Hjelpelinje for valdsutsette opnar i dag. Gratis, anonymt og døgnope

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 17.10.2019 11:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tysdag 1. oktober lanserte Krisesentersekretariatet i Noreg, Vald- og overgrepslinja. Her kan du ringa inn anonymt og gratis, heile døgnet. Målet er at folk skal få snakka om opplevingane sine, få hjelp og råd og svar på spørsmål.

Nummeret er 116 006 og er for deg som opplever vald eller overgrep i nære relasjonar.

På heimesida til VO-linja kan du lese meir. Her får du også informasjon om kva ein kan gjera som pårørande. 

Hjelp for pårørande eller deg som opplever vald

Dei som jobbar på VO-linja har erfaring frå møte med personar utsett for vald og overgrep, og oppgåva er å lytta og gi den som ringer hjelp. Anten valdsutøvaren er nokon du kjenner, eller ikkje.

Dei kan informera om hjelpetilbod, føreslå alternativ til hjelp som til dømes krisesenter, overgrepsmottak eller senter mot seksuelle overgrep.

– Hjelpelinja er også for deg som jobbar i hjelpeapparatet, eller er familie, ven eller kollega til ein som er valdsutsett, står det på heimesidene deira.

Håpar fleire valdsutsette vil søke hjelp

Dette er Noregs første landsdekkande hjelpelinje for valds- og overgrepsutsette.

Ved hjelp av midlar frå Justis- og beredskapsdepartementet har Krisesentersekretariatet oppretta hjelpelinja, som er ein del av regjeringa sin Handlingsplan mot valdtekt 2019-2022.

– Krisesentersekretariatet har lenge sett at vi treng eit lågterskeltilbod for dei utsette som manglar omgrep på kva dei er utsette for, og som ikkje identifiserer seg med målgruppa for tiltaka som finst, skriv dei i ei pressemelding.

Dei meiner hjelpelinja difor er ei viktig satsing på valdsfeltet i Noreg og vil kunne bidra til at fleire valdsutsette kan søke hjelp og ikkje lenger må stå utrygge og åleine innanfor heimens fire veggar.