Ole Kristian (32) skriv nynorsk slik som Aasen gjorde det: – Godt for auga å lese

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi vil ha eit norsk mål som er tufta på dei norske målføra. Vi vil ha eit norsk som kan stå på eigne bein – med indre reglar som er føreseielege og sitt eige ordtilfang, fortel Ole Kristian Grønneng.

32-åringen frå Solør i Hedmark er formann i Høgnorskringen, ein av organisasjonane som vil løfte fram nynorsken slik som Ivar Aasen skapte den.

Frå beinharde puristar til nynorsknære

Sjølv skildrar formannen Høgnorskringen som ein slags nynorsk variant av Riksmålsforbundet, men utan den same pengesekken.

Det høyrest kanskje fjernt ut for mange å skulle bruke rettskriving frå siste halvdel av 1800-talet i 2020, men Grønneng meiner Aasen la alle grunnsteinane som trengst – sjølv i eit moderne samfunn.

Visste du til dømes at det finst eit høgnorsk avløysarord for ordet computer? Det er ikkje datamaskin, men telja!

Formannen påpeikar at det mellom høgnorskingane er alt frå beinharde puristar som skriv nett som Aasen utan eit framandord i sikte, til dei som skriv nærare dei seinare rettskrivingane i nynorsk.

Det tydelegaste kjenneteiknet på ein som skriv høgnorsk, er endingane -i, -or og -one: som i lidi, sidor og sidone.

Ole Kristian Grønneng brukar mellom anna i-endinga, som her i «vegarbeidskilti» Skjermdump: Privat

– Etter 2005 tel alle bokmålsord som god nynorsk

Høgnorskringen er medlem av Ivar Aasen-sambandet, som vart danna av utbrytarar frå Norsk Mållag i 1965.

Det var ein reaksjon på samnorskpolitikken, som sambandet meiner har ført nynorsken stadig nærare bokmålet.

Grønneng meiner stoda for nynorsk ikkje har vorte særleg betre med den siste rettskrivingsreforma, som tredde i kraft i 2012.

– Eg trur ideen har vore at berre vi gjer nynorsken stor nok, så kan vi famne om alle og alle er med, men eg trur ikkje det er slik det fungerer, fortel han og peiker på den store valfridomen som i dag eksisterer i nynorsk.

I dag kan ein nynorskbrukar til dømes velje mellom å «gi», «gje» eller «gjeve», og ein skal halde tunga rett i munnen om ein skal klare bruke kløyvd infinitivt korrekt og konsekvent.

– Etter 2005 tel alle bokmålsord som god nynorsk, seier han ein smule oppgitt, og viser til at nokre såkalla «an-be-het-else-ord» vart tekne inn i varmen.

Høgnorskring-formannen meiner det søkkande talet på unge nynorskbrukarar viser at større valfridom ikkje fører til fleire nynorskkunnige, og fryktar at resultatet av reformane på sikt vert at dei to skriftspråka smeltar saman.

– Kan bere dialektene inn i framtida

Grønneng presiserer at høgnorskrørsla ikkje konkurrerer med målrørsla i dag, men heller er «noko attåt».

Samstundes meiner han slagordet «Snakk dialekt, skriv nynorsk» har nokre svakheiter.

– Ideen om at ein skal skilje strengt mellom skriftmål og talemål er merkeleg. Det er ein teoretisk skilnad. Vi som lever i eit samfunn med skriftkultur brukar ofte ord vi aldri har høyrt uttalt, men berre sett skrive. Vi må ha idear om korleis ein uttalar det, seier han.

Problemet er at det snik seg inn mykje boksmålspreg med ein gong ein møter eit ukjent ord som ein ikkje klarar plassere inn i dialekta si, meiner høgnorskformannen.

– Dialektane er under press, på grunn av samfunnsendringar, urbanisering og utvikling av kommunikasjonsmiddel. I den prosessen håpar eg nok folk kan samle seg rundt nokre standardar som er sams for alle desse målføra som på kvar sin kant er på veg ut.

Såleis trur han normering av tale ikkje er ein trugsel mot dialektane i landet, men heller kan vere noko som styrkar dei – eit nynorsk alternativ og ein felles klangbotn.

– Den klassiske nynorsken kan bere dialektene inn i framtida, i staden for at dei berre vert viska ut i minimale versjonar, meiner Grønneng.

Samstundes trur han ein felles standard vil gjere det enklare for folk å forstå kvarandre:

– Det er lettare å gå inn i ein butikk i Oslo og høyre om kva storleik ei t-skjorte har, enn «hæffer» ein storleik.

– Korkje naudsynt eller tilrådeleg

vangsnes,

Språkforskar Øystein A. Vangsnes. Foto: Stig Brøndbo, UiT

– Det er ikkje nokon grunn til å umiddelbart frykte ei samansmelting mellom dei to skriftspråka, skriv Øystein Vangsnes i ein e-post til Framtida.no.

Han er professor i nordisk språkvitskap ved UiT Noregs arktiske universitet, og professor II ved Høgskulen på Vestlandet.

Vangsnes påpeikar at den siste rettskrivingsreforma i 2012 på visse område flytta norma nærare bokmål, men på andre område lenger vekk frå det.

– Høgnorsk skil seg sjølvsagt endå tydelegare frå bokmål, men eg ser på promotering av meir høgnorsk som korkje naudsynt eller tilrådeleg for å demma opp for bokmålsdominansen i det norske samfunnet, fortel Vangsnes.

Språkforskaren trur heller ikkje høgnorsk talemål kan påverke dialektutviklinga særleg, med mindre det tek over for bokmål og sentralaustnorsk talemål som det mest prestisjefylte språket her til lands.

Brukar høgnorsk overalt – unntatt på jobb

Øystein Vangsnes trur dei fleste opplever høgnorsk som framand og reaksjonært, og trur ikkje det bidreg til meir positive haldningar til målrørsla.

Men Ole Kristian Grønneng fryktar ikkje at høgnorsk skal gå på kostnad av nynorsk generelt, eller skremme folk vekk frå skriftspråket:

– Eg trur heller det kan kveikje ein god del interesse. Ein får sjå noko som er godt for auga å lese og det er godlæte for øyre å høyre, seier han og fortel at ein kollega i kommunen vart inspirert til å plukke oppatt nynorsken etter å ha lese litt høgnorsk.

Sjølv har 32-åringen frå Hedmark gradvis nærma seg høgnorsk. I grunnskulen skreiv solungen bokmål, før han på tampen av vidaregåande bytte til nynorsk, og på universitetet fekk augo opp for høgnorsk.

I dag bur og arbeider han i hovudstaden. Vervet som formann er frivillig og sørgjer ikkje for salt i grauten, så han arbeider også fulltid i administrasjonen hjå Oslo kommune.

I jobbsamanheng lyt han rette seg etter språkreglane på huset, men på privaten brukar han høgnorsk til alt – i tekstmeldingar, Messenger og på e-post.

Skjermdump frå Ole Kristian Grønneng

Nokre trur han skriv dialekt eller at e-posten er «frå nokon langt ute på landsbygda», men stort sett er reaksjonane positive:

– E-posten på høgnorsk er som ein liten juvel i haugen av gråsteinar dei får kvar dag, seier Grønneng.

Samstundes trur Ole Kristian Grønneng det er lett for å verte oppfatta som betre enn ein er, dersom ein skriv høgnorsk.

– Det er ikkje ein svindlar i Nigeria eller India som har skrive det. Det er folk med ærlege formål. Så kanskje det er eit tips til byrå og næringsliv i Noreg? Skriv meir høgnorsk! seier han og ler.

Paddeby

Flyfoto av Paddeby, Vadsø. Foto: Vadsø museum – Ruija kvenmuseum, CC BY-SA 4.0-lisens