«Regjeringa stiller opp for studentane»

Andreas Oftedal
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Norske studentar fortener at viktige kampsaker blir innfridd. Difor treng vi ei Høgre-leia regjering også dei neste fire åra.

På tampen av juleferien fekk studentane beskjed om at den fysiske undervisningsstarten må setjast på vent og at dei difor kunne bli heime lenger – viss dei ville. Årsaka er kjedeleg, men ganske enkel: Pandemien blussar kraftig opp, og vi må nok ein gong ta i eit tak. Alle saman. Også studentar. «Nærast arrogant» er AUF-leiar Astrid Hoem si vinkling på det.

Studentane vart informerte først

I ein pandemi er det viktig å handle raskt. Smitten er på veg opp, og den finst i små bygder så vel som i storbyar. Vi vil ikkje at Norge skal hamne der mange land rundt oss er hamna no: I ein situasjon der sjukehusa er overfylte og helsevesenet knelar. Utviklinga gjennom jula gjorde at Erna og Bent i samråd med dyktige fagfolk no var nøydde til å gjere innstrammingar raskt for å få kontroll over situasjonen.

Det er verdt å minne om at studentane faktisk var dei første som fekk informasjon som gjaldt dei denne gongen, 2. januar, eit døgn før alle andre. Faktisk same kvelden som Folkehelseinstituttet kom med nye råd til regjeringa.

Så seint som 28. desember var rådet frå fagfolka å avvente situasjonen. Så fort dette endra seg gjekk regjeringa ut med informasjon, slik at dei studentane som ønskja og hadde moglegheiten til det kunne utsette reisa tilbake til studiestaden etter juleferien.

Har løfta studentøkonomien frå rennesteinen

Det er vanskeleg å få auge på arrogansen AUFs leiar meiner å sjå.

Det borgarlege fleirtalet utgjort av Høgre, Venstre, KrF og Frp er dei som har løfta studentane sin økonomi opp frå rennesteinen etter at dei vart oversett av den raudgrøne Stoltenberg-regjeringa i åtte år. Erna Solberg si regjering har levert og innført 11 månaders studiestøtte – og med det er ein av dei viktigaste kampsakene for studentar over mange år innfridd. I tillegg er stipendet auka utover øvrig prisvekst i samfunnet i alle åra Høgre har styrt.

Det er Erna Solberg si regjering som set av mange millionar til psykisk studenthelse i det som er ei utruleg vanskeleg tid for mange, og det er Erna Solberg si regjering som har oppmoda til å starte opp lågterskeltilbod på studiestadene. Det fjernar sjølvsagt ikkje all einsemd blant studentar, men det kan ingen regjering gjere. Det er vi som sjølv er studentar som er tettast på andre studentar. Også dei som slit. Det er kvar og ein av oss som kan gjere litt. Det er vi som kan ta ein telefon til kvarandre for å høyre korleis det går. Det er vi som kan invitere til filmkveld over Teams, eller ta ein luftetur i lag med ein meters avstand.

At det er behov for ein ny krisepakke for studentane som er permittert frå deltidsjobben sin, er vi i Høgres Studentar heilt samde i. Det er også Høgres studentminister Henrik Asheim, som alt før jul varsla at det arbeidet er i gang.

Skape meir og inkludere fleire er Høgre og heile regjeringa sitt mantra – og det er slik vi kjem oss ut av krisa også. Det aller viktigaste regjeringa kan gjere for oss som er studentar no er å sikre at vi går ut i ein sunn arbeidsmarknad når siste eksamen er avlagd.


Har du noko på hjarte? Send ditt innlegg til tips(a)framtida.no!

Koronaåret 2020 har òg byd på fine opplevingar både politisk og privat for ungdomspartileiarane. Foto: Privat