Forbrukartilsynet ber studentar sjå opp for urimelege skulekontraktar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tilsynet ber spesielt dei som har søkt privatskule utanom Samordna opptak om å vere oppmerksame på betalingsfristen for semesteravgifta.

Bente Øverli er nestleiar i Forbrukartilsynet. Foto: Kimm Saatvedt

– Vi har fleire gonger funne at betalingsfristen for semesteravgift på enkelte privatskular har vorte sett til før svaret frå Samordna opptak har vorte publisert, seier nestleiar Bente Øverli i Forbrukartilsynet.

Dermed blir studentane låst til den første avtalen, før dei veit kva for andre skular dei har komme inn på.

20. juli blir hovudopptaket frå Samordna opptak tilgjengeleg, og dei aller fleste søkarane får svar på om dei har komme inn på ønskt studium.

Sjekk reglar og kostnadar først

Øverli ber òg studentar om å sjekke kva det kostar å avbryte studiet, både før semesterstart og undervegs i semesteret.

Sjekk òg kva for reglar som gjeld dersom du må avbryte på grunn av sjukdom, oppmodar ho.

– Ei utdanning kan koste fleire hundre tusen kroner og er ofte ein av dei første store økonomiske avgjerder unge forbrukarar gjer. Derfor er det svært viktig at studentar set seg inn i kontrakten og unngår å hamne i uønskte situasjonar, seier Øverli.

1. juli tok Marte Øien fatt på vervet som leiar for Norsk Studentorganisasjon. Foto: NSO/ Skjalg Bøhmer Vold