TikTok skjuler videoane til «stygge», fattige og folk med funksjonsnedsetjing

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 02.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Moderatorar hjå TikTok skulle gøyme videoar frå folk som var for stygge, fattige eller hadde funksjonsnedsetjingar, for å tiltrekkje seg nye brukarar.

I tillegg har det kinesiske sosiale mediet strenge retningslinjer for kva politisk innhald dei vil tillate.

Det syner interne dokument som nyheitsavisa The Intercept har fått tilgang til.

90 prosent 13-18 åringar brukar TikTok

TikTok er eigd av ByteDance, eit selskap med hovudsete i Beijing, Kina. Det sosiale mediet held fram med å vekse, og nyleg kunne Business Insider melde at TikTok har vorte lasta ned heile 2 milliardar gongar.

Medietilsynet si årlege undersøking «Barn og medier» 2020 viser også at appen er populær blant norske ungdommar. 71 prosent av norske 11-12-åringar brukar TikTok, og godt over 90 prosent av dei mellom 13 og 18 år.

Kontroversapp

Det har likevel ikkje vore fritt for kontroversar for TikTok:

I september i fjor fortalde The Guardian at appen sensurerte innhald som kritiserte Beijing, og månaden etter vart afghansk-amerikanske Feroza Aziz (17) blokkert frå TikTok etter at ho kritiserte kinesiske styresmakter.

I desember 2019 innrømde TikTok å ha skjult videoar frå brukarar med funksjonsnedsetjing, som var tjukke eller LHBT+, og forklarte det med at dei forsøkte å verne desse frå mobbing.

I januar ba den amerikanske hæren sine tilsette om å slette appen, då dei frykta den utgjorde ein cyber-trugsel.

For stygg til å anbefalast

No har The Intercept kasta meir lys på TikTok sine retningslinjer. Dokumenta nettavisa har fått fatt i skal opphaveleg ha vore skrive på kinesisk, men seinare vorte omsett til engelsk for dei internasjonale kontora til TikTok.

Videoane som dukkar opp på TikTok si tilrådingsside «For You» er styrt utfrå visse kriterium. Desse kriteria har alltid vore hemmelege, men eit dokument skisserer kva videoar det sosiale mediet vil skjule.

TikTok-moderatorar skal ha fått beskjed om å luke vekk videoar basert på:

  • Kropp. Vekk med videoar frå brukarar som hadde «unormal kroppsfasong», var lubne, overvektige eller for tynne. Openberr ølmage var også på nei-lista.
  • Fjes. TikTok ville ikkje løfte fram brukarar med stygge ansikt, som mangla fortenner, hadde for mange rynker eller openberre arr i ansiktet, med augeproblem, skeiv munn eller misdanningar i fjeset.

Ifølgje dokumentet er det personen i videoen som er i fokus, og dersom vedkomande ikkje ser bra ut vert videoen mindre attraktiv og ikkje verdt å anbefale til nye brukarar.

Ikkje fancy nok for TikTok

Samstundes skulle moderatorar vere kritiske til omgjevnadane videoar var filma i. Videoar som synte slitne eller falleferdige omgjevnadar og hus, slummar og landlege område skulle lukast vekk.

Dette gjaldt også innsida av hus. Var det sprekker i veggar, gamle dekorasjonar eller skite og rotete, skulle ein video ikkje anbefalast. Slikt var ikkje tiltalande eller fancy nok for TikTok.

Unntaket var om dei landlege områda var eit vakkert landskapsmotiv.

TikTok: – Skulle hindre mobbing

The Intercept skriv at det er uklart kor utbreidd denne ekskluderingspraksisen har vore.

Desse utsjånadsbaserte retningslinjene var ifølgje Josh Gartner, talsmann for TikTok, eit tidleg forsøk på å hindre mobbing.

Garter seier til The Intercept at det er snakk om dei same retningslinjene som først var omtalt i desember av den tyske nettstaden Netzpolitik, og at TikTok hadde gått vekk frå dei allereie før The Intercept fekk tilgang til dokumenta.

The Intercept held fast på at dette ikkje er same retningslinjene. Dei nyoppdaga dokumenta inneheld nye kriterium for å verte ekskludert, og har ikkje spor av anti-mobbing-forsvaret. I dokumenta vert retningslinjene forsvarte utfrå målet om å tiltrekke seg nye brukarar.

Sensurerer politisk innhald

Andre dokument The Intercept har fått fatt i, omhandlar retningslinjene for direktestrøyming.

Retningslinjene inneheld mykje ein kan ta tak i, men det The Intercept særleg har bite seg merke i ligg under fanen controversial content.

Der står det mellom anna skrive at ein kan verte mellombels stengt ute frå TikTok om ein æreskrenkjer offentlege tenestemenn, eller politiske eller religiøse leiarar, for å nemne nokre.

Dersom ein har ei direktesending om statlege organ, som politiet eller militæret, så kan ein verte stengd ute i tre dagar.

Om TikTok meiner nokon set den «nasjonale æra» i fare med direktesendinga si, så kan dei verte utestengde frå appen på livstid. Den same straffa kan ein få dersom ein «vrenger på lokal eller andre land si historie».

Vil minimere konflikt

TikTok-talsmann Gartner seier til The Intercept at dei fleste av retningslinjene for direktestrøyming som avisa har sett anten «ikkje lenger er i bruk, eller i nokre tilfelle ser ut til å aldri ha vore i bruk».

Han seier TikTok i starten tok ei direkte tilnærming for å minimere konflikt, og at retningslinjene opna for å straffe dei som delte innhald som promoterte konflikt. Josh Garter vil ikkje gjere det klart for The Intercept om retningslinjene framleis er i kraft med andre formuleringar.

The Intercept viser til anonyme kjelder som seier at retningslinjene både for sensur utfrå politisk innhald og eksklusjon på grunn av utsjånad i alle fall var i bruk på slutten av 2019.

Daniel Dahl Eriksen fjerna seg frå sosiale medium for å sleppe unna mobbing. Foto: Peder Skjelten