Ungdommens bystyremøte løftar psykisk helse, ruspolitikk og unge i jobb
Betre kollektivtilbod og betre handtering av rasisme i skulen er andre saker osloungdommen vil at politikarane skal prioritere.
– Det har vore fleire viktige saker, men eg synest rasisme i skulen er ganske viktig, og var fint å få debattert, seier Vilja Moe Maurstad (15).
– Det er noko vi må fokusere enda meir på å slå ned på. Det er veldig viktig at det er nulltoleranse for det, og at det er noko alle veit, skyt Karla Benedicte Pahle (15) inn.
Maurstad er med i elevrådet på Midtstuen skole, medan Pahle er leiar av elevrådet ved Marienlyst skole. Saman med Emilie Katrine Gulseth-Lindberg (15), som òg sit i elevrådet ved Marienlyst skole, ventar dei spent på resultatet av siste votering under Ungdommens bystyremøte (UBM).
Gulseth-Lindberg håper saka om psykisk helse hos barn og unge på skulen går igjennom.
– Å skaffe meir hjelp til dei som har det vanskeleg på skulen, med helsesjukepleiar og sånn, meiner ho er viktig.

Emilie Katrine Gulseth-Lindberg, Karla Benedicte Pahle og Vilja Moe Maurstad representerer elevråd ved skulane sine. Foto: Birgitte Vågnes Bakken
Lærer mykje av kvarandre
Elevrådsleiar Pahle er med på UBM for andre gong.
– Eg synest det er veldig gøy å få vere med å påverke saker som angår litt meir enn skulen, på eit litt større nivå.
Etter to dagar med workshops, innlegg og avstemming, skal ungdommar frå heile Oslo kome fram til fem saker dei vil byrådet skal prioritere det komande året.
– Ein lærer veldig mykje av å vere her saman med folk frå heile byen og i ulike aldrar, seier Maurstad.
Når Framtida.no snakkar med dei tre jentene, har ein fullsett bystyresal med ungdommar nettopp sendt inn stemmene sine.
Pahle synest voteringa har vore det mest spanande.
– Då er ein litt meir aktiv, og det er litt enklare å halde fokus.

Ungdommane måtte halde tunga beint i munnen under dei mange voteringane. Foto: Birgitte Vågnes Bakken
Krevjande prosess
Første dag av UBM gjekk ungdommane igjennom ulike saker og tema, og kom fram til ti prioriterte saker.
Dag to av har gått til å redusere desse til fem saker som bystyret skal jobbe med det neste året.
Ungdommens bystyremøte (UBM)
Ungdom frå heile Oslo samlast på Rådhuset for å stemme fram saker som er viktige for unge i byen.
Deltakarane representerer ungdomsråd, elevråd, fritidsklubbar og barne- og ungdomsorganisasjonar.
Dei fem sakene som får flest stemmer blir sende direkte til politikarane i bystyret, som behandlar dei politisk.
Gjennom året følgjer Sentralt ungdomsråd sakene vidare, og jobbar for å få gjennomslag for sakene.
I 2025 vart UBM arrangert for 31. gong.
Kjelde: UngOrg
– Det er jo ein krevjande prosess med mange voteringar og folk som har lyst å seie sine meiningar, og som representerer ulike bydelar, skular og organisasjonar, seier August Brunner, som er nestleiar i Sentralt ungdomsråd (SUR).
SUR-leiar Orkidee Farzehsaeid fortel at det i år har vore ei endring i måten dei kjem fram til sakene. Tidlegare har deltakarane kunna sendt inn så mange forslag dei vil. Då kunne det kome inn opp mot 200 forslag.
– Men i år, fordi det var eit så stort redaksjonelt arbeid, så har ein sett ei grense på at kvar delegasjon kan sende inn x antal forslag. Og det var det faktisk litt debatt om i bystyresalen på første dag. Nokre meinte at det var å bryte med UBM-tradisjonen. Så det viser at UBM har vore så lenge at det er noko unge faktisk ser fram til å ta del i.
I 2025 vart UBM arrangert for 31. gong.

Orkidee Farzehsaeid, leiaren av Sentralt ungdomsråd, i bystyresalen under voteringane. Foto: Birgitte Vågnes Bakken
Fem saker til bystyret
Dei fem sakene UBM stemte fram, er:
- Betre ordning for psykisk helse i skulen
- At osloungdommen fortener eit betre kollektivtilbod
- På tide med ein tryggare ruspolitikk for alle
- Betre handtering av rasisme i skulen
- Ung i jobb
Alle sakene har fleire underpunkt, med konkrete forslag til bystyret. Les meir i faktaboksen lenger nede i saka.
– Unge i jobb er ei sak som har gått att fleire år, men så er det jo andre tiltak og andre underpunkt. Ved at saka kjem opp igjen, så håper vi at enda fleire underpunkt blir vedtatt, seier Farzehsaeid.

Orkidee Farzehsaeid og August Brunner i Sentralt ungdomsråd organiserte samtalar mellom ungdommane og politikarar frå byrådet. Foto: Birgitte Vågnes Bakken
Leiarduoen i Sentral ungdomsråd går av, og gir stafettpinnen vidare til eit nytt ungdomsråd som blir konstituert i januar.
– Dette er på ein måte grunnarbeidet for neste Sentralt ungdomsråd, seier Brunner om dei fem sakene UBM har landa på.
Prioriterte saker i 2025
Betre ordning for psykisk helse i skulen
UBM meiner at:
- Det bør vere fleire faste helsesjukepleiarar som har eigne vikarar på skulen
- Oslo kommune bør auke løna til Osloskolens helsesjukepleiarar
- Alle skular bør tilby minst éin mannleg og éin kvinneleg helsesjukepleiar
- Helsesjukepleiarar bør vere tilgjengeleg under skulen sine opningstider eller når elevane er på skulen. Helsesjukepleiarane skal vere godt synleg på skulen
- Alle elevar bør få undervising om psykisk helse i skulen med særleg fokus på panikkanfall og ulike diagnosar som ADHD og autisme
- Oslo kommune bør tilby kursing til skulehelsetenesta i samarbeid med organisasjonar for skeive, menneske med funksjonsnedsettingar og andre minoritetar
- Alle elevar bør gjennomføre eit kort, obligatorisk møte med helsesjukepleiaren på starten av året, med oppfølgingssamtalar etter behov. Dette møtet må utformast i samarbeid med ungdom, og evaluerast i etterkant av gjennomføring, for å sikre at elevane slepp å oppleve stigmatiserande hendingar og omsynslause tiltak
- Besøk til helsesjukepleiaren i skuletida bør bli dokumentert som gyldig fråvær
- Helsesjukepleiarar bør kunne gi ut reseptfrie legemiddel til elevar med samtykke frå foreldra på lik linje som skulane har gjort med jodtablettar
- Alle skular bør ha miljøarbeidarar som kan avlaste helsesjukepleiarane på skulane
- Skulane skal kunne tilsette eigne helsesjukepleiarar
- Alle elevar bør få informasjon om korleis ein kan hjelpe pårørande som slit med psykisk helse
- Osloskolens elevar skal kunne besøke helsesøster utan at det tel på prosenten i fråværsgrensa
Osloungdom fortener eit betre kollektivtilbod
UBM meiner at:
- Det bør vere fleire bussavgangar og betre planlagde ruter heile døgnet
- T-bana bør ha nattdrift både i kvardagar og i helger
- Det må vere billegare å velje kollektiv transport
- Arbeid på linjer bør skje på tider som forstyrrar minst mogleg
- Alle transportmiddel bør vere moderne med moglegheit for tilstrekkelege lademoglegheiter og GPS-vising
- Det bør bli gjeve betre opplæring av bussjåførar slik at dei kan ta alternative ruter for å rekke ankomst i tide.
- Oslo kommune må sikre framkome for kollektivtransporten med god brøyting av vegane om vinteren
- Ruter og Oslo kommune bør samarbeide med skular, fritidsaktivitetar og bydelar om rutetabellar som passar nærmiljøet
- Byrådet må gi meir midlar til Ruter slik at dei kan jobbe for å minske risikoen for at tilbodet blir dårlegare
- Når nye bussar blir innkjøpt burde desse fungere på vinterstid
På tide med ein tryggare ruspolitikk
UBM meiner at:
- Oslo kommune bør kartlegge kva slags rusundervising elevar får på forskjellige skular, og tilby lik og betre rusundervising for alle
- Oslo kommune bør innføre førebyggingstiltak som billegare kulturtilbod og fleire trygge og eigna møteplassar for ungdom
- Oslo kommune bør gi rom for at avgjerder om ruspolitikk i større grad bør påverkast av fagfolk og helsevesenet
- Oslo kommune bør utvide tenester som rusmiddelanalysetenesta, og tilby eit auka antal brukarrom i kommunen
- Brukarar som er diagnostisert med psykisk kronisk sjukdom, bør få bruke narkotiske stoff med helsepersonell til stade, for å auke tryggleiken deira
- Oslo kommune bør innføre ei lokal rusreform som fokuserer på å hjelpe alle brukarar, framfor å straffe dei, og la fag- og helsepersonell hjelpe brukarar i staden for politiet
- Rusmisbrukarar ikkje skal sendast ut av Oslo sentrum
Betre handtering av rasisme i skulen
UBM meiner at:
- Det bør vere nulltoleranse for rasisme i Osloskolen
- Det bør innførast betre undervising om rasisme på alle trinn
- Undervisinga bør vere praktisk og innebere utflukter til relevante organisasjonar, trussamfunn og arrangement
- Skulane bør sikre betre rutinar for førebygging og handtering av rasisme
- Elevar bør få betre informasjon om korleis og kor dei kan seie ifrå om rasisme i skulen
- Det bør utarbeidast ei liste over relevante aktørar som kan bidra til god undervising om rasisme
- Lærarar bør få meir etter- og vidareutdanning innan førebygging av og undervising om rasisme
- Det er eit stort behov for eit kompetanseløft også hos vikarane i Osloskolen, og dei bør få betre oppfølging og kursing i forkant og undervegs i undervisingsoppdraga deira
- Det bør innførast ein handlingsplan mot rasisme på alle Oslo-skular som gir elevar og lærarar verktøya som trengst for å handtere rasisme i skulen
- Bruken av minoritetsrettleiarar i skulen skal aukast
- Det må utviklast eit varslingssystem for rasisme i Osloskolen
Unge i jobb
UBM meiner at:
- Oslo kommune bør opprette ei oversiktleg nettside som arbeidsgivarar kan ta i bruk, der det kan leggast ut faste tilsettingar til enkeltoppdrag tiltenkt personar under 18 år
- Oslo kommune bør kartlegge ordningar for at private arbeidsgivarar kan motta økonomisk støtte frå kommunen for å tilsetje fleire personar under 18 år
- Oslo kommune bør samhandle med næringslivet for å tilsetje fleire personar under 18
Kjelde: UngOrg
Utviklar meiningane sine
– Det er ein veldig fin demokratisk prosess, og eg føler at alle saman blir høyrde og at det kjem opp veldig viktige saker som kanskje ikkje har blitt belyst tidlegare, seier Liv Strøm Dannevik (17) til Framtida.no etter at dei frammøtte har jubla over vedtaka.
Det er femte året Dannevik, som er leiar i Nordre Aker ungdomsråd, er med på UBM.
– Det var mange debattar og det var mange ulike meiningar, men også mange like meiningar, som eg synest var veldig fint, fordi ein utviklar meiningane sine veldig mykje betre.

Ei av sakene Liv Strøm Dannevik var med på å legge fram i fjor, vart delvis vedtatt av byrådet. Ho er klar over at politikk tar tid, og ein ikkje alltid ser endringar med det same, men føler seg lytta til. Foto: Birgitte Vågnes Bakken
– Er det nokon av dei fem sakene du har litt ekstra engasjement for?
– Nei, eg trur kanskje ikkje det. Eg var veldig for å bevare Oslo-skulane. Det var kanskje den saka eg brydde meg mest om. Men ei sak i fjor brydde eg meg veldig mykje om, å bevare Oslomarka. Den var eg med på å skrive store delar av.
Når ikkje så godt ut
– Eg her for å representere meiningane til ungdommane i Oslo, og det er rett og slett fordi ungdommars meiningar ikkje når så godt ut i samfunnet.
Arvin Balanji (19) representerer NAYO, Norges aserbajdsjanske ungdomsforening.
Av dei fem sakene som blei vedtatt, brenn han spesielt for betre kollektivtilbod. Klima og berekraft er eitt av hovudfokusa til ungdomsforeininga han er med i.
– Vi ser for oss at eit godt kollektivtilbod og reduksjon i prisen på billettane for særleg vaksne, kan bidra til at fleire vaksne kan velje kollektivtransport når dei skal reise til jobb, for eksempel, i staden for bilen, sånn at det kan redusere klimagassutslepp.

Arvin Balanji (til høgre) var på UBM for første gong. Her er han saman med ein annan medlem av Norges aserbajdsjanske ungdomsforening på talarstolen etter voteringa. Foto: Birgitte Vågnes Bakken
Det er første gongen 19-åringen er med på UBM. Balanji synest opplegget har vore veldig profesjonelt.
– Måten så mange ungdommar er engasjert, ved å blant anna gå på talarstolen og tale framføre så mange, er veldig imponerande. Det viser kor engasjerte ungdommane er i politikken i Oslo.

Etter den siste avstemminga, diskuterte ungdommane dei fem sakene med politikarar frå bystyret over ein pizzabuffé. Foto: Birgitte Vågnes Bakken






