Skular og universitet kan måtte vente lenger med opning

Norsk studentorganisasjon ser alvorleg på situasjonen og håpar dei strenge smitteverntiltaka kan avviklast så fort som mogleg.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skular og universitet kan måtte vente lenger med opning

Studentar og elevar i vidaregåande skular må vere førebudde på at krisetiltaka vil lamme utdanningssektoren òg etter 19. januar, varslar regjeringa.

Beskjeden får studentane til å fortvile.

– Vi ser med stort alvor på ei vidare nedstenging av universitet og høgskular. Studentane gir tilbakemelding om at situasjonen er svært vanskeleg no og utfordrande både for studiemotivasjon og for psykisk helse. Vi håpar tiltaka kan avviklast så fort som mogleg, seier leiar i Norsk studentorganisasjon Andreas Trohjell til NTB.

Klar beskjed

Universitet og høgskular er førebels stengde for fysisk undervisning fram til tysdag neste veke. På ein pressekonferanse onsdag vil det komme ny informasjon om smittesituasjonen, og mot helga skal regjeringa bestemme seg for kva tiltaksnivå dei skal leggje seg på.

Men allereie no er sjansen stor for at tiltaka blir forlengde, seier kunnskapsminister Guri Melby (V) og forskingsminister Henrik Asheim (H) til Dagbladet.

Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) seier det er stor sjanse for forlenga smittevernstiltak for studentane. Foto: Venstre

– Det er viktig for oss at folk er førebudde på innstrammingar, seier Melby.

Regjeringa planlegg no for tre scenario, og eitt er å halde på raudt nivå på skular og stramme til ytterlegare. Det kan òg bety framleis heildigital undervisning på universiteta.

– Bundne av råda fra helsestyresmaktene

Asheim seier til NTB at han forstår frustrasjonen til studentane.

– Vi håpar å kunne gi informasjon så raskt som mogleg, seier han.

Regjeringa har fått kritikk for å informere om dei siste innstrammingane først dagen før skular og universitet skulle opne etter nyttår.

Minister for forsking og høgare utdanning Henrik Asheim (H) seier han forstår at studentane er frustrerte. Foto: Kunnskapsdepartementet

– Det kom jo veldig brått på sist, og det var fordi rådet kom veldig brått på. Studentane fekk beskjed same dagen som vi fekk beskjed. Eg håpar at vi kan få ei vurdering over helga på smitteråd og kunne gi eit noko betre svar då, seier Asheim.

Men førebels er det for tidleg å seie korleis det blir framover.

– Vi er litt bundne av råda vi får frå helsestyresmaktene, seier Asheim.

– Så dei som har blitt heime, kan godt bli heime litt lenger?

– Nei, du får ikkje meg til å seie det. Men vi skal prøve å gi den informasjonen med betre tid enn vi gjorde sist.

UiO er i beredskap

Rektor Svein Stølen ved Universitetet i Oslo er spent på kva tiltaksnivå regjeringa no vil leggje seg på.

– Vi er i beredskap for å starte opp med fysisk undervisning i den augneblinken vi får grønt lys, seier han til NTB.

Men samtidig ser han ikkje for seg at det blir mykje fysisk undervisning no.

– Men vi brukar det moglegheitsrommet vi har, og vil vere så opne som mogleg og så lukka som påkravd gjennom heile semesteret. Det vil bli ei blanding av digital og fysisk undervisning, seier han.

– Dette er krevjande, men vi har ein fantastisk stab som kjem til å gjere alt dei kan for å gjere dette best mogleg for studentane, understrekar rektoren.

Fleire oppsøkjer helsetenesta

For dei nye studentane som byrja 4. januar, er situasjonen ekstra krevjande, seier Stølen.

– Mange av dei er unge og manglar studieerfaring. Dei har hatt ei studiestartveke med digitalt opplegg i mindre grupper. Men dei har òg fått lov til å møte kvarandre i små grupper, gjerne utandørs. Vi må gjere så godt vi kan og bidra til eit studentfellesskap i studietida.

Samtidig opplever universitetet at studentane slit meir enn før.

– Vi har nok noko fleire førespurnader til SiOs helseteneste enn vanleg, medgir Stølen.


Les også meiningsinnlegegt frå AUF-leiaren: «Regjeringa oppfører seg nærast arrogant overfor norske studentar»

AUF-leiar Astrid Hoem. Foto: AUF