Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 25.04.2022 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«…her har vi en ung forfatter som med tiden kanskje kan ta over stafettpinnen fra Alexander Kielland, Tore Renberg og Johan Harstad.»

Det skreiv VGs meldar om Molly Øxnevad etter debutromanen En sånn rød amerikansk scooter og trilla 5ar på terningen.

Også NRKs meldar jubla og meinte 23-åringen frå Hundvåg i Stavanger treffer blink på første forsøk.

Me har teke ein kikk i bokhylla til den spanande debutanten.

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

Boka som ligg ved senga mi akkurat no er The Corrections av Jonathan Franzen. Er om lag halvvegs i den no, diggar den.

Desse bøkene fekk Molly Øxnevad til å grine, le, bli sint og tenkje.

Kva bøker les du helst?

Eg driv og leiter etter nye ting å lese heile tida. Det var ein periode der eg eksklusivt las fantasy, så eg driv og tek igjen norsk litteratur for tida.

Har funne ut at eg er veldig glad i å lese noveller.

Kor les du?

Eg les der eg kan. Mykje i senga før jeg skal legge meg. Mykje på buss og tog. Om eg står og ventar på kaffi.

Kva bøker vart lesen til deg som liten?

Pappa las Narnia-bøkene for meg då eg var liten. Ein eller annan stad inni der begynte eg å lese dei sjølv, tok over styringa.

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

Det er to bøker som gjorde inntrykk på meg som tenåring. House of Leaves av Mark Danielewski, det var første boka som ikkje var fantasy som eg likte. Det fekk meg til å utvida horisonten litt.

Og så seinare var det Hvite Niggere av Ambjørnsen, som var den første boka eg las på norsk, med vilje. Å lese den fekk meg til å innsjå at det var gøy å lese ting som ikkje var på engelsk.

House of Leaves opna døra inn til litteratur som ikkje var fantasy og Hvite niggere opna døra for norsk litteratur for Molly Øxnevad.

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

Veit ikkje om eg skulle ønskje at eg hadde skrive ho, men det hadde vore kult å sett på medan House of Leaves blei skrive. Må ha vore eit kaos.

Kva meiner du gjer ei bok god?

Kva som gjer ei god bok? Det er eit utruleg vanskeleg spørsmål. Boka er god om eg vil lese vidare.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

Ein karakter eg kjenner meg mest igjen i, dette er nok eit vanskeleg spørsmål. Trur eg er på leiting etter den karakteren endå.

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

Eg trur jeg ville ha invitert Roald Dahl på middag. Hadde vore interessant å vite korleis han tenkte medan han skreiv.

Forfattar Roald Dahl hadde norske foreldre og levde eit særs interessant liv, som då han opplevde å kræsjlande i Libya under krigen. Foto: British government, Carl Van Vechten

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Om eg bare kunne lese bøker frå ein forfattar heile livet trur eg at eg må velje Terry Pratchett. Det er utruleg mange Discworld-bøker, så då har eg mykje å velje mellom. Og så er dei utruleg morosame.

Boka di vert film – kven spelar hovudrolla?

Om boka mi blir filmatisert vil eg ha eit heilt nytt og ukjent ansikt i hovudrolla.


I bakgrunnen er Joaquin Phoenix i rolla som Arthur Fleck i storfilmen The Joker. I forgrunnen forfattar Mads Rage. Foto: Marie Sjøvold, Samlaget

Molly Øxnevad

Alder: 23 år, fødd 26. juni 1996

Frå: Fødd og oppvaksen på Hundvåg, Stavanger.

Yrke/utdanning: Bortsett frå barne- og ungdomsskule har eg ikkje noko utdanning. Strauk norsken og matten i VG3. Akkurat no er eg så heldig at eg klarar å skrive på fulltid.

Tal på lesne bøker i året: Eg les ein del bøker, mellom 10 og 20 i året tenkjer eg.