FHI og Helsedirektoratet vil løyse opp i koronatiltaka

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tilrådingane kjem i forkant av at statsminister Erna Solberg (H) skal gjere greie for Stortinget om koronatiltaka som vart innførte 4. januar.

Både FHI og Helsedirektoratet tilrår å fjerne rådet om å unngå å ha gjester i heimen. FHI foreslår at regjeringa opnar for inntil fem gjester, i tillegg til husstandsmedlemmer.

Når det gjeld det nasjonale forbodet mot å servere alkohol på restaurantar og pubar, så er FHI og Helsedirektoratet usamde. FHI vil fjerne forbodet, medan Helsedirektoratet ønskjer å vidareføre det i to veker til.

– Helsedirektoratet meiner smittesituasjonen framleis er uoversiktleg, og vi er bekymra for at opning for skjenking på serveringsstader skal bidra til å auke mobiliteten og kontakten i befolkninga, og på den måten bidra til smittespreiing, heiter det i tilrådinga.

Tilrår lettar på skulane

I byrjinga av månaden vart òg smittevernnivået på ungdoms- og vidaregåande skular heva til raudt nivå. No blir dette tilrådd senka til gult nivå.

Helsestyresmaktene understrekar at smitteverntiltak må vere tilpassa den lokale smittesituasjonen og lokale føresetnader.

– Det er viktig å nå redusere tiltaksbyrda for barn og unge, då dei har vore ramma av restriktive tiltak i snart eit år, skriv Helsedirektoratet.

Direktoratet understrekar at det framleis er viktig å ha tiltak som avgrensar kontakten mellom folk, men at ein altså kan gjere visse justeringar.

NHO håpar skjenkestoppen blir fjerna

Ole Erik Almlid er direktør i NHO. Foto: Moment Studio

Råda frå FHI og Helsedirektoratet dannar det faglege grunnlaget for kva regjeringa vel å gjere med dei strenge koronatiltaka. Svaret på dette får vi når statsminister Erna Solberg (H) gjer greie for Stortinget frå klokka 12.

NHO-direktør Ole Erik Almlid håpar regjeringa vel å lytte til FHI og ikkje Helsedirektoratet når det gjeld skjenkestoppen.

– Når vi no ser at FHI tilrår at det ikkje lenger er behov for nasjonal skjenkestopp, forventar vi at regjeringa følgjer opp og fjernar det nasjonale forbodet. Forbodet truar eksistensgrunnlaget for serveringsbedrifter over heile landet. Vi må ha tiltak som er tilpassa det lokale smittenivået, seier han.

Endå strengare ved grensene

I tilrådingane trekkjer Helsedirektoratet fram utfordringar knytt til grensetiltaka som er innførte, og tilrår at regjeringa raskt vurderer meir inngripande tiltak dersom dagens tiltak ikkje er effektive nok.

– Slike tiltak kan vere å nekte innreise for personar som har fast tilhald i land med svært høge smittetal i ein kortare periode, heiter det i tilrådinga.

– Sjølv om tiltaket kan belaste delar av næringslivet som er avhengig av utanlandsk arbeidskraft, vil det på sikt kunne gjere mogleg at dei generelle tiltaka som gjeld befolkninga kan lempast noko på, heiter det vidare.

Fleire i samankomstar

FHI foreslår òg å lempe på reglane for kor mange som kan samlast i private arrangement i leigde lokale eller areal. Grensa bør vere ti personar innandørs og tjue utandørs.

Frå 4. januar vart det innført ein avgrensing på fem personar som kunne møtast i private samankomstar. I tilrådinga som Folkehelseinstituttet (FHI) og Helsedirektoratet la fram måndag, blir det foreslått å auke talet, og dessutan at det skal vere ulikt nivå for samankomstar ute og inne.

Samtidig blir tilrådinga vidareført om at barn i same kohort i barnehage eller barneskule kan møtast med eit nødvendig tal vaksne personar som tilretteleggjarar.


Fulltidsstudent Mina Edvardsen kunne fint ha kome seg til Universitetet i Stavanger, men taklar studiane mykje betre frå heimekontor. Foto: Privat