LNU-leiaren: – Vaksne kan ikkje velja kven som skal representera ungdommen

I 20 kommunar er det lærarar, rektor eller andre vaksne som vel ungdomsrådet, syner ei undersøking gjennomført av Framtida.no.

Andreas Brattåker Støyva
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I over halvparten av dei 177 kommunane som svara på undersøkinga vert ungdomsråda valt av elevråda i kommunen, men i 20 kommunar er det altså lærarar/rektor/andre vaksne som vel rådsmedlemmane.

Dette er ei auke frå tilsvarande undersøking i 2019, då 16 kommunar svarte at det er vaksne som vel ungdomsråd.

Det meiner LNU-styreleiar Isa Maline Isene er problematisk:

– Vaksne kan ikkje velja kven som skal representera ungdommen. Eit av LNU sine prinsipp for reell og meiningsfull medverknad er at ungdom sjølv må få velja sine eigne representantar.

Ungdomsalibi

LNU-leiar Isa Maline Isene forklarar vidare at det skapar dårleg medverknad når vaksne plukkar seg eit ungdomsalibi.

– Det er ingen andre enn oss unge som kan avgjera kven som representerer oss. Ungdomsråda må verte valde av ungdommen sjølv, dersom kommunane ynskjer å ha eit godt og representativt demokrati.

Isene er klar på at det er avgjerande for demokratiet å gje dei unge inflytelse og moglegheit til å bidra. Foto: Sverre Øygarden Eikill / LNU

Isene fortel at ein ofte får inntrykk av at mange vaksne har ei haldning om at ungdom ikkje er i stand til å skaffa rike perspektiv på spørsmål dei skal ta stilling til, eller at unge ikkje sjølv kan velja gode representantar.

Ho peikar på debatten om stemmerett for 16-åringar, kor haldningar om at ungdom må hindrast i å verta politiserte syner seg.

– At ungdom er politisk engasjerte er positivt for samfunnet, og noko me bør dyrka for å styrka demokratiet vårt.

Lovpålågt med ungdomsråd

Ei endring av kommunelova hausten 2019, stadfesta at alle kommunar og fylke skal ha ungdomsråd, eller andre medverknadsorgan for unge.

Av dei 177 kommunane som svara på i undersøkinga til Framtida.no, er det fem kommunar som framleis ikkje har ungdomsråd. Fire av desse vil starta etableringsarbeidet i løpet av hausten og vinteren.

På same spørsmål i undersøkinga frå 2019, svara 172 av 200 kommunar «ja», fem svara «nei», og 14 svara at dei ville starta arbeidet i løpet av hausten.

Vidare i undersøkinga svarar 148 kommunar at dei hadde etablert ungdomsråd før det vart lovpålagt, medan 29 kommunar ikkje hadde gjort det.

Utvida rolle

Eit spørsmål som var spesielt interessant, var kor mange av kommunane som har gjeve ungdomsråda ei utvida rolle, slik den nye forskrifta i kommunelova opnar for.

Den nye forskrifta opnar for at kommunane kan gje ungdomsråda møte- og talerett i folkevalde organ, og myndigheit til å dela ut pengar.

54 kommunar svarar at ungdomsråda deira har fått både møte- og talerett i folkevalde organ, og myndigheit til å dela ut pengar.

69 kommunar har gjeve ungdomsråda sine møte- og talerett i folkevalde organ, men ikkje myndigheit til å dela ut pengar.

16 kommunar har gjeve ungdomsråda sine myndigheit til å dela ut pengar, men ikkje møte- og talerett i folkevalde organ.

29 kommunar ikkje har gjeve ungdomsråda sine ei utvida rolle i det heile.

Bra for demokratiet

At så mange av ungdomsråda får utvida roller, ser LNU på som positivt:

– Ungdom må anerkjennast som ein fagleg ressurs med naudsynt ekspertise som andre ikkje kan erstatta. Ved å gje unge moglegheit til å medverka i dei politiske prosessane som angår oss, og som me interesserer oss i, vil me få eit betre og meir representativt demokrati.

Isene påpeikar vidare at det er viktig å legga til rette for at unge skal bidra, all den tid mange engasjerte ungdommar ikkje har stemmerett, og dermed ikkje kan påverka samfunnet på den måten.

– Det er difor heilt avgjerande for demokratiet å inkludera unge på like vilkår som vaksne, for å gje oss reell innverknad og ein moglegheit til å bidra i samfunnsutviklinga, seier Isene, og held fram:

– Unge er også kloke, reflekterte og ressurssterke. Samfunnet vert rikare om unge vert høyrde, inkluderte og gjevne moglegheita til å medverka.

Andre nøkkeltal frå undersøkinga

  • 83,6 prosent av kommunane som svara på spørjeundersøkinga hadde alt oppretta ungdomsråd før det vart lovpålagt hausten 2019.
  • Det er administrasjonen i kommunen som er sekretariat for ungdomsrådet i 92,6 prosent av kommunane.
  • 85,1 prosent av kommunane meiner ungdomsråda deira vert involverte i saker såpass tidleg i prosessen at innspela deira har moglegheit til å endra utfallet.

I tillegg kan det nemnast at det er stor forskjell på budsjetta til dei ulike ungdomsråda.

  • 42 kommunar har 10 000 kroner eller mindre i budsjett
  • 42 kommunar har 10 000 – 30 000 kroner i budsjett
  • 26 kommunar har 30 000 – 50 000 kroner i budsjett
  • 18 kommunar har 50 000 – 99 000 kroner i budsjett
  • 21 kommunar har 100 000 kroner eller meir i budsjett

Artikkelen er ein del av ein artikkelserie om korleis demokratiet kan utvidast og utviklast vidare. Har demokratiet nådd toppen av utviklinga si no, eller kan det opnast for endå meir deltaking? Artikkelserien er støtta av Fritt Ord.


Les også kva ungdomspartia meiner om eksamensavvikling for vidaregåande elevar til våren, etter at 54.000 har skrive under på Elevorganisasjonen sitt opprop mot eksamen.

Ola Svenneby og Unge Høgre meiner Elevorganisasjonen og andre ungdomsparti brukar pandemien: – Eksamen er ei viktig førebuing. Foto: Unge Høyres Landsforbund / NTB