Desse kommunane er best på å prioritera barn og unge

Små kommunar med store driftsbudsjett leverer best i Kommuneanalysen, utført av UNICEF.

Andreas Brattåker Støyva
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvart år rangerer UNICEF landets kommunar etter kor høgt dei prioriterer barn og unge i budsjettet, og årets analyse tyder på at det er best å veksa opp i ein liten kommune med stort budsjett.

Generalsekretær i UNICEF Norge, Camilla Viken.
Foto: Carl J Asquini /UNICEF Norge

– Kommunane skal fungera som eit sikkerheitsnett når noko eller nokon rundt barnet sviktar. Dei skal legga grunnlaget for utdanning og deltaking i arbeidslivet og dei skal fremja helsa og ivareta sjukdom. Geografiske ulikskapar kan få varige konsekvensar for kvart enkelt barn, seier Camilla Viken, generalsekretær i UNICEF Norge, i ei pressemelding.

I kommunanalysen tek UNICEF føre seg fem ulike sektorar, og ser kor mykje pengar kvar sektor vert via. Kommunane vert tildelte poeng i dei ulike sektorane, basert på tilboda og tenestene dei leverer.

UNICEF påpeiker at analysen ikkje ser på årsak og verknad, men har som mål å skape debatt om korleis barn og unge vert prioriterte på kommunenivå. Korleis er det å vekse opp i ulike delar av landet?

Store forskjellar

Nøkkeltala for kommunane sine budsjettprioriteringar syner at kvar kommune i snitt brukar 32 prosent av det totale kommunebudsjettet, noko som tilsvarar eit gjennomsnittsbeløp på 133 500 kr per barn.

Kommunen som brukar størst andel av budsjettet på barn og unge, er Bykle kommune, med heile 47 prosent. På botn er Sandnes kommune, som set av 18 prosent av det totale budsjettet.

Når det gjeld analysen av kulturtilboda, kan ein sjå at Røyken kommune til dømes bruker 8 kr på aktivitetstilbod per barn, medan Tromsø kommune brukar 2694 kr per barn.

I Skedsmo kommune brukast det 177 kr på idrett per barn, medan det i Kongsberg kommune brukast heile 8460 kr.

Tromsø og Kongsberg ligg midt på treet totalt i rangeringa, medan Skedsmo og Røyken ligg nær botn.

Dette er dei fem sektorane som vert granska: 

Skjermbilete: Kommuneanalysen 2020/UNICEF.

Datagrunnlaget er tal frå 2019 som kommunane sjølv har rapportert inn til SSB, skriv UNICEF Norge om undersøkinga.

Små kommunar på topp

Det er ingen store kommunar i årets toppsjikt: Heile åtte av dei ti kommunane på topp, har under 5 000 innbyggarar.

Topp 10 (gamle fylkesnamn):

  1. Fyresdal (Telemark)
  2. Nore og Uvdal (Buskerud)
  3. Vinje (Telemark)
  4. Tinn (Telemark)
  5. Hemnes (Nordland)
  6. Ål (Buskerud)
  7. Hammerfest (Finnmark)
  8. Hitra (Trøndelag)
  9. Karlsøy (Troms)
  10. Nissedal (Telemark)

Dei ti kommunane på topp har ein gjennomsnittspoengsum over dei fem sektorane på 3,71, mot eit landsgjennomsnitt på 2,59. Sektorane der dei gjer det aller best, er barnevern og kulturtilbod.

Topp 10-kommunane brukar i snitt 160 622 kr per barn, 27 077 kr meir enn landsgjennomsnittet.

Den gjennomsnittlege delen for budsjetterte middel per barn er likevel lågare enn landsgjennomsnittet, noko som analysen påpeikar kan indikere at topp 10-kommunane også har eit større driftsbudsjett enn landsgjennomsnittet.

Ti på botn – ingen kommunar nord for Møre og Romsdal

Dei ti kommunane som kjem dårlegast ut av analysen, gjer det gjennomgåande dårlegare på alle dei fem sektorane som har vorte granska.

Dei har alle budsjettert med å bruka mindre enn landsgjennomsnittet per barn.

Ti på botn (gamle fylkesnamn):

  1. Giske (Møre og Romsdal)
  2. Sokndal (Rogaland)
  3. Osterøy (Hordaland)
  4. Røyken (Buskerud)
  5. Hobøl (Østfold)
  6. Vaksdal (Hordaland)
  7. Selje (Sogn og Fjordane)
  8. Os (Hordaland)
  9. Ullensaker (Akershus)
  10. Spydeberg (Østfold)

Gjennomsnittspoengsummen til dei ti kommunane på botn er 1,65, mot landsgjennomsnittet på 2,59.

Som det vert påpeika i analysen – kommunar som sankar få poeng, leverer ikkje nødvendigvis utilstrekkelege tilbod og tenester. Det tyder berre at nivået på tilboda og tenestene er lågare samanlikna med nivået i andre kommunar.

Sjølv om kommunane på botn-lista brukar mindre pengar per barn enn landsgjennomsnittet, er andelen av det totale budsjettet brukt på barn høgare enn landsgjennomsnittet.

«Dette kan indikera at kommunane manglar middel sett opp mot kva kommunane ynskjer å prioritera på barn og unge», heiter det i analysen.

Råkar familar med låg inntekt hardast

UNICEF fryktar at barn i familiar med låg inntekt vert taparane når tenester for barn og unge vert nedprioriterte i ein del kommunar.

Generalsekretær Camilla Viken påpeiker at desse barna er meir sårbare når tilgangen til fellesarenaer som barnehage, skule og fritidstilbod er dårleg eller avgrensa. Ho nemner også at dette har blitt forverra av pandemien.

– Dei store forskjellane i både type tenester for barn og unge og kvaliteten på dei, bryt med barnerettane. Ingen barn og foreldre skal måtte godta at det er stå store forskjellar, seier Viken i pressemeldinga.

Årets kommuneanalyse er den sjette i rekka, levert av UNICEF.

Sørli leikeplass på Tøyen er ein av stadane som har fått seg eit løft, etter innspel frå innbyggarane.
Foto: Oslo kommune