Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 09.05.2021 18:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg les alt mogleg, og forsøker å halde meg oppdatert på eldre og nyare litteratur. Eg prøver å lese minst ein klassikar i månaden, og gjerne forskjellige sjangrar. Men eg les nok mest realistiske bøker eg kan kjenne meg att i, og gjerne i same stil som eg forsøker å skrive i sjølv.

Norsklærar Ann Helen Kolås Ingebrigtsen (39) les mellom 100 og 150 bøker i året, men i 2020 er det hennar tur til å bli lesen.

Ho er nemleg aktuell med ungdomsromanen Sinne, som handlar om 15 år gamle Synne som har ADHD-diagnose og eit boblande sinne.

Framtida.no sin bokmeldar Elise Solvåg, kalla Sinne ein kraftfull debutroman og åtvara lesarane: «…førebu deg på å grine litt.»

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

Nyaste boka til Patti Smith, som eg prøver å spare så lenge som mogleg. Men du ser ikke syk ut av Ragnhild Holmås, Hvordan bli (en skandinavisk) feminist av Marta Breen og Mjøsa rundt med mor av Bjørn Hatterud.

Desse bøkene fekk Ann Helen Kolås Ingebrigtsen til å grine, le, verte sint og tenkje.

Kor les du?

Eg les overalt. Lydbok når eg går i fjellet, Kindle på ferie, bookbites når eg er på farta og fysisk bok heime ved kjøkkenbordet.

Kva bøker vart lesen til deg som liten?

Eg las mest sjølv. Lånte ein stabel bøker frå biblioteket, og sat inne på rommet mitt til alt var lese. Mi absolutte favorittbok var Den unge Eleanor Roosevelt, som eg las så mange gongar at den gjekk sund.

Historia om unge Eleanor Roosevelt (1884-1962) gjorde inntrykk på Ann Helen Kolås Ingebrigtsen. Her er den no avdøde førstedama i USA fotografert som barn og 14-åring. Foto: U.S. National Archives and Records Administration

Morfaren brukte å lese for meg og broren min da vi overnatta hos han. Han kjøpte ei eventyrbok av Brødrene Grimm, og trudde det var ei koseleg eventyrbok. Han var nok ikkje førebudd på dei makabre historiene. Eg og bror min syntest sjølvsagt det var kjempespennande.

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

Jeg savner deg, jeg saver deg av Peter Pohl. Det handlar om ei jente som mistar tvillingsystera si. Eg var heime frå skulen i tre dagar etter å ha lese boka, låste meg inne på rommet mitt og gret. Eg har framleis ei notatbok som eg skreiv ned fleire sitat frå boka. Elles las eg mykje lyrikk. Engelke Revold var favoritten.

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

Kjærlighetens historie av Nicole Krauss.

Kva meiner du gjer ei bok god?

Det kan vere forskjellige grunnar, men den må treffe noko i meg. Gi meg ei kjensle og lyst til å lese vidare.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

Eg kjem ikkje på nokon eg kjenner meg heilt igjen i, men likar å tru at eg har litt av alle i meg.

Ann Helen Kolås Ingebrigtsen trur at Gunnhild Øyehaug (til høgre) kunne vore nyttig i middagspraten med Amalie Skram (1846-1905). Foto: Helge Skodvin, Kolon Forlag og ukjent

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

Amalie Skram. Men eg er så dårleg på small talk at eg treng ein ekstra person som kan halde samtalen i gong, og tenker Gunnhild Øyehaug sikkert har nokre gode spørsmål på lur.

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Stephen King. Han har skrive så mange bøker at eg er sikra nok lesestoff.

Boka di vert film – kven spelar hovudrolla?

Eg trur det må gå til ei ukjent jente, som viser seg å vere skapt til rolla.

Bli med inn i bokhylla til Maria Navarro Skaranger, som er flau over at Twilight gjorde inntrykk i ungdommen

Allereie som 20-åring romandebuterte Maria Navarro Skaranger. No får ho Bjørnsonstipendet som går til eit lovande forfattarskap. Foto: Pernille Marie Walvik

Ann Helen Kolås Ingebrigtsen

  • Alder: 39 år
  • Frå: Valderøya (rett utanfor Ålesund)
  • Utdanning: Master i nynorsk skriftkultur (snart)
  • Yrke: Norsklærar ved ein vidaregåande skule
  • Tal på bøker i året: Les mellom 100-150 bøker i året