Éin av 20 ungdomsskuleelevar har opplevd grov vald frå foreldre

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvar tjuande elev på ungdomsskulen har opplevd alvorleg fysisk vald, som sparking, slag med gjenstand eller å bli banka opp av foreldra, ifølgje ein ny rapport.

Rapporten er skriven av forskarar ved Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS).

Det kjem òg fram at éin av fem har opplevd å bli lugga, klypt, rista eller klapsa med flat hand. Nesten éin av ti har sett søsken bli slått av ein vaksen heime.

Både fysisk og psykisk vald

Over halvparten av ungdommane i alderen 12-16 år som oppgir å ha vore utsette for fysisk vald i oppveksten, seier at dei òg hadde vore utsette for psykisk vald. Dei har mellom anna vorte latterleggjort, audmjuka eller trua av foreldre.

Forskar og prosjektleiar ved NKVTS, Gertrud Sofie Hafstad. Foto: NKVTS

Ungdom som har vore utsette for fysisk vald heime, har over tre gonger større sjanse for å ha opplevd seksuelle krenkingar frå jamaldra, ifølgje forskarane.

– Det å vere utsett for vald er sjeldan isolert til éin spesifikk type vald. Derfor er det viktig å sjå på heilskapsbildet når ein undersøker vald og overgrep blant barn og unge, fortel Gertrud Sofie Hafstad, forskar og prosjektleiar ved NKVTS.

– Får ein vaksen vite at eit barn har vore utsette for éi form for vald, er det viktig å undersøke i kva grad barnet eller ungdommen òg er utsett på anna vis, held ho fram.

Illustrasjonsfoto: Priscilla Du Preez, Unsplash.com