Klima og miljø

«Hordfast løyser ikkje klima- og miljøutfordringa»

Vi treng betre transport og tryggare reiser, men løysinga er ikkje ei monsterbru, skriv Andreas Bergmann frå AUF.

Andreas Bergmann (17)
Styremedlem i Fylkesstyret AUF i Vestland
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit svarinnlegg til «Hordfast handlar ikkje berre om betre framkome – det handlar om tryggleik og klima» av Mathias Heian Ræmisch (18) frå Bergen FpU

Brua over Bjørnafjorden blir kalla framtidsretta. Men det er ho ikkje. Ho er gammaldags politikk som øydelegg natur og låser oss til meir biltrafikk – alt for over 40 milliardar kroner. forslaget FpU støttar – med ei gigantisk bru over fjorden – er det mest ekstreme. Det er dette vi seier nei til.

Indre trasé er eit betre alternativ. Det vil gi betre samband utan å øydelegge like mykje natur. Vi sparer myrer og artsmangfald, og slepp store klimagassutslepp frå øydelagd natur.

Samtidig er indre trasé betre for folk flest. Det kan byggjast ut med betre kollektivtilbod – noko fleire faktisk har bruk for. Det er ikkje berre dei med bil og høg løn som skal vinne på nye vegprosjekt.

Vi treng betre transport og tryggare reiser, men løysinga er ikkje ei monsterbru. AUF vil satse på grønare, billigare og meir rettferdige løysingar – som indre trasé.

Indre trasé er bra for folk, miljøet, lommeboka og for framtida