Koronaord toppar bannlyst-liste
Koronarelaterte ord og fraser er dei som flest vil bannlyse frå 2020-vokabularet, ifølgje amerikansk ordliste.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kvart år samanfattar det amerikanske Lake Superior State University ei liste over bannlyste ord.
2020 har ført til at ei rekkje nyord er komne på nei-lista.
– Det bør ikkje overraske nokon at dette årets liste var dominert av ord og termar relaterte til Covid-19, sa universitetet sin PR-sjef Peter Szatmary i ei pressemelding.
Det var Khrono som først omtalte saka.
Sju av ti koronaord på topp
Universitetet inviterte publikum til å kome med forslag til lista, og kring 250 av dei godt og vel 1450 nominasjonane hang saman med koronapandemien.
Det har ført til at sju av dei ti orda universitetet bannlyser er koronarelaterte:
- Covid-19 (Covid, coronavirus, ‘rona)
- Social distancing
- We’re all in this together
- In an abundance of caution (i ulike variantar)
- In these uncertain times (i ulike variantar)
- Pivot
- Unprecedented
- Karen
- Sus
- I know right?
Samstundes som komiteen anerkjennar at ein del av dei koronarelaterte orda og termane er nyttige for å hindre spreiing av viruset, så er dei klare for at dei skal verte unyttige.
«Komiteen kan ikkje hjelpe for å ynskje at vi kan bannlyse dei saman med viruset sjølv,» står det i ei grunngjeving.
Det er likevel ikkje berre korona som har sett sitt preg på nei-lista. Dei tre siste plassane går til ord som ikkje har noko med pandemien å gjere.
Karen, som også vart løfta fram av britiske Oxford English Dictionary, vart først nytta for å skildre korleis nokre kvite kvinner oppførte seg mot ikkje-kvite menneske, men har ifølgje grunngjevinga mista si opphavelege meining.
Sus er ei gamer-forkorting av suspicious, medan frasen I know right vert kritisert for å vere overflødig og meiningslaus.
Over 40 år med bannlyste ord
Lake Superior State University har publisert lister over bannlyste ord i over 40 år. Målet er å fremje godt språk ved å setje fokus på ord og termar som er brukte for mykje, overflødige, sjølvmotseiande, ulogiske eller meiningslause, eller på andre måtar er ineffektive eller irriterande.
Då lista vart publisert for første gong, i 1976, var dei bannlyste orda mellom anna macho, dialogue og meaningfulness – sistnemnde fordi dei ironisk nok meinte det hadde mista all meining.
Seinare har ord som fax (1990) party (1994), talk to the hand (1998), dawg (2006) BFF (2011) vorte bannlyste.