Magnus Rotevatn
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Halvparten av 15-17-tenåringene i Noreg deler nakenbilete eller anna seksuelt innhald i løpet av eit år.

37 prosent av jentene og 11 prosent av gutane seier at dei har følt seg pressa til å sende nakenbilete, for dei som opplever å få bilete sitt spreitt vert det ofte veldig dramatisk.

Dette temaet har Sigrid Agnethe Hansen skrive boka om i boka Ser du dette?, som er hennar debutbok.

Ny skule, nye moglegheiter?

Boka begynner med at Anna har flytta til staden der bestemora bur og skal begynne på ein ny skule.

Det er lenge sidan Anna har vore på skulen. Men no kan ho kanskje få ein ven som ikkje er bestemor, men kva om dei i den nye klassen har høyrt ryktet? Å begynne på skulen går greitt, Anna får til og med ein ny venn, Tina.

Sjølv om alt eigentleg går bra klarar ikkje Anna å slå seg til ro, fortida uroar ho enno. Skal ho fortelje Tina kva som hende?

Plottblottaromsalg

For oss som lesarar er det frå starten openbert kva som har hendt, bilete på framsida av boka røper for mykje. Det er synd for det fører til at spenninga i boka vert øydelagd og ein ønskjer ikkje å lese vidare på same måten.

Karakterane i Ser du dette? verkar ikkje ferdig utvikla, dei er flate og tomme skal. Sjølv om me får vite mykje om kva Anna gjer og føler, slit eg med å føle at eg kjenner ho eller tru på at ho er eit ekte menneske. Eg skulle ønskje at det vart brukt meir plass i boka på å verte kjende med karakterane.

Verd å lese, men fort gløymt

Språket er godt og boka er òg kort. Dette er ei bok eg trur eignar seg for dei som ikkje er så vande til å lese. Handlinga er relativ enkel å følgje og beskrivingane er slik at ein lett kan førestille seg det som skjer.

Sjølve forteljinga i Ser du dette? er absolutt god og viktig, men utføringa er halvveges. Boka er verd å lese, men vert nok fort gløymt.

Sigrid Agnethe Hansen var på bokturné med ektemannen Sigbjørn Skåden, som også er forfattar, då ho fekk e-post frå Samlaget om å skrive bok: – Det er ein e-post som folk drøymer om å få. Foto: Fabian Ubeda/Samlaget

Fakta

  • Bok: Ser du dette?
  • Forfattar: Sigrid Agnethe Hansen
  • Forlag: Ser du dette?
  • Utgitt: 2020
  • Sjanger: Ungdom