykje meir enn fire nye år med urettferdig høgrepolitikk.


Les også: Rektorar kritiske til sein informasjon om studiestart

Rektor ved Høgskulen i Østfold, Lars-Petter Jelsness-Jørgensen, er kritisk til informasjonen frå regjeringa i samband med utsett fysisk studiestart. Foto: Bård Halvorsenhttps://framtida.no/2021/01/04/rektorar-kritiske-til-regjeringa-sin-informasjon-til-studentane