Har skrive bok om nakenbilete på avvege: – Viktig å vise at det ikkje berre skjer med baben i klassa

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg trur dette med biletspreiing på nett er mykje større enn det vi som vaksne og foreldre klarar å forstå, fortel Sigrid Agnethe Hansen på telefon til Framtida.no.

30-åringen frå Harstad i Troms debuterer no som forfattar med romanen Ser du dette? på Samlaget.

– Ikkje berre den typiske baben

– Førebels er det folk eg kjenner som har lese den. Eg veit at to av lesarane som var over 50 år byrja grine medan dei las den, fortel forfattar Sigrid Agnethe Hansen. Omslag frå Samlaget.

Boka skildrar livet til 15 år gamle Anna.

Ho er ikkje som «jentene med langt, blondt hår». Ho har ikkje «perfekt sminke og tyggisbobler og så tronge bukser at [ho] må slutte å ete meir enn eit eple og ei gulrot om dagen». Ho verkar som «den stille musa».

Når eit nakenbilete av Anna kjem på avvege må ho prøve å stable livet saman etterpå:

– Det er viktig å vise fram at det ikkje berre er den typiske baben i klassa som opplever det, men at det kan hende med mange typar jenter, og for så vidt også gutar, seier Hansen.

Ho meiner vi har høyrt for lite om livet etter ei slik hending.

I arbeidet med boka har Hansen lese intervju og høyrt radioreportasjar om ungdommar som har opplevd at deira private bilete vert delte, samt prata med både Konfliktrådet og Mia Landsem. Den 22 år gamle «datadetektiven» vart for alvor kjend då ho spora opp mannen som delte nakenbilete av handballspelar Nora Mørk.

– Det har vore veldig innsiktsfullt å høyre om den desperasjonen som mange opplever når dei går gjennom dette, fortel forfattaren, som understreker at boka ho har skrive ikkje er nokon dokumentar, men ein roman om nokon som kan skje.

4 av 10 har teke nakenbilete av seg sjølv

Ifølgje Medietilsynet sin rapport om Barn og medier frå 2018, har totalt 13 prosent av barn og unge frå 13 til 18 år delt nakenbilete av seg sjølv det siste året.

37 prosent av jentene har følt seg pressa til å sende nakenbilete, og 11 prosent av gutane.

I ei anna undersøking, publisert av UNICEF i fjor, svara 40 prosent av unge i alderen 18 til 20 år at dei har teke nakenbilete av seg sjølv. Brorparten av desse delte bileta med nokon og 35 prosent svara at dei angra i ettertid.

Samstundes syner den nye rapporten Norske barn og ungdommers erfaringer med seksuelle meldinger, omtalt først i Aftenposten, at halvparten av 15-17-åringar har sexta nakenbilete eller anna seksuelt innhald det siste året

– Ein oppvekkar

I desember 2018 vart åtte ungdommar frå Harstad sikta for å ha spreidd vidare 700 nakenbilete og filmar av 34 ulike jenter. Jentene var mellom 13 og 16 år gamle, og dei aller fleste bileta hadde dei teke sjølve, på badet eller soverommet. Bileta vart delte vidare via sosiale medium og mellom vennar.

Sigrid Agnethe Hansen jobbar til dagleg som radioprogramleiar og produsent i NRK Troms, og hadde akkurat teke til å skrive boka si, då saka vart kjend.

– Det var ein oppvekkar for meg, at slike ting også skjer på min heimstad og at det er så systematisk. At ungdommar kan vere så utruleg rå med kvarandre, fortel harstadværingen.

Ho hadde berre skrive kring tjue sider, men fekk den stadfestinga ho trong på at det var behov for at nokon skreiv ei bok som hennar.

– Dette er så aktuelt, og ungdom fortener aktuelle bøker om deira kvardag.

– Utenkjeleg

Ungdomsåra er no mykje meir påkopla, enn det dei var då Sigrid Agnethe Hansen sjølv var tenåring:

– Sjølv om eg er 30 år, så er det ikkje så lenge sidan eg var ung, men at slike ting skulle skje då var ganske utenkjeleg, i alle fall for meg. Vi hadde så vidt byrja å vere på Internett.

Ho trur likevel at hadde sosiale medium vore ein like stor del av kvardagen hennar då, så hadde ho vorte teken med i dragsuget av Instagram-profilar, Snapchat-kontoar og eit liv levd på nett i tillegg til det ein lever til vanleg.

– Eg hadde nok berre levd gjennom appar og forskjellige nettstadar, seier ho og understreker at ein heller ikkje skal svartmåle sosiale medium.

No håpar ho ungdom som vert utsette for at deira private bilete vert delte kan lese boka, og tenkjer at dei ikkje er åleine:

– Eg håpar at dei skjønar at det finst hjelp å få, og at ting aldri vert betre av å halda det inne i seg.

Regissør og manusforfattar Erika Calmeyer, som fekk ideen til «Nudes» etter å  ha jobba for NRK med ei sak om deling av nakenbilete, fryktar peikefingrar gjer det vanskelegare for dei som vert utsett å søka hjelp. Ho får støtte av skodespelar Tord Kinge. Foto: Andrea Rygg Nøttveit