Legebesøket enda i tårer: «Køddar du med meg? BMI? Verkeleg?»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Nyleg var eg til legen for å måle blodtrykket mitt. Berre ein vanleg rutinesjekk sidan eg går på p-piller, og derfor er eg pittelitt meir utsatt for å få blodpropp enn folk som ikkje går på p-piller.

Urettferdig spør du meg. Men sånn er det berre når eg ikkje vil sette inn andre ting i kroppen min, og samtidig er megaparanoid for å bli gravid.

Stress = høgt blodtrykk

Det var tidleg om morgonen, og eg var litt stressa.

Eg tok trikken til legen (korona + trikken + Oslo = stress).

Venta ei stund på venterommet med andre folk med munnbind (korona + folk = stress).

Vart kalla inn til legen (no kjem han til å seie at noko feilar meg = stress).

Får opplyst at det er auka sannsynlegheit for at eg får blodpropp på grunn av p-pillane (blodpropp = stress).

Måtte ta av meg genseren fordi eg hadde ermer som ein ikkje kunne brette opp (sitte i gjennomsiktig bh framfor den mannlege legen = stress). 

Apparatet målte at eg har litt høgt blodtrykk. Sjokk

Kjente at det stramma seg rundt arma når han tok blodtrykket mitt (no kjem han til å fortelle meg at eg har skyhøgt blodtrykk = stress).

Vart ekstra var på kor fort hjarta mitt banka (BANKAR HJARTET MITT FOR FORT?!?! = streeeeess), og måtte måle blodtrykket 3 gongar for å måle gjennomsnittet (ÆÆÆÆÆ HAN MÅLAR BLODTRYKKET TRE GONGAR! DET KAN BERRE BETY AT NOKO ER GALE! PUST ROLIG NO! = STRESS!!!).

Apparatet målte at eg har litt høgt blodtrykk. Sjokk.

Legen fortel meg at eg framleis kan gå på p-pillene mine, fordi dei ikkje var av den «farlegaste» sorten, men at vi må sjå nærare på blodtrykket mitt. Det er greit, tenkjer eg.

Oppgav du nettopp BMI-en min?

– Kor mykje veg du?

F#*n.. Eg skulle ønskje eg ikkje hadde stilt meg på badevekta for 2 veker sidan. Før det hadde eg jo ikkje gjort det på mange år. Unødvendig å få vondt i magen av å sjå eit tal ein ikkje treng å utsette seg for.

– Kor høg er du?

Hm. Har han verkeleg tenkt å gå den vegen eg trur?

– Mhm. Jaha. Ok. BMI-en din er X, og den burde vere under Y. Trener du nok? Har du eit sunt og variert kosthald?

Køddar du med meg??? Oppgav du nettopp BMI-en min? Er dette tull? Er vi ikkje ferdig med å bruke BMI som ei påliteleg kjelde?

Høgd og vekt og ikkje noko meir

BMI ser berre på høgd og vekt, akkurat korleis og kva som er dei forskjellige kategoriane vil eg spare deg for.

Ikkje søk det opp heller, ver så snill.

Om denne vekta er beinmasse, musklar eller feitt, seier den ikkje noko om. Det er også den same formelen som blir brukt på både kvinner og menn, sjølv om kvinner biologisk har meir feitt på kroppen for å kunne la eit anna menneske vekse inne i seg.

Kvar fettet er plassert på kroppen seier BMI heller ikkje noko om. Kan då BMI-en eigentleg seie noko om kor «sunn» eg er?

Sjølv om eg eigentleg er klar over dette, forlot eg kontoret med tårer rennande nedover kinnet. Eg skulle berre på ein årleg rutinesjekk. Heilt ufarleg, i utgongspunktet.

Prøvar å vere snill med kroppen min

Eg jobbar hardt for å ha eit avslappa forhold til mat, trening og kropp.

Eg prøver å kjenne etter når eg er svolten, når eg er mett, og kva mat eg ønskjer å ete.

Om eg har lyst på ein salat, så et eg ein salat. Om eg har lyst på sjokolade, så et eg sjokolade. For nokon er dette kanskje enkle ting, men for mange er dette veldig vanskeleg.

Eg prøver å gjere trening og mosjon til noko positivt og fint noko, som eg berre skal gjere  fordi eg har lyst og for mi eiga mentale helse. IKKJE for å straffe meg sjølv, gå ned i vekt, eller prøve å endre på kroppen min.

Dette er vanskeleg. Særleg når folk rundt meg ofte snakkar om kropp, mat, kosttilskudd, diettar, sukker, karbohydratar og feitt.

Eg prøvar å vere snill med kroppen min, og å seie til den at det er heilt fint at den ikkje ser ut som den gjorde då den var 16 år. Og ikkje berre at det er heilt fint, men at dette er heilt fantastisk. At kroppen min er fantastisk, sjølv om den har strekkmerke, cellulittar, rynker og arr. Det er langt i frå kvar dag det går, men eg prøver, og det er flott.

«Helsefagleg vurdering»

Legen visste ikkje at dette er noko eg jobbar hardt med. Spurde gjorde han heller ikkje, før han oppgav ein BMI som kategoriserer meg som overvektig. Eit ord som blir forbunde med så mange negative trekk, at eg ikkje klarte å halde tårene tilbake.

Burde eg trene meir? Burde eg spise mindre? Kanskje kutte ut godteriet? Burde eg starte å vege meg igjen? Kanskje starte å måle meg sjølv frå topp til tå framfor spegelen i sjølvforakt?

Eit besøk hos legen skal ikkje få ein til å revurdere sunne vanar ein har jobba med å bygge seg opp. Det skal heller vere med på å halde ved like desse vanane, og vere med på å betre helsa, ikkje gjere den verre.

Neste gong ein lege vil dele si «helsefaglege vurdering» av kroppen min med meg, håper eg at vedkomande spør meg om eg vil ha ei slik vurdering. Då skal eg seie klart og tydeleg «nei takk, den kan du halde for deg sjølv».


Les også: «Når begynte dei å henge saman? F*en, livet ditt syg i forhold til deira»

Emilie Hansen vågar ikkje avsløre kor mykje tid ho brukar på biletappen Instagram. Illustrasjonsfoto: Eric Lucatero, Unsplash.com