Politikk og samfunn

«Noreg har no moglegheit til å bruke NATO for å påverke politikken til større spelarar»

– Solidaritet må vere ein grunnplanke i utanrikspolitikken, skriv Tuva Rognås Strømmen og Vemund Viken frå Innlandet Arbeidarparti. Dei meiner det er viktig at Vesten står samla.

Tuva Rognås Strømmen (19) og Vemund Viken (28)
Internasjonalt utval, Innlandet Arbeidarparti
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Før sommaren landa Stortinget og regjeringa eit forsvarsforlik som kjem til å definere norsk sikkerheitspolitikk i åra framover. I den samanhengen er det fleire ting som er verdt å peike på: (1) eit samla Norden og Baltikum i NATO har moglegheita til å sette eit større fokus på våre perspektiv, (2) i kva grad Vesten vil klare å halde saman og (3) i kva grad denne situasjonen også stiller krav til den sivile beredskapen i Noreg.

Viktigheita av samarbeid

Poenget med internasjonale organisasjonar, er at dei fører til at ein får gjort meir saman enn åleine. Eit samla Norden i NATO vil gjere det naturleg at dei nordiske landa samarbeider om å fremme felles politikk inn i NATO sine organ. Det nye no, er at både Baltikum og Norden er samla i éin felles allianse.

Meir enn nokon gong har Noreg no moglegheit til å bruke NATO som ein større arena for å påverke politikken til større spelarar som USA og Storbritannia og vise kva tydnad vi har for deira sikkerheit.

Utviklinga i USA gjer dette meir relevant enn det elles ville vore. USA ligg slik til at dei må forhalde seg til eit meir ambisiøst Kina og eit Russland som bit seg fast i Ukraina. Samtidig er det uklart kva utanriks- og sikkerheitspolitikk USA vil føre med Trump som president. Vi meiner NATO er ein god arena for å vise fram kva tydnad Noregs plassering på kloden har for amerikansk sikkerheit. Eit samla Norden og Baltikum i den mektigaste politiske og militære alliansen i verdshistoria er med på å styrke den demokratiske kontrollen over militærmakt som politisk verkemiddel, i skarp kontrast til Russland og Kina.

Vestleg samhald

Den internasjonale situasjonen dei siste åra har vist tydnaden av at Vesten klarar å stå saman om eit felles sett med handlemåtar og verdiar, noko som har blitt utfordra dei siste åra. Særleg Donald Trump har stått for ein politikk der lojaliteten til eit felles vestleg verdisett er tvilsam.

I kontrast til det meiner Arbeidarpartiet og AUF at solidaritet må vere ein grunnplanke i utanrikspolitikken.

Der ekstreme krefter ønsker å svekke banda som har halde Vesten saman sidan 1945, meiner vi det no er viktigare enn på lenge å styrke banda som held oss saman. Difor har Ap/Sp-regjeringa varsla at Noreg når NATO sitt toprosentmål i år.

Krigen i Ukraina viser at Putin ikkje skil på militære og sivile mål, og at også den digitale infrastrukturen er sårbar. I statsvitskapen snakkar ein om dette som «samansette» eller «hybride» truslar, truslar med både ein militær og sivil side. Det må møtast med ein samansett respons, og der vil kommunane vere sentrale. Framtida sine kommunar må vere i stand til å identifisere eigne sårbarheiter, men òg spele på eigne styrkar og lokalkunnskap. Også her er det mykje å lære av Ukraina.

Til slutt: I ei meir usikker verd er trygg styring ein fordel. Vi ser viktigheita av internasjonalt samarbeid meir enn nokon gong, og at Vesten står saman mot krefter som utfordrar det liberale demokratiet.

Internasjonal solidaritet er meir relevant enn på lenge.