Kritisk til at ungdomsråd blir valde av vaksne
Berre seks prosent av kommunane seier at ungdomsråda blir valt via ungdomsorganisasjonar eller ungdomsparti, ifølgje ei ny undersøking frå Framtida.no.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Om ungdomsrådet skal vera ei stemme for ungdom i kommunen må dei veljast av unge sjølv, elles har ikkje rådet legitimitet blant unge, seier Rode Margrete Hegstad til Framtida.no.
Ho er styreleiar i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU). Hegstad er kritisk til at ikkje fleire kommunar gir ungdomsorganisasjonar høve til å nominera medlemmar til ungdomsråda.
I ei ny undersøking som Framtida.no har gjennomført, svarar 8,4 prosent at det er rektor eller andre vaksne som vel kven som skal sitja i ungdomsrådet. Seks prosent seier medlemmane blir valde av ungdomsparti eller ungdomsorganisasjonar.
200 av landets 422 kommunar har svara på undersøkinga.
– I ungdomsorganisasjonane er det barn og unge sjølv som organiserer seg, vel representantane sine og politikken sin. Det er viktig at samfunnet anerkjenner desse strukturane som representative stemmer for barn og unge, og inkluderer dei i ungdomsråda, seier Hegstad og legg til:
– Det kan gi breiare representasjon og sørga for at unge blir høyrde i fleire viktige saker som gjeld dei.
Krev at kommunane aktivt informerer
LNU-leiaren meiner at kommunane må ta ansvaret for å inkludera ungdomsorganisasjonane i ungdomsråda, og informera dei aktivt om moglegheita til å nominera til ungdomsrådet.
– 14 og 15 år gamle lokallagsleiarar kan ikkje måtta søka seg gjennom nettsida til kommunen for å finna ut at dei har høve til å nominera kandidatar. Det må informerast mykje breiare.
Hegstad meiner kommunane bør ha ei oversikt over kva for organisasjonar som finst og kontakta dei direkte, eller dei kan informera på skulane slik at ungdommane blir klar over retten til å nominera.
– Vil LNU følgja opp dette overfor dei lokale ungdomsorganisasjonane?
– Me følgjer med på implementeringa av dei nye reglane rundt ungdomsråd, og er opptatte av at dei skal ha reell ungdomsmedverknad og ikkje berre vera symbolsk deltaking. Me har ikkje vore i kontakt med våre 10.000 lokallag om dette, men det kan vera aktuelt dersom det viser seg at kommunen ikkje følgjer opp det nye lovverket.
– Må anerkjennast av kommunane
For at ungdomsråda skal kunna vera ei stemme på vegner av unge i kommunen, meiner Rode Margrete Hegstad at det er viktig at dei får nok ressursar og blir anerkjent av både politikarar og administrasjon som høyringsinstans og viktig bidragsytar i kommunen.
– Dei låge tala tyder på at ein del kommunar framleis har ein veg å gå før dei tar ungdom nok på alvor som innbyggarar. Det må vera nok ressursar til å sikra at ungdomsrådet får nok støtte frå administrasjonen til saksarbeid, og at dei kan ha nok møte til å følgja saksgangen i kommunen, understrekar LNU-leiaren, og legg til:
– Vaksne må sjå på perspektivet til ungdom som verdifullt i kommunen og aktivt inkludera ungdomsrådet i utforming av politikk for unge.