SV er uroa for fleire privatskular

Delen private skular i Noreg har auka med 61,8 prosent sidan 2010. SV er bekymra, og vil endre friskulelova.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

SV er uroa for fleire privatskular

Både delen private grunnskular og delen elevar i private grunnskular går opp. Det same gjeld for vidaregåande skular. Det viser ein ny rapport frå Statistisk sentralbyrå (SSB) om tilstanden i norsk skule.

Tala viser òg at medan det var 3,5 prosent private grunnskular i 2003, hadde delen auka til over 9 prosent i 2019. Auken er på 61,8 prosent frå 2010 til 2020.

Utviklinga bekymrar SV.

Mona Fagerås i SV er uroa for at det blir stadig fleire private skular i Noreg. Ho ønskjer å endre friskulelova. Foto: SV / Wikipedia

– Ei dobling av godkjende privatskular under snart åtte år med borgarleg regjering bør få varsellampene til å blinke. Held denne utviklinga fram i same tempo, vil fellesskulen om få år liggje i ruinar, seier SVs utdanningspolitiske talsperson Mona Fagerås til NTB.

Kunnskapsdepartementet: – Moderat utvikling

Frå 2019 til 2020 auka delen private skular med 2,3 prosent, medan delen elevar i private grunnskular auka med 4 prosent.

Delen private vidaregåande skular har auka frå i overkant av 18 prosent i 2008 til over 22 prosent i 2019, viser rapporten.

Statssekretær Anja Johansen (V) i Kunnskapsdepartementet påpeikar at SSB-statistikken viser at delen private skular aukar betydeleg meir enn delen elevar. 

– Utviklinga er moderat om ein ser på delen elevar, som har auka frå 2 prosent til 4,3 prosent frå 2003 til 2020, seier ho i ein kommentar. 

Ho seier årsaka er at det er lagt ned fleire kommunale skular enn det er oppretta private.

I skuleåret 2019–2020 gjekk 4,25 prosent av elevane i grunnskulen og 8,2 prosent av elevane i vidaregåande skule i friskular. 

Les også: Forbrukartilsynet ber studentar sjå opp for urimelege skulekontraktar

Vil endre friskulelova

– Det er naivt å tru at framveksten av privatskular berre er eit hyggjeleg supplement til den offentlege skulen. For kvar elevplass som blir oppretta i ein privat skule, så blir det trekt ressursar ut frå den offentlege skulen, seier Fagerås. 

Ho seier SV vil endre friskulelova og gjere det vanskelegare for private aktørar å starte opp, og gi kommunane meir makt til å bestemme kva skular som får starte opp i kommunane deira

Anja Johansen meiner ikkje som SV at utviklinga truar fellesskulen.

– Det store fleirtalet av elevar går i fellesskulen. Vi fryktar ikkje at valet til eit mindretal av alternative skular truar fellesskulen, seier ho. 

– Regjeringa si viktigaste oppgåve på skulefeltet er å styrkje den offentlege skulen og setje han i stand til å løfte alle elevar. Samtidig er vi opptekne av at foreldre og elevar som ønskjer å velje noko anna enn den offentlege skulen, skal ha moglegheit til det, seier Johansen på spørsmål om utviklinga. 

Bør Noreg ha fleire privatskular?

Bør Noreg ha fleire privatskular?

Ja, det sikrar mangfald7
Ja, så lenge staten ikkje betalar0
Nei, staten bør ikkje sponse private skular9
Veit ikkje1
Svar totalt: 17

Skuldar på regjeringa

Mona Fagerås kallar utviklinga «ein villa politikk frå regjeringa». 

– Liberaliseringa og privatiseringa til høgresida av norsk skule rammar valfridommen til elevane og svekkjer kvaliteten og mangfaldet i den offentlege skulen. Dette er svært urovekkjande, seier ho. 

– Friskulane utgjer ein liten, men viktig del av det samla opplæringstilbodet i Noreg. Friskulane gir foreldre og elevar moglegheit til å velje alternative skular, og denne valfridommen ser vi i regjeringa på som positiv. Friskulane bidreg òg til auka mangfald og meir læring mellom skular, seier Johansen i ein kommentar.


Les også: Datatilsynet om kamera i digital undervisning: – Må erkjenna at det er ei større belastning å ha på kamera

Seksjonssjef ved seksjon for offentlege tenester i Datatilsynet, Camilla Nervik. Foto: Datatilsynet