Min fyrste sommarjobb: NHO-sjefen stod grytidleg opp for å snikre

Helene Hovden Hareide
Publisert
Oppdatert 07.06.2021 14:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ole Erik Almlid har vore administrerande direktør i Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) sidan 2018. Før det har han hatt redaktørstillingar i ei rekke ulike aviser, som Aftenposten og Hamar Dagblad.

Men Ole Erik sitt fyrste møte med næringslivet var då han var 14 år, og jobba for ein byggmeister heime i Nord-Trøndelag. Vi stilte han nokre spørsmål om korleis det var.

Korleis fekk du jobben?

Faren min hjalp meg med å få jobben.

Kva bestod arbeidsoppgåvene dine i?

Eg var ein typisk handlangar. I tillegg var det ein del rydding, og ikkje minst så sorterte eg mykje plankar og andre materialar.

Ole Erik Almlid saman med statsminister Erna Solberg. Foto: NHO

Hadde du sommarjobben i fleire år?

Eg hadde jobben i tre år. Etter kvart fekk eg også lov til å prøve meg litt på å snikre.

Kva var det beste med jobben?

Det beste med jobben var nok å tene eigne pengar, og ikkje minst å få lov til å gjere noko heilt nytt. Det var også utruleg artig å sjå korleis ein bygger eit hus.

Eg sov ingenting den natta, og syntest det var heilt forferdeleg!

Pengane han tente brukte Ole Erik Almlid på spikarbelte og koppnøkkelsett. Foto: Colourbox

Kva var det verste?

Det verste var definitivt å stå opp om morgonen. Eg hugsar at eg måtte opp grytidleg!

Kva var den største tabba du gjorde?

Den største sommarjobb-tabba mi gjorde eg på ein annan sommarjobb nokre år seinare. Og den tabba kjenner eg framleis i kroppen. Eg var 18 år og jobba i fotobutikk. Der tok vi imot filmrullar frå kundar. Rullane skulle leggjast i ein koffert og leverast i posten, slik at dei dagen etter kom tilbake som ferdige bilete.

Ein dag gløymde eg å levere kofferten i posten, slik at alle kundane fekk bileta sine ein dag seinare enn forventa.

Eg sov ingenting den natta, og syntest det var heilt forferdeleg!

Eg brukte alle pengane på spikarbelte og koppnøkkelsett.

Kva lærte du?

Eg lærte fleire ting. Eg vil særleg trekke fram det å vere presis, kaste seg ut i nye oppgåver og å samarbeide med andre. I tillegg lærte eg jo litt snikring, som eg framleis har nytte av den dag i dag.

Kven blei du kjend med?

Massevis av folk – både kundar og dei andre tilsette der eg jobba.

Kva brukte du pengane til?

Eg likte godt å skru og snikre, så eg brukte alle pengane på spikarbelte og koppnøkkelsett.

Foto: Privat/Tore Sætre/Wikimedia/CC BY-SA 4.0