Vil etablere hjelpetelefon for studentar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er strålande om dette kjem på plass, spesielt når det vert gjort i tett samarbeid med samskipnadene, seier velferds- og likestillingsansvarleg i Norsk studentorganisasjon, Jonas Økland, til kunnskapsavisa Khrono.

– I hjelpelinja for studentar skal det sitje dedikerte menneske som veit kva studentlivet dreier seg om. Det er viktig at dei veit kva studentane står i. Det skal ikkje vere heilt generelt. Vi skal vere godt skolerte på kva som skjer på dei ulike campusane og kva tiltak som finst. Tenesta skal vere eit lågterskeltilbod for gode samtaler, der vi også kan rettleie dei vidare til andre tilbod, seier prosjektleiar Vidar Torbjørnsen til Khrono.

Mental Helse har allereie eit etablert samarbeid om tilbodet med Studentsamskipnaden i Søraust-Norge og i Agder.


  • Les også om den nye Youtube-serien «Føler’n», som Mental Helse Ungdom håpar vil inspirere gutar til å snakke meir om kjensler: – Det er jo litt tabu

Programleiar Oskar Fjørtoft Sandanger og gjest Herman Flesvig, i Youtube-serien: Føler’n.